<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Trainee Forskningsrådgivning Bergen Næringsråd - Trainee Vest

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Universitetet i Bergen er Vestlandets viktigaste kunnskapsinstitusjon. Vi er eit internasjonalt retta forskingsintensivt breiddeuniversitet. Universitetet driv forsking, kunstnarleg utviklingsarbeid og undervisning innan eit stort spekter av fagområdet. UiB har 7 fakultet og 40 institutt. Det er 4 215 årsverk ved UiB, der 53 prosent er kvinner og 47 prosent menn. Hausten 2021 var det 19 641 studentar ved Universitetet i Bergen. 

Kunnskap som formar samfunnet gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida? Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w

 

Trainee - Seniorkonsulent ved Det humanistiske fakultet (forskningsrådgjeving)

Ønskjer du ei spanande og utfordrande stilling ved Universitetet i Bergen? Er du motivert for ein karriere ved eit ambisiøst fakultet? Vil du vere med og bidra til å gjennomføre strategiske mål innan forsking og formidling ved Det humanistiske fakultet?

Det humanistiske fakultet (HF) har ein stor og spanande fagportefølje og mange flinke forskingsmiljø og forskarar. Vi søkjer etter ein dyktig og motivert trainee som kan bidra til å vidareutvikle fakultetet. Nyutdanna søkarar med inntil tre års arbeidserfaring kan søke. Som trainee hos oss vil du få arbeide med varierte oppgåver og bli ønska velkommen av erfarne medarbeidarar. Du vil få mykje kontakt med tilsette og kollegaer på tvers av organisasjonen, og arbeidet krev god dialog og formidlingsevne. Fakultetet har fire institutt, som er grunneiningane for forsking, undervising og formidling, og har også administrativt ansvar for to tverrfakultære senter. Fakultetet har om lag 3300 studentar og 460 fast tilsette.

Du vil få sjansen til å jobbe praktisk innan ulike arbeidsfelt innanfor forskings- og formidlingstøtte. Stillinga er knytt til Seksjon forsking og formidling ved fakultetssekretariatet og vil jobbe tett med fakultetsleiinga på tvers av administrative fagfelt.

Herfinn du meir informasjon om forsking ved Det humanistiske fakultet.

Arbeidsoppgåver

  • Rådgjeving og administrativ støtte til eksternfinansierte forskings- og infrastrukturprosjekt
  • Koordinering og støtte knytt til søknadsregistrering, kontraktarbeid, prosjektgjennomføring og -rapportering
  • Kartlegging og informasjon om relevante mogelegheiter for finansiering nasjonalt og internasjonalt
  • Delta i relevante forskingsadministrative nettverk
  • Informasjons- og kommunikasjonsarbeid, inkludert forbetringsarbeid med nettsider
  • Rådgjeving, saksførebuing og sekretærfunksjon for Forskings- og forskerutdanningsutvalet ved fakultetet

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett oppdaterer seg fagleg og bidreg til utviklinga av feltet. Den som blir tilsett må rekne med endringar i oppgåver og nye arbeidsfelt. Alle i administrasjonen må vere førebudde på å ta del i førefallande oppgåver.

 

Vi kan tilby

  • Løn tilsvarande lønssteg 57 - 62 (kode 1363). For tida utgjer det kr. 525.700,- til 573.500,- per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.
  • Eit sosialt, fagleg og utviklande arbeidsmiljø
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Fleksitid og gode velferdsordningar. Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby:kva kan universitetet tilby sine medarbeidarar? | HR-avdelinga | UiB

 

I tillegg får du som trainee

  • Gratis medlemskap i Bergen Næringsråd
  • Gratis medlemskap i Bergen Unge Profesjonelle (Bergen UP)
  • Plass i traineeprogrammet til Bergen Næringsråd (Trainee Vest)

 

Vi søkjer etter deg som

  • er ansvarleg og løysingsorientert
  • samarbeider og kommuniserer godt
  • arbeider nøyaktig, systematisk, analytisk og har god gjennomføringsevne
  • er sjølvstendig, serviceinnstilt og initiativrik
  • taklar høgt arbeidstempo med krevjande arbeidsoppgåver og tidsfristar
  • er raus og inkluderande og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø

Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane.


Vi ønskjer at du har

  • Relevant utdanning på mastergradsnivå med oppnådd mastergrad innan oppstart i stilling
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse inkludert god kunnskap om Microsoft Office-programvare
  • Relevant erfaring knytt til fleire av ovannemnde arbeidsoppgåvene er ein føremon


Generell informasjon

Du kan få utfyllande opplysningar om stillinga ved å ta kontakt med seksjonssjef Kirsten Moen på telefon 55 58 80 85, eller ved e-post kirsten.moen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Registrer din søknad med vitnemål/karakterutskrift og CV innen 30. januar. Send inn søknad her

Ved spørsmål om Trainee Vest vennligst ta kontakt per epostNO.jeffersonwells.traineevest@jeffersonwells.no

 

Om arbeidsgiveren

Vi løfter og inspirerer!
Bergen Næringsråd er den største medlemsorganisasjonen for næringslivet i Bergensregionen med over 3000 medlemmer, som til sammen representerer mer enn 100.000 arbeidstakere.

Vi skal bidra til å sikre gode vekstvilkår for næringslivet gjennom langsiktig og sterk lokal, regional og nasjonal gjennomslagskraft.
Vi fungerer som brobygger mellom bedrifter, politikk/forvaltning og forskning
Vi skal fremme våre medlemmers interesser gjennom synliggjøring, påvirkning og nettverksbygging.

 

Hvordan gjør vi dette?
Bergensregionen utgjør et sterkt og mangfoldig næringsliv med sterke bransjer og verdensledende miljøer. Bergen Næringsråd skal vise frem mangfoldet og styrken i regionens næringsliv. Vi synliggjør næringslivet, næringslivets viktigste saker, og våre medlemmer gjennom aktiv bruk av sosiale medier, bransjespesifikke særtrykk, kronikker og dagsaktuelle saker i media.

Bergen Næringsråd har regionens største møtearena for næringsliv i kontakt med politikk, forvaltning, forskning og høyere utdanning. Her settes dagsaktuelle tema på dagsorden og til debatt.

Bergen Næringsråd er et unikt nettverk mellom ulike næringsaktører og mellom næringslivet og omverdenen.

Bergen Næringsråd setter dagsorden i aktuelle næringspolitiske saker, gjennom media og i kontakt med politiske miljø.

Les mer om Bergen Næringsråd - Trainee Vest

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 72%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 72%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Open to new opportinities, ready for relocation
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Flere muligheter
8 ledige stillinger
Traineeprogram




   
   
   
   

Se flere annonser

Techair AS er et scale-up selskap som holder til i Bergen. Selskapet har utviklet og opererer fjernstyrte løsninger for montasje
27.03.2023 Bergen
Aleris har vi som mål å bidra til en bedre helsetjeneste. For den enkelte pasient og for samfunnet. Vi er
27.02.2023 Oslo
Vil du være med å bygge Norges største private helseforetak?
02.03.2023 Drammen
Complér Accounting er et frittstående regnskaps-, økonomi- og rådgivningsselskap med base i Bergen. Selskapet ble etablert i 2008.Vi har en
17.03.2023 Bergen
I AF Gruppen har rollen som HMS-leder spilt en svært viktig rolle i utviklingen av HMS-området siden tidlig 90-tallet. Våre
15.03.2023 Oslo
Vitenparken søker flere nye ansatte som kan forsterke vår stab av Vitenverter (deltidsansatte/tilkalling). Vitenparkens Vitenverter bidrar i å gjøre Vitenparken til en sprudlende og leken
14.03.2023 Ås
Bergen kommune er Vestlandets største arbeidsgiver, og våre ansatte skal bidra til å realisere Byrådets visjon om at Bergen skal
14.03.2023 Bergen
Bergen kommune er Vestlandets største arbeidsgiver, og våre ansatte skal bidra til å realisere Byrådets visjon om at Bergen skal
14.03.2023 Bergen
Vis alle 40.105 ledige stillinger

Bli kjent med oss