<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Trainee Prosjektøkonom Bergen Næringsråd - Trainee Vest

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Universitetet i Bergen er Vestlandets viktigaste kunnskapsinstitusjon. Vi er eit internasjonalt retta forskingsintensivt breiddeuniversitet. Universitetet driv forsking, kunstnarleg utviklingsarbeid og undervisning innan eit stort spekter av fagområdet. UiB har 7 fakultet og 40 institutt. Det er 4 215 årsverk ved UiB, der 53 prosent er kvinner og 47 prosent menn. Hausten 2021 var det 19 641 studentar ved Universitetet i Bergen. 

Kunnskap som formar samfunnet gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida? Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w

 

Trainee - Prosjektøkonom – seniorkonsulent ved Det humanistiske fakultet

Ønskjer du ei spanande og utfordrande økonomistilling ved Universitet i Bergen? Er du motivert for ei karriere ved eit ambisiøst fakultet? Vil du hjelpe flinke forskarar å styre økonomien i prosjekta deira? 

Velkomen som søkjar til ei stilling som trainee (seniorkonsulent) innan prosjektøkonomi ved Det humanistiske fakultet. Vi treng ein dyktig og motivert trainee så snart som mogeleg. Fakultetet ønskjer å auke aktiviteten dei neste åra gjennom vekst i eksternfinansierte prosjekt. Prosjekta er stort sett innan forsking, men er òg knytt til vidareutdanning m.m.. Dei største finansieringskjeldene er Noregs Forskingsråd, EU-kommisjonen og offentlege organ. 

Som trainee hos oss vil du arbeide med varierte oppgåver og erfarne medarbeidarar ønskjer deg velkomen.  

Du vil få sjansen til å jobbe innan ulike arbeidsfelt innan økonomi, som innkjøp og controlleroppgåver, men med mest vekt på prosjektøkonomi. 
Fakultetet har fire institutt og to sentre. Prosjektøkonomen vert ein del av Økonomiseksjonen som  har ti tilsette og er ein del av fakultetsadministrasjonen.  

Arbeidsoppgåver

Prosjektøkonomen følgjer sine prosjekt frå A til Å, frå søknadsarbeid til oppstart, oppfølging og avslutning. I alle desse fasane er det svært viktig å forstå og forklare verknaden prosjekta har på grunnløyvinga og totaløkonomien, og å ha eit overordna blikk på porteføljen i samband med budsjettering og rapportering.

Eksempel på arbeidsoppgåver: 

  • Støtte prosjektleiar i søknadsfasen ved å gi råd og lage prosjektbudsjett til diverse søknadsportalar. Berekne framtidige effektar på totaløkonomien og formidle dette til institutt- og fakultetsleiing.  
  • Opprette og avslutte prosjekt i gjeldande prosjektmodul. Budsjettere og formidle økonomiske konsekvensar for andre delar av økonomien. 
  • Følge opp prosjekta i heile levetida og halde dei à jour: jamleg oppfølging mot kontrakt og budsjett, bokføre fakturaer og enkelte typar lønskostnader, fakturering, dialog og rapportering til prosjektleiar, finansieringskjelde og institutt/fakultet.
  • Opparbeide særskilt kompetanse om enkelte prosjekttypar og einingar ved fakultetet. 
  • Utvikle og forbetre modellar, prosessar og rutinar 
  • Bidra til andre driftsoppgåver som seksjonen har ansvar for  

 

Vi kan tilby

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, utfordrande arbeidsoppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving 
  • Løn tilsvarande lønssteg 57 - 62 (kode 1363). For tida utgjer det kr. 525.700,- til 573.500,- per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn. 
  • Ei stor kontaktflate i organisasjonen 
  • Erfarne kollegaer som deler kunnskap 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Stilling i ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Fleksitid og gode velferdsordningar. Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby:Hva kan universitetet tilby sine medarbeidere? | HR-avdelingen | UiB

 


I tillegg får du som trainee

  • Gratis medlemskap i Bergen Næringsråd
  • Gratis medlemskap i Bergen Unge Profesjonelle (Bergen UP)
  • Plass i traineeprogrammet til Bergen Næringsråd (Trainee Vest) 

 


Vi søkjer etter deg som

  • har god forståing for tal og økonomi
  • er ansvarleg og løysingsorientert 
  • samarbeider og kommuniserer godt 
  • arbeider nøyaktig, systematisk, analytisk og har god gjennomføringsevne 
  • er sjølvstendig, serviceinnstilt og initiativrik 
  • taklar høgt arbeidstempo med krevjande arbeidsoppgåver og tidsfristar 
  • er raus og inkluderande og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø 

Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane. 

Vi ønskjer at du har

  • Mastergrad i økonomiske fag, med oppnådd mastergrad innan oppstart i stilling 
  • Relevant praksis er ein føremon, men ikkje naudsynt 
  • Brei røynsle i bruk av Excel og god digital kompetanse 
  • Evne til å forstå kontraktar og utlysingar for forskingsprosjekt på norsk og engelsk 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk 

 

Generell informasjon

Nærare informasjon om stillinga får du frå seksjonsleiar Annhild Fetveit, telefon 55 58 93 86 eller e-post: annhild.fetveit@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.  

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. 

Ta gjerne en titt på www.uib.no

Registrer din søknad med vitnemål/karakterutskrift og CVinnen 30. januar. Send inn søknad her

Ved spørsmål om Trainee Vest vennligst ta kontakt per epost NO.jeffersonwells.traineevest@jeffersonwells.no

 

Om arbeidsgiveren

Vi løfter og inspirerer!
Bergen Næringsråd er den største medlemsorganisasjonen for næringslivet i Bergensregionen med over 3000 medlemmer, som til sammen representerer mer enn 100.000 arbeidstakere.

Vi skal bidra til å sikre gode vekstvilkår for næringslivet gjennom langsiktig og sterk lokal, regional og nasjonal gjennomslagskraft.
Vi fungerer som brobygger mellom bedrifter, politikk/forvaltning og forskning
Vi skal fremme våre medlemmers interesser gjennom synliggjøring, påvirkning og nettverksbygging.

 

Hvordan gjør vi dette?
Bergensregionen utgjør et sterkt og mangfoldig næringsliv med sterke bransjer og verdensledende miljøer. Bergen Næringsråd skal vise frem mangfoldet og styrken i regionens næringsliv. Vi synliggjør næringslivet, næringslivets viktigste saker, og våre medlemmer gjennom aktiv bruk av sosiale medier, bransjespesifikke særtrykk, kronikker og dagsaktuelle saker i media.

Bergen Næringsråd har regionens største møtearena for næringsliv i kontakt med politikk, forvaltning, forskning og høyere utdanning. Her settes dagsaktuelle tema på dagsorden og til debatt.

Bergen Næringsråd er et unikt nettverk mellom ulike næringsaktører og mellom næringslivet og omverdenen.

Bergen Næringsråd setter dagsorden i aktuelle næringspolitiske saker, gjennom media og i kontakt med politiske miljø.

Les mer om Bergen Næringsråd - Trainee Vest

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 100%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Flere muligheter
8 ledige stillinger
Traineeprogram




   
   
   
   

Se flere annonser

Techair AS er et scale-up selskap som holder til i Bergen. Selskapet har utviklet og opererer fjernstyrte løsninger for montasje
27.03.2023 Bergen
Aleris har vi som mål å bidra til en bedre helsetjeneste. For den enkelte pasient og for samfunnet. Vi er
27.02.2023 Oslo
Vil du være med å bygge Norges største private helseforetak?
02.03.2023 Drammen
Complér Accounting er et frittstående regnskaps-, økonomi- og rådgivningsselskap med base i Bergen. Selskapet ble etablert i 2008.Vi har en
17.03.2023 Bergen
I AF Gruppen har rollen som HMS-leder spilt en svært viktig rolle i utviklingen av HMS-området siden tidlig 90-tallet. Våre
15.03.2023 Oslo
Vitenparken søker flere nye ansatte som kan forsterke vår stab av Vitenverter (deltidsansatte/tilkalling). Vitenparkens Vitenverter bidrar i å gjøre Vitenparken til en sprudlende og leken
14.03.2023 Ås
Bergen kommune er Vestlandets største arbeidsgiver, og våre ansatte skal bidra til å realisere Byrådets visjon om at Bergen skal
14.03.2023 Bergen
Bergen kommune er Vestlandets største arbeidsgiver, og våre ansatte skal bidra til å realisere Byrådets visjon om at Bergen skal
14.03.2023 Bergen
Vis alle 40.105 ledige stillinger

Bli kjent med oss