<  
>  
Stillingsannonse

Trainee Klima og miljø Bergen Næringsråd - Trainee Vest

Søknadsfrist : 09.02.2023
Send soknad!

Stillingsbeskrivelse

Avdeling for infrastruktur og veg (INV) skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn, og sterke by- og senterområde.

Vi skal sikre ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa.

Vi skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

INV jobbar for framkome og trafikktryggleik for alle trafikantar på våre fylkesvegar. 

Les meir om oss her: Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune

 

Arbeidsoppgåver

Vi søker ein motivert, sjølvstendig og fleksibel kollega til å med interesse for klima- og miljøarbeid i vegbygging og drift og vedlikehald av fylkesvegnettet. 

Som trainee vil du få bidra i prosjektprosessar innanfor utgreiing, planlegging og prosjektering, og bygging av fysiske tiltak.

Nokre av arbeidsoppgåvene dine

  • Bidra i klimaarbeidet på avdelinga; deltaking på prosjekt angåande klimagasskutt og klimatilpassing.
  • Bidra i arbeidet med utarbeiding av klimabudsjett og -rekneskap
  • Støtte prosjekt innan miljøfag som forureining, uønska arter, støy, luftkvalitet, vassforvaltning i ulike delar av prosjektet; planfase, prosjektering, bygging, drift og vedlikehald

Vil du vite meir om stilling er du velkommen til å ta kontakt med seksjonsleiar John Martin Jacobsen; telefon 97142274. Vil du heller snakke med ein kollega er du velkommen til å kontakte Rannveig Dahlsrud; telefon 99610439, eller Jorunn-Elisabeth Stavø; telefon 91158773.

 

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein trainee med mastergrad innan relevante fag, og som har interesse for klima og miljø.
  • Sidan dette er ei trainee-stilling kan du maksimalt ha tre års arbeidserfaring etter avslutta utdanning.
  • Det er viktig at du er ein god formidlar, både munnleg og skriftleg, og kan bruke digitale flater.

 

Personlege eigenskapar

  • Du trivs med samarbeid då stillinga inneber mykje kontakt med kollegaer.
  • Stillinga krev samfunnsinteresse, sterke analytiske evner og god prosessuell forståing.
  • Vi ønsker oss ein kollega med høge etiske standardar og som er motivert for å spele kollegaer på avdelinga gode.
  • Vi ønsker at du er initiativrik, har pågangsmot og gjennomføringskraft. 

 

Vi tilbyr

Vi kan love deg varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for fagleg påverknad og utvikling i et sterkt tverrfagleg miljø.

  • På avdelinga er vi opptekne å bistå kvarandre i det faglege. Du får eigen mentor.
  • Vi har engasjerte medarbeidarar som trivst saman på jobb, og opplever arbeidskvardagen som meiningsfull. Sjukefråværet på avdelinga er lågt.
  • Vi har fleksibel arbeidstid og arbeidsvilkår, pensjon og forsikringar i samsvar med kommunal tariff.
  • Fylkeskommunen er ei IA-verksemd og arbeida aktivt for å skape eit inkluderande arbeidsmiljø.
  • Løn etter avtale.

 

Som deltakar i Trainee Vest sitt utviklingsprogram får du bant anna 

  • Utviklingsprogram gjennom Trainee Vest - Les meir om trainee-programmet her: Bli trainee
  • Gratis medlemskap i Bergen Næringsråd og i Bergen Unge Profesjonelle (Bergen UP).

 

Anna informasjon

  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
  • Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Om du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort. 

 

SEND INN SØKNAD HER

Om arbeidsgiveren

Vi løfter og inspirerer!
Bergen Næringsråd er den største medlemsorganisasjonen for næringslivet i Bergensregionen med over 3000 medlemmer, som til sammen representerer mer enn 100.000 arbeidstakere.

Vi skal bidra til å sikre gode vekstvilkår for næringslivet gjennom langsiktig og sterk lokal, regional og nasjonal gjennomslagskraft.
Vi fungerer som brobygger mellom bedrifter, politikk/forvaltning og forskning
Vi skal fremme våre medlemmers interesser gjennom synliggjøring, påvirkning og nettverksbygging.

 

Hvordan gjør vi dette?
Bergensregionen utgjør et sterkt og mangfoldig næringsliv med sterke bransjer og verdensledende miljøer. Bergen Næringsråd skal vise frem mangfoldet og styrken i regionens næringsliv. Vi synliggjør næringslivet, næringslivets viktigste saker, og våre medlemmer gjennom aktiv bruk av sosiale medier, bransjespesifikke særtrykk, kronikker og dagsaktuelle saker i media.

Bergen Næringsråd har regionens største møtearena for næringsliv i kontakt med politikk, forvaltning, forskning og høyere utdanning. Her settes dagsaktuelle tema på dagsorden og til debatt.

Bergen Næringsråd er et unikt nettverk mellom ulike næringsaktører og mellom næringslivet og omverdenen.

Bergen Næringsråd setter dagsorden i aktuelle næringspolitiske saker, gjennom media og i kontakt med politiske miljø.

Les mer om Bergen Næringsråd - Trainee Vest

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Søknadsfrist : 09.02.2023

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • FEB 09
    2023
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 100%
Jobbsøker i elkraftbransjen
Denne teksten er anonymisert
Match 85%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 72%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Flere muligheter
Traineeprogram




   
   
   
   

Bli kjent med oss