No har du sjansen til ei innhaldsrik læretid hos ein av dei viktigaste aktørane i Noreg i bygge- og eigedomsnæringa.
Som byggdriftarlærling i Statsbygg vil du bli ein del av eit dyktig driftsteam med godt og spennande arbeidsmiljø. Statsbygg søkjer ein lærling til Volda.
Du vil ha base ved Høgskulen i Volda som er blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Høgskulen er kjend for medieutdanninga og den tradisjonelle lærarutdanninga si. Du vil i tillegg til Høgskulen vere med å drifte Møre og Romsdal tingrett (Volda) og Ørsta Trafikkstasjon.
Læretida vil vere 2,5 til 3 år, avhengig av talet på fullførte år på vidaregåande skole. Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev i byggdriftarfaget med yrkestittel byggdriftar. Som lærling blir du tilbydd ei spennande og innhaldsrik læretid i Statsbygg på ulike eigedommar.
Vi ønsker endå fleire kvinner til å arbeide med drift og vedlikehald i Statsbygg, og kvinner blir derfor oppfordra til å søkje.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil følge ein opplæringsplan, og det vil etter kvart bli stilt krav til at du jobbar meir sjølvstendig.
Ved å drifte og vedlikehalde Statsbygg sine eigedommar får du opplæring i blant anna: - tekniske installasjonar og styring og overvaking med SD-anlegg
- miljøvennleg drift, ENØK-tiltak og energiovervaking
- vedlikehaldsplanar og gjennomføring av vedlikehaldstiltak
- FDV-system og FDV-dokumentasjon
- internkontroll og HMS for eigedomsdrift
- samarbeid og kommunikasjon med leigetakarar og leverandørar
Kvalifikasjonar
- Fullført Vg1 Bygg og anleggsteknikk
- Fullført Vg2 Bygg og anleggsteknikk er å føretrekke
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Søkjarar som berre har fullført Vg1 Bygg og anleggsteknikk, vil få læretid på 3 år. Søkjarar som i tillegg har fullført Vg2, vil få ei læretid på 2,5 år.
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst
- Lærevillig og motivert
- Serviceinnstilt og samarbeidsvillig
Language
Vi tilbyr
Etter særavtale om avlønning av lærlingar i staten, blir du lønt i % av lønnstrinn 29, for tida kr 359 100,- per år etter følgande lønnsstige (ved 2,5 års læretid):
1. halvår 30 %, 2. halvår 40 %, 3. halvår 45 %, 4. halvår 55 % og 5. halvår 80 % av kr 359 100,- pr år. Etter særavtalen vil ein ved tre års læretid ikkje få lønn første halvår.
Vi tilbyr i tillegg eit godt og variert fagmiljø, kunnig rettleiing i heile læreperioden og samarbeid med andre lærlingar. I tillegg vil du delta på samlingar for alle Statsbygg sine byggdriftarlærlingar og får høve til å ta del i lærlingnettverket til OK stat (www.okstat.no).
Kontaktinformasjon
Ola Vegard Sæter, underdirektør,
Logg inn for å se kontaktinformasjon
Julija Jurin, områdedirektør,
Logg inn for å se kontaktinformasjonArbeidssted
Kårstadvegen 2
6103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:StatsbyggReferansenr.:
Logg inn for å se kontaktinformasjon43Stillingsprosent: 100%LærlingSøknadsfrist: 12.02.2023
Logg inn for å se kontaktinformasjon