<  
>  
Stillingsannonse

Ulstein vgs - Fast stilling som bibliotekar i 90% Ulstein vidaregåande skule

Søknadsfrist : 12.02.2023

Stillingsbeskrivelse

Vi har ledig fast stilling som bibliotekar i 90% stillingsstorleik for tiltreding i juni 2023. Arbeidstida følgjer i hovudsak skuleruta og nokre veker før skulestart og etter skuleslutt. Det er ikkje pårekna arbeidstid på kveld og i helgar.

Vi søkjer etter:

  • Vi søkjer ein sjølvstendig og engasjert person som involverer seg i utviklinga av bibliotektenestene og den digitale utviklinga ved skulen.
  • Biblioteket skal vere ein viktig læringsressurs og vi ønskjer ein bibliotekar som samarbeider og kommuniserer godt.
  • Bibliotekaren må ha god informasjonskompetanse og formidlingsevne, sidan biblioteket skal vere ein integrert del av skulen si pedagogiske verksemd.
  • Bibliotekaren må vere glad i ungdom og trivast i eit aktivt miljø.
  • Biblioteket nyttar bibliofil.

Om skulen:

Ulstein vidaregåande skule ligg høgt og fritt i Høddvollområdet, nokre km frå sentrum av Ulsteinvik. Skulen har ca 550 elevar og tilbod innan studiespesialisering og studiespesialisering med teknologi og innovasjon, idrettsfag, elektro og datateknologi, salg, service og reiseliv, informasjonsteknologi og medieproduksjon, og påbygging til generell studiekompetanse.

Skulen er ein del av ein allsidig og spennande region, der blant anna den maritime industrien står sterkt. Skulen har godt samarbeid både med lokalsamfunnet, det maritime miljøet og næringlivet elles. Flott natur, hav og fjell er innanfor korte reiseavstandar. Området har elles eit rikt kulturliv.

Vi tilbyr:

  • utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø
  • offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
  • løn etter avtale

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.

Andre opplysningar:

Den som blir tilsett, må levere politiattest jf. opplæringslova § 10-9.

Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk.

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søkjarliste:

Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.

Søknad:

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber difor om at du sender elektronisk søknad. Kallar vi deg inn til intervju, må du ta med originale vitnemål og attestar.

Kontaktperson:

Margaret Alme, Rektor, tlf: Logg inn for å se kontaktinformasjon, mobil: Logg inn for å se kontaktinformasjon, Logg inn for å se kontaktinformasjon Jon Arne Garshol Haram, Ass.rektor, tlf: Logg inn for å se kontaktinformasjon, mobil: Logg inn for å se kontaktinformasjon, Logg inn for å se kontaktinformasjon





Om arbeidsgiveren

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Søknadsfrist : 12.02.2023

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • FEB 12
    2023
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%

Se flere annonser

Bli en del av Europas ledende selskap innen cybersikkerhet og arbeid som SOC Engineer
02.02.2023 Flere steder
Bli en del av Europas ledende selskap innen cybersikkerhet og arbeid som SIEM sikkerhetsrådgiver
02.02.2023 Flere steder
Join us in shaping tomorrow's healthcare service in an innovative company with an important social mission. Aleris Frogner is Norway's
30.01.2023 Oslo
Vil du bli en del av det store «Microsoftmiljøet» og jobbe med de mest innovative aktørene i markedet?
11.10.2022 Flere steder
Vil du være med på å utvikle nye og banebrytende løsninger i klima- og miljøkampen? Har du lyst til å
23.01.2023 Oslo
Vil du være med på å utvikle nye og banebrytende løsninger i klima- og miljøkampen? Har du lyst til å
23.01.2023 Oslo
Vil du være med å bygge Norges største private helseforetak? Aleris Stavanger holder til i nye og topp moderne lokaler
23.01.2023 Stavanger
Vi søker studenter som vil bli med i StudentTorgets TV- og podcastredaksjon
25.01.2021 Jobb hjemmefra
Vis alle 60.661 ledige stillinger

Bli kjent med oss