<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Seksjonsleiar Statens barnehus Ålesund FEFE - Etterretning/førebygging/etterforsking, Møre og Romsdal politidistrikt

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Møre og Romsdal politidistrikt har ledig fast stilling som leiar for Statens barnehus i Ålesund.

Vi søker deg med gode leiareigenskapar som drivast av å skape og leie eit tverrfagleg fagmiljø av høg kvalitet. Ønsker du også å jobbe med eit viktig samfunnsoppdrag, har gode samarbeids- og organisatoriske evner, er medarbeidarorientert og ønsker å motivere, støtte og utvikle medarbeidarane dine, så kan dette vere ei stilling for deg.

I stillinga som leiar for Statens barnehus Ålesund vil du ha personalansvar og fagleg ansvar for tenestene som barnehuset har. Du vil også drive utadretta verksemd retta mot samarbeidspartnarar til barnehuset.

Som barnehusleiar får du delta i nasjonalt arbeid for å utvikle tilbodet i barnehusa. Barnehusa har ein delingskultur og samarbeider tett med kvarandre.

Statens barnehus Ålesund er ein del av Møre og Romsdal politidistrikt, organisert som ein seksjon underlagt Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE). Barnehuset er eit tilbod til barn og ungdom som kan ha vore utsett for, eller vore vitne til vald eller seksuelle overgrep, der det ligg føre ei politimelding. Tilbodet er også til vaksne med psykisk utviklingshemming og for ungdom under 18 år som har vore utsette for tvangsekteskap. Tanken bak Statens barnehus er at alle offentlege instansar skal kome dit barna er. Mange ulike samarbeidspartnarar samlast derfor her. Personalet ved barnehuset er sivilt tilsette med i hovudsak barnefagleg spisskompetanse, i alt 11 stillingar.

Stillinga har arbeidsstad i Ålesund. Du må pårekne noko reiseverksemd.    


Arbeidsoppgåver

  • Fag- og personalansvar for seksjon for Statens Barnehus Ålesund
  • Delvis økonomiansvar ved seksjonen
  • Koordinere og samarbeide med andre verksemder i heile regionen og nasjonalt
  • Fremme barnehuset som samordnande idé
  • Representere barnehuset utad og innad i eigen organisasjon
  • Bidra til oppfølging av arbeid med helse, miljø og tryggleik ved seksjonen
  • Delta i leiargruppa i FEFE, bidra aktivt til heilskapleg og framtidsretta leiing og utvikling av politiet sitt oppdrag.
  • Delta i nasjonal leiargruppe for Statens barnehus, bidra til utvikling av eit likt nasjonalt tilbod i Statens Barnehus

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Høgskule/universitetsutdanning på minimum bachelornivå innanfor helse- og sosialfag, eller andre relevante fag
  • Erfaring med personalleiing og/eller fagleiing med gode resultat
  • Relevant arbeidserfaring frå minst eit av følgande fagfelt: Psykisk helsevern for barn og unge, familievern, førebyggande helsearbeid blant barn og unge, barnevern, politi.
  • Erfaring med å leie tverrfagleg samhandling
  • Kunnskapar om helse, miljø og tryggleik
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, samt gode engelskkunnskapar.
  • Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved evt. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41

Ønskeleg:

  • Leiarutdanning
  • Erfaring med målgruppa samt kompetanse innan vold og seksuelle overgrep
  • Erfaring frå fleirkulturelt arbeid
  • Erfaring frå arbeid med barn eller voksne med psykisk utviklingshemming

Personlege eigenskapar

  • Tydeleg og medarbeidarorientert med evne til å rettleie, motivere, støtte og utvikle medarbeidarane.
  • Evne og vilje til å leie og skape eit tverrfagleg fagmiljø samt bidra til fagutvikling innanfor feltet
  • Gode samarbeids- og organisatoriske evner
  • Gode kommunikasjonseigenskapar
  • Sjølvstendig, løysingsorientert og initiativrik
  • Evne til å prioritere, vurdere, ta avgjerder, og til heilskapleg tenking.
  • God evne til å jobbe strukturert, systematisk, målretta og etterretteleg.

Som medarbeider i politiet kjenneteiknast du av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Som leiar må du i tillegg kunne leie i samsvar med medarbeiderplattformen vår.

Vi tilbyr

  • Ein utfordrende og spennande arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Stillinga er lønna som seksjonssjef, stillingskode 1211, frå kr. 720 000 til kr. 760 000 brutto per år 
  • Endeleg plassering av løn er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (). Det trekkast to prosent av løna til SPK.
  • Fleksibel arbeidstid og mogelegheit til trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Jenny Irene Raftevold Lyngstad, Fung. driftseiningsleiar FEFE, Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidssted

Parkgata 3
6003 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver:Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon28Stillingsprosent: 100%Fast stillingSøknadsfrist: 02.02.2023


Logg inn for å se kontaktinformasjon
Om arbeidsgiveren

Om politidistriktet

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen og visepolitimeister Ingmar Farstad. Politimeisteren har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Dette er verdiane våre

I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det. 

Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder

Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.

Om offentleg søkarliste

Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.

Har du hugsa dette?

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.

Les mer om FEFE - Etterretning/førebygging/etterforsking, Møre og Romsdal politidistrikt

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Student
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%

Se flere annonser

Bli en del av Europas ledende selskap innen cybersikkerhet og arbeid som SOC Engineer
02.02.2023 Flere steder
Bli en del av Europas ledende selskap innen cybersikkerhet og arbeid som SIEM sikkerhetsrådgiver
02.02.2023 Flere steder
Join us in shaping tomorrow's healthcare service in an innovative company with an important social mission. Aleris Frogner is Norway's
30.01.2023 Oslo
Vil du bli en del av det store «Microsoftmiljøet» og jobbe med de mest innovative aktørene i markedet?
11.10.2022 Flere steder
Vil du være med på å utvikle nye og banebrytende løsninger i klima- og miljøkampen? Har du lyst til å
23.01.2023 Oslo
Vil du være med på å utvikle nye og banebrytende løsninger i klima- og miljøkampen? Har du lyst til å
23.01.2023 Oslo
Vil du være med å bygge Norges største private helseforetak? Aleris Stavanger holder til i nye og topp moderne lokaler
23.01.2023 Stavanger
Vi søker studenter som vil bli med i StudentTorgets TV- og podcastredaksjon
25.01.2021 Jobb hjemmefra
Vis alle 60.661 ledige stillinger

Fakta om FEFE - Etterretning/førebygging/etterforsking, Møre og Romsdal politidistrikt