Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsbeskrivelse
The Fjords har ledig stilling som maskinsjef i turistrute på Geirangerfjorden, p.t MF Bolsøy/MF Veøy.
Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av.
Bolsøy og Veøy seiler i turistrute mellom Geiranger og Hellesylt. Geirangerfjorden er ein av Norges mest besøkte turistattraksjonar og er på UNESCOs verdsarvliste. Her seiler du blant høge fjell og mektige fossefall, som gir ei fantastisk fjordoppleving både for turistar og mannskap.
Oppstart blir mars/april og engasjementet varer ut september 2023.
Arbeidsoppgåver
I henhald til gjeldande stillingsinstruks for maskinsjef
Du vil gå som einemaskinist, og vil ha kontroll med alle tekniske system om bord
Du vil få ansvar for oppfølging og vedlikehald i samråd med AMOS Vedlikehaldssystem og EQS Tryggleiksstyringssystem
Du vert ein viktig del av eit positivt og dynamisk team og er ikkje redd for å hjelpe til på tvers av stillingane ombord
Kvalifikasjonar
Maskinoffisersertifikat klasse 3 eller høgare
Gyldige, sertifikatgjevande STCW-kurs
Passasjer- og krisehandteringskurs
Gyldig helseerklæring
Det er ein fordel om du har erfaring med Wichmann maskineri
Nordisk språk skriftleg og muntleg er eit krav
Det er ein fordel å beherske engelsk muntleg
Personlege eigenskapar
Evne til å arbeide tett med andre menneske over tid
Inkluderande og lojal
Godt humør
God kommunikasjonsevne
Serviceinnstilt
Fleksibel
Sjølv om du er teknisk sjef, har du også glede av å vere ein del av vertskapet om bord. Du likar å gje dei reisande gode opplevingar.
The Fjords DA er eid av Fjord1 ASA og Flåm AS. Selskapet skal, med basis i våre to eieres kjernekompetanse, skape den beste fjordbaserte reiselivsopplevelsen for våre gjester. Vi skal være ledende med unike fjordbaserte reiselivsprodukter. Selskapet skal ha fokus på fornying av materiell og produktutvikling for å styrke fjordopplevelsen til de mange turistene som besøker vårt unike fjord landskap. Se www.thefjords.no for mer informasjon om selskapet.
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.