Vi i Bu -og avlastningstenesta treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2022. Vi treng sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar, studentar og ufaglærde. Stillingane er i langvaktsturnus med 14,5 timers vakter eller nattevaktsturnus. Det kan være moglegheit for medleverturnus; etter medleverforeskriften. Turnusen har gode friperiodar. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.
Bu- og avlastingstenesta yt tenester til born og ungdommar med særskilte behov, derunder utviklinghemning, autisme og psykiske lidingar. Vi har fokus på at borna og ungdommene skal ha eit meiningsfullt liv med god livskvalitet. Dei fleste har behov for langsiktig omsorg med miljøterapeutisk tilrettelegging. Dei treng trygge og gode rammer, samt personer som er aktive, og har som har lyst å ge dei kjekke opplevingar. Her kan du utøve godt miljøarbeid ved hjelp av dine personlege eigenskapar og kreativitet, som ein del av eit faglig kompetent miljø.
Vi ynskjer at søkjar har erfaring frå barn og unge. Det vil bli lagt vekt på personlige eigning som trygghet, stabilitet og gode holdninger.
Det er behov f.o.m. veke 25 t.o.m. veke 33 i avlastingstenesten og bornebustadar.
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter verksemda sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det er viktig for oss at du kan jobbe sammenhengende gjennom sommeren. Stillingsprosentane kan variere noko utifra kor mykje en kan jobbe.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og omsorg
- Medisinsk behandling og oppfølging
- Daglege rutineoppgåver i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Søkar bør helst vere fylt 18 år.
- Søkarar bør helst kunne jobbe minimum 5 veker samanhengande, hvorav i heile juli.
- Det krevst norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR) for framandspråklege kandidatar.
- Ved tilbod om stilling blir det stilt krav om tilfredsstillande politi, tuberkulin- og MRSA attest.
- Vi søkjer etter miljøterapeuter, helsefagarbeidarer eller pleiemedarbeidarar. Det er ikkje krav til spesifikk utdanning, men du må ha interesse for faget og det å kunne gi bistand og samhandle med personer med nedsatt funksjonsevne.
- Søkjarane må ha sertifikat for personbil.
- Vi oppfordrar også studentar om å søkje.
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du må kunne samarbeide med både kollegaer og pårørande
- Du har gode evner til etablering av gode relasjonar
- Vi søkjer medarbeidarar som har interesse for å arbeide med målgruppa.
- Du må arbeide sjølvstendig, men likevel samhandle godt med dine kollegaer.
- For nokre bufellesskap vil du møte utfordringar der utagerande åtferd forekommer, der du må følgje rutinar og praksis.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
- Ferdig utdanna sjukepleiarar og vernepleiarar kan få ein bonus på kr 10 000,-. Kriteria er at ein etter avtale med leiar må arbeide til saman 6 veker sommarvikar i 100 % stilling i perioden veke 25 – 34 i 2023. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Gjeld sjukepleiar- og vernepleiarstillingar i aktiv pleie innan kommunalområde Helse og omsorg og Velferd og sysselsetting. Bonusordninga gjeld for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonusen vert avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller anna fråvær. Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.
Kontaktinformasjon
Stine Sørland, Avdelingsleiar Barnebustad,
Logg inn for å se kontaktinformasjon,
Logg inn for å se kontaktinformasjon
Karina Hanken Grønstad, Verksemdsleiar,
Logg inn for å se kontaktinformasjon,
Logg inn for å se kontaktinformasjon
Anne Iren Istad Heggheim, Avdelingsleiar Avlastning,
Logg inn for å se kontaktinformasjon,
Logg inn for å se kontaktinformasjonArbeidsstad
Korsegata 4
6002 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommuneReferansenr.:
Logg inn for å se kontaktinformasjon08Stillingsprosent: 100%SommarjobbSøknadsfrist: 02.07.2023
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon