Dersom du brenn for å betre fiskehelsa og fiskevelferda langs kysten er Mattilsynet plassen for deg. Hos oss vil du vere med på å betre fiskevelferda for fleire hundre millionar laks om gangen. Denne jobben krev stor innsats og ikkje reint lite pågangsmot i ei langsiktig satsing. Den utfordringa er vi klare til å ta, og vi håpar du har lyst til å vere med.
Hos oss vil du jobbe med eit breitt utval fagekspertar, i og utanfor Mattilsynets organisasjon, som alle har eit sterkt engasjement for dyrevelferd generelt, og fiskevelferd spesielt. Du vil også jobbe med ekspertar på jus og forvaltning.
Fiskevelferd er eit fagområde som ikkje har nådd langt nok. Det er ei felles forståing av at tilstanden er for dårleg i dag, og du deler kanskje denne oppfatninga? Vi jobbar ikkje berre med forvaltning, men også med utvikling av regelverket. Det gjer vi i dialog med dyreeigarar, næringsorganisasjonar og offentlege instansar. Hos oss vil du kunne bidra positivt med din kompetanse.
Du vil få ein variert arbeidskvardag, jobbe både på kontor og ute i felt og forhalde deg til eit omfattande regelverk. Sjølv om nokre saker kan vere like på mange vis, er ingen av dei helt like.
Kva ventar du på? Søk på stillinga og bli ein del av vår nye avdeling Akvakultur i region Sør og Vest. Me er 20 tilsette i avdelingen og det vil vera mogleg med kontorstad på Stord, i Bergen, Aksdal, Voss eller Norheimsund.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre inspeksjonar, revisjonar, prøvetaking og saksbehandling i havbruksnæringa
- Jobbe med førebygging og rettleiing
- Bidra til å utvikle måtane vi jobber på i dag – slik at vi jobbar endå meir målretta og kunnskapsbasert
Kvalifikasjonar
- Du må vere veterinær eller fiskehelsebiolog med norsk autorisasjon
- Vi ønsker at du har relevant arbeidserfaring, til dømes frå havbruksnæringa eller offentleg forvaltning
- Sidan du skal kommunisere med næringa om dels vanskelege tema, er det viktig at du har god framstillingsevne på norsk, både skriftleg og munnleg
- Du har evne til å tilpasse deg nye digitale løysingar
- Du må ha førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du forstår rolla di godt, og evnar difor å gjere gode og forholdsmessige vurderingar i forvaltninga av regelverket
- Du må klare å kombinere samarbeid internt og på tvers av fagområder og å greie å jobbe sjølvstendig
- Du må vere god til å rettleie og formidle det komplekse på ein forståeleg måte, òg å finne løysingar
- Du må kunne takla ein hektisk kvardag og vere god til å prioritere oppgåver
- I ein variert kvardag må du både kunne planlegge godt, men også kunne tilpasse deg endringar
Om du er personleg skikka og korleis du vil passe inn i teamet er ein viktig del av vurderinga vår, slik at vi saman får løyst samfunnsoppdraget vårt.
Vi tilbyr
- Eit fagleg sterkt fellesskap som har eit stort engasjement for betre dyrevelferd
- Utvikle din kompetanse på ulike fagområde og i forvaltningsrolla
- Stillinga er løna som førsteinspektør (st. kode 1498) frå kr. 580 000, eller som seniorinspektør (st. kode 1499), med høgare løn avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
- Gunstige pensjons- og lånevilkår gjennom Statens Pensjonskasse
Kva ventar du på?
Søknader vert berre motteken elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem Webcruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan legge inn søknaden.
Vi ber om at du registrerer fullstendig CV, og laster inn vitnemål og attestar som vedlegg.Ver venleg å oppgje referansar i søknaden.
Kontaktinformasjon
Håvard Hustoft, Avdelingssjef,
Logg inn for å se kontaktinformasjon,
Logg inn for å se kontaktinformasjon Arbeidssted
Rundehaugen 17
5412 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:MattilsynetReferansenr.:
Logg inn for å se kontaktinformasjon23Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 15.02.2023
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjon Logg inn for å se kontaktinformasjon