<  
>  
Stillingsannonse

Universitetet i Bergen Arkeologisk feltarbeid 2023

Søknadsfrist : 20.10.2023

Stillingsbeskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Arkeologisk feltarbeid 2023

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, forvalting og formidling som kjerneoppgåver, saman med innsamling, dokumentasjon og vern. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg også ansvaret for to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskapelege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum. Museet har om lag 140 årsverk. Nærare informasjon finn ein her: https://www.universitetsmuseet.no/nb
Universitetsmuseet ved Fornminneseksjonen har ansvar for forvaltningsinitierte utgravingar i Universitetsmuseet i Bergen sitt distrikt som omfattar Vestland og Sunnmøre. I tillegg er seksjonen delegert ansvar for forvaltninga av bergkunstlokalitetar innanfor sitt forvaltningsområde. Funnmaterialet frå undersøkingane dannar basis for museets arkeologiske forsking og forskningskommunikasjon.Universitetsmuseet har for feltsesongen 2023 behov for personell til arkeologisk feltarbeid. Feltsesongen er normalt frå april til november.Tilsettingane vil vere av ulik lengde og kan omfatte deltaking i fleire prosjekt. Vi vurderer alle søknader som generelle, det vil seie at dei vil gjelde for alt feltarbeid som kjem i løpet av det tidsrommet du har oppgitt at du kan arbeide. Det er likevel ønskeleg at ein kjem med faglege eller tematiske prioriteringar i søknadsbrevet.Søkarane må ha relevant arkeologifagleg utdanning. Tildelinga vil vere basert på dei ulike prosjektas behov i kombinasjon med dei enkelte søkaranes arkeologiske felterfaring, spesialkompetanse og faglege kvalifikasjonar.

Søknadsfrist for hovudtildeliga 10. februar er 3. februar. Etter dette vil feltarbeid bli tildelt fortløpande gjennom heile sesongen etter kvart som nye prosjekt kjem inn. Vi tek i mot søknader gjennom heile sesongen fram til 20. oktober 2023. Dei som får tilbod vil verte kontakta. Send berre éin søknad, men oppdater gjerne informasjon gjennom sesongen dersom det skjer store endringar i forhold til CV og tidsrom du kan arbeide. Dette kan gjerast på e-post til: Logg inn for å se kontaktinformasjon.

Tiltreding: Frå midten av april og ut feltsesongen. Universitetsmuseet planlegg å avvikle fellesferie i juli og det vil berre unntaksvis verte aktivitet i felt i denne perioden.

Arbeidsoppgåver:

Feltarkeolog (stillingskode 1513 Seniorforskningstekniker)

Arbeidsoppgåver: Feltarkeolog utfører oppgåver og assistanse ved feltarbeid under leiing av feltleiar/utgravingsleiar. Feltarkeolog utfører oppgåver som utgraving, prøvetaking, handsaming av funn, dokumentasjon, assistanse ved innmåling og databehandling i Intrasis. Andre oppgåver kan óg leggjast til stillinga.

Feltleiar (stillingskode 1087 Overingenør)Arbeidsoppgåver: Feltleiar skal avlaste prosjektleiar eller utgravingsleiar i ulike oppgåver knytt til arkeologiske utgravingar. Feltleiar kan verte gjeve dagleg leieransvar for ein avgrensa del av feltarbeidet. Feltleiar utfører også oppgåver som utgraving, prøvetaking, funnbehandling, dokumentasjon, innmåling og databehandling i Intrasis. Andre oppgåver kan óg leggjast til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Feltarkeolog (stillingskode 1513 Seniorforskningstekniker)
Kvalifikasjonskrav: Minimumskrav er normalt bachelorgrad. Relevant arbeidserfaring kan vega opp for manglande formelle kvalifikasjonar.

Feltleiar (stillingskode 1087 Overingenør)
Kvalifikasjonskrav: Mastergrad i arkeologi, søkaren bør óg ha brei erfaring frå arkeologisk feltarbeid. Omfattande relevant arbeidserfaring kan vega opp for manglande formelle kvalifikasjonar. Kompetanse innanfor GIS/Intrasis er ein fordel. Det er ønskeleg med førarkort for bil (klasse B).

For alle stillingane gjeldVi søker engasjerte og ansvarsfulle personar som kan arbeide i team, av og til under krevjande forhold. Vi ønsker personar som har evne og vilje til å skape gode arbeidsmiljø.

Vi tilbyr:
  • Varierte arbeidsoppgåver i ulike delar av museets ansvarsområde
  • Arbeid med ulike typar arkeologiske kulturminne
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø og gode og fagleg dyktige kollegaer
  • Løn som Feltarkeolog (kode 1513 seniorforskningstekniker) i årsløn kr 440 000 – 510 000 tilsvarande 100 % stilling etter erfaring i felt/feltarbeid. Løn som Feltleiar (kode 1087 overingeniør) i årsløn kr 510 000 – 560 000 tilsvarande 100 % stilling etter erfaring i felt/feltarbeid
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse ved arbeidsforhold over ein månad og stilling 20 % eller meir av full stilling
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode Logg inn for å se kontaktinformasjon

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Morten Ramstad, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon, Logg inn for å se kontaktinformasjon, e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev ( ½ side)
  • CV
  • Attestar

Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen.

Det er viktig at du i søknaden oppgir kva stillingskategoriar du er interessert i. Spesifiser gjerne faglege interesser og opplys nøyaktig om kva tidsrom du kan arbeide. Vi ber og om at du opplyser om du har førarkort og om kompetanse innanfor digital innmåling og Intrasis. Opplys gjerne óg om andre forhold som kan vere av betyding. I samband med tildeling av arbeid vil det bli gjort ei lønsplassering, derfor må utdanning og arkeologisk erfaring/praksis dokumenterast.

Den som vert tilsett må rette seg etter retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga

Nærare om tilsettingsprosessen Logg inn for å se kontaktinformasjon.





Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen (UiB) er Norges nest eldste universitet, og ble opprettet i Bergen i 1946. Med sine vel 14 500 studenter og ca. 3 200 ansatte er det et mellomstort europeisk universitet. Det er et byuniversitet der sentrale deler av campus ligger i umiddelbar nærhet til de sentrale delene av Bergen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i seks fakulteter og rundt 60 institutter og faglige sentre. Les mer om Universitetet i Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Søknadsfrist : 20.10.2023

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • SEP 25
    2023
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • SEP 26
    2023
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • SEP 28
    2023
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • SEP 29
    2023
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • SEP 30
    2023
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • OKT 01
    2023
    12 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • OKT 02
    2023
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
Flere muligheter

Se flere annonser

Höegh LNG is in the process of seeking two Maritime Trainees for our Technical Department, and the IT Team. Both
28.08.2023 Oslo
I Norge har det aldri vært satset så mye på jernbane som nå. I Bane NORs Utbyggingsdivisjon kan du bli
18.08.2023 Moss
Veidekke er Norges største entreprenørselskap med prosjekter, anlegg og driftskontrakter over store deler av landet. Nå søker Veidekke Anlegg 5 kandidater
19.09.2023 Hele Norge
Veidekke er Norges største entreprenørselskap med prosjekter, anlegg og driftskontrakter over store deler av landet. Nå søker vi kandidater til
20.09.2023 Hele Agder
Veidekke er Norges største entreprenørselskap med prosjekter, anlegg og driftskontrakter over store deler av landet. Nå søker Veidekke Bygg Oslo
20.09.2023 Oslo
Veidekke er Norges største entreprenørselskap med prosjekter, anlegg og driftskontrakter over store deler av landet. Nå søker vi kandidater til
20.09.2023 Flere steder
Veidekke er Norges største entreprenørselskap med prosjekter, anlegg og driftskontrakter over store deler av landet. Nå søker Veidekke Bygg Bergen kandidater til
20.09.2023 Bergen
Veidekke er Norges største entreprenørselskap med prosjekter, anlegg og driftskontrakter over store deler av landet. Nå søker Veidekke Bygg Møre og
20.09.2023 Flere steder
Vis alle 18.695 ledige stillinger

Bli kjent med Universitetet i Bergen

Fakta om Universitetet i Bergen