<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

UiT Norges arktiske universitet Programmerar for språkteknologi

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Ved (ISK) er det ledig ei fast stilling som programmerar for språkteknologi. ISK har 83 fast tilsette, 16 professor II og rundt 25 stipendiatar. I tillegg kjem omtrent 35 mellombels tilsette i stillingar knytt til forsking og undervising.

Instituttet har eit svært aktivt forskingsmiljø med stor tematisk breidde. Instituttet er vertskap for nokon av dei fremste språkvitskapelege miljøa i verda, blant anna representert ved AcqVA Aurora Center, etablert 2020. I tillegg kjem forskingsgrupper innan kognitiv lingvistikk (CLEAR), teoretisk lingvistikk (CASTL-FISH), samisk språkteknologi (Giellatekno og Divvun) og språktileigning samt sosiolingvistikk og revitalisering.

Instituttets forskingsmiljø innan litteraturvitskap, kunsthistorie og medie- og dokumentasjonsvitskap er blant anna organisert i forskingsgruppene Health, Art and Society (HAS), Russian Space (RSCPR), Interdisciplinary Phenomenology (IP), arktisk kunst og kultur (WONA og Arctic Voices), Just Literature (JUL) samt LAMCOM - Libraries, archives, and museums in the community.

ISK tilbyr undervisning i allmenn språkvitskap, litteraturvitskap, kunsthistorie, medie- og dokumentasjonsvitskap, engelsk, kvensk og finsk, nordisk, russisk, samisk, spansk og tysk, som årsstudium, bachelor- eller mastergradsstudium. Instituttet tilbyr også  doktorgradsutdanning i kultur/litteraturvitskap, kunsthistorie, medie- og dokumentasjonsvitskap og språkvitskap.

Arbeidsstad er UiT i Tromsø.


Arbeidsoppgåver

Søkjaren skal inngå i eit tverrfagleg team som bygger språkteknologiske modellar og utviklar applikasjonar for minoritets- og urfolksspråk, for m.a. grammatisk analyse, e-læring, maskinomsetjing og e-leksikografi. Teamet består av lingvistar, datalingvistar, leksikografar og programmerarar.

Visjonen vår er å gjere det mogleg å bruke minoritetsspråk i det digitale samfunnet, og vi vil gjerne ha ein medarbeidar med kunnskap om eller interesse for språk. Kjennskap til samiske eller andre morfologisk komplekse språk er ein fordel men ikkje eit krav.

Vi søkjer ein programmerar som er innstilt på å arbeide med språkteknologi. Søkjaren må ha god erfaring med scripting-språk, (helst) python, og med regulære uttrykk, og erfaring med javascript og databaser (t.d. mysql). Kjennskap til django og/eller med javascript-frontend-teknologi (t.d. React, Angular2) er ein fordel. Det er viktig for oss å utvikle program som er intuitivt lett å bruke, og interesse for grafiske grensesnitt er dermed viktig. Programmeraren vil inngå i ei forskingsgruppe og dermed delta i ulike forskingsprosjekt og i vitskaplege publikasjonar frå desse prosjekta.


Kontakt

Vil du vite meir om stillinga, kan du spørje instituttleder Cathrine Theodorsen:

eller professor Trond Trosterud:

Kvalifikasjonar

Det krevst høgare utdanning (minst bachelor-nivå), eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje, samt relevant praksis og spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa funksjonane i stillinga.

Den som tilsettes må kunne norsk eller eit anna skandinavisk språk, og engelsk. 

I vurderingen vil vi vektlegge søkers motivasjon og personlige egnethet for stillingen.


Vi tilbyr

Stillinga lønnast etter statens regulativ kode 1085 avdelingsingeniør eller 1087 overingeniør, avhengig av kvalifikasjonar. 2 % pliktig innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå lønna.

Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte når du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettgoda dine på .


Søknaden

Send søknad elektronisk på søknadsskjema som ligg på www.jobbnorge.no. Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid)
  • vitnemål og attestar
  • 2-3 referansar med kontaktinformasjon

Søkjarar som blir kalt inn til intervju må ta med originale vitnemål og attestar.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

UiT Noregs arktiske universitet har eit personalpolitisk mål om å vera ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet, og som tek i bruk potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke og ønsker oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv.

Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg som søkjer til å kryssa av for dette i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben legg vi til rette for deg om du treng det. Bortsett frå å velja ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk. Les meir i Arbeidsgjevarportalen.


Generelle opplysningar

Tilsetting skjer i samsvar med reglar og vilkår som gjeld for statstilsette, og retningslinjer ved UiT. På nettsida finn du .

UiT legg vekt på mangfald. Vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi oppmodar også dei som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode (hull i CV) om å søkje.

Førespurnad om korleis arbeidsmiljøet er lagt til rette, mellom anna korleis arbeidsplassen er utforma, helseteneste, høve til fleksitid, deltid og liknande kan rettast til telefonreferansane.

Personopplysningar som vert opplyst blir handsama etter lov om handsaming av personopplysningar. Søkjarar kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Universitetet kan likevel bestemma at namnet på kandidaten skal offentleggjerast. Søkjar vil bli varsla i forkant av ei eventuell offentleggjering.





Om arbeidsgiveren

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • APR 18
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 19
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 21
    2024
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 22
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 24
    2024
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
Flere muligheter

Se flere annonser

Vi opplever stor pågang etter våre rådgivingstjenester – og skal styrke vårt lag med en: Seniorrådgiver/Fagspesialist kvalitetssikring legemiddelindustrien Vi er landets
21.05.2024 Flere steder
Har du bakgrunn med teknisk fagskole eller er utdannet ingeniør med et par års arbeidserfaring? Vi er på utkikk etter deg
28.04.2024 Skien
Vi er på utkikk etter ny driftsleder til vår nye kontrakt 1501 Søre Sunnmøre. Kan det være deg? Driftskontrakt 1501
21.04.2024 Flere steder
Er du opptatt av vei og veivedlikehold, og vil være med å holde god standard på veiene på Sunnmøre?  Til
21.04.2024 Flere steder
Er du opptatt av vei og veivedlikehold? Vi søker deg som vil være med på å holde god standard på
01.05.2024 Lindesnes
Er du opptatt av vei og veivedlikehold, og vil være med å holde god standard på veiene på Sunnmøre?  Til
21.04.2024 Flere steder
Vil du jobbe med å skape energieffektive og bærekraftige bygg? Vi i GK drives av å utvikle, bygge, og drifte
12.05.2024 Tromsø
Vil du være med på reisen mot en mer bærekraftig byggenæring? Vi i GK drives av å utvikle, bygge, og
05.05.2024 Haugesund
Vis alle 34.933 ledige stillinger

Fakta om UiT Norges arktiske universitet