Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktor i akustisk seismologi
Ved , Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som postdoktor i akustisk seismologi.
Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år og knytt til det EU-finansierte prosjektet High Arctic Ocean Observation System (HiAOOS). Ønska startdato er snarast mogleg, og siste moglege startdato er 1. desember 2023.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
HiAOOS har som mål å utvikle, implementere og validere teknologiar for havobservasjonar i det isdekte Arktiske havet. Institutt for geovitenskap vil vere ansvarleg for innsamling av kontinuerlege akustiske data og utvikling av metodar og verktøy for å detektere, lokalisere og analysere jordskjelv og andre geofarar frå dataene. Dei viktigaste arbeidsoppgåvene til postdoktoren vil vere:
- Utvikle metodar og verktøy til å analysere akustiske og seismologiske data for å detektere, lokalisere og analysere jordskjelv og andre geofarar.
- Nytte metodane og verktøya på data tilgjengeleg i prosjektet for å studere jordskjelv i Arktis.
- Dokumentere og publisere dei utvikla verktøya gjennom ein online plattform.
- Lage undervisningsmateriell for dei utvikla metodane og verktøya, og bidra til å arrangere treningskurs.
- Noko reising må forventast i samband med prosjektmøter og mogleg feltarbeid til sjøs.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor jordskjelvseismologi, undervassakustikk, geofysikk eller eit relatert felt. Ph.d.-studentar kan søkje om disputas er gjennomført innan 01.06.2023. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Erfaring frå analyse av jordskjelvsdata og/eller undervassakustiske data er eit krav.
- Erfaring med jordskjelvseismologi i Arktis er eit føremon.
- Kjennskap til instrumentering, feltarbeid og/eller programmering er eit føremon.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga:
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
For eksternfinansierte postdoktorar: Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 573 900 brutto (tilsvarande lønssteg 62). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
- CV
- Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 01.06.2023.
- Relevante attestar
- Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- Eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Prof. Mathilde B. Sørensen, Institutt for geovitskap, tel: Logg inn for å se kontaktinformasjon, epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen .