<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Forskar 1109 i molekylsimulering Universitetet i Bergen

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Forskar 1109 i molekylsimulering

Ved er det ledig ei stilling som forskar i molekylmodelering av perifere membranproteiner.

Stillinga er finansiert av eksterne middel. Dei første 42 månadene er stillinga finansiert av NFR gjennom prosjektet Life at the Periphery: the workings of proteins at the surface of cell and organelle membranes.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
  • Den som vert tilsett vil bruka simuleringar av lipidoverføringsprotein med hjelp av proteindynamikk og med mål om å foreslå modellar for interaksjonane deira med biologiske membranar, og foreslå mekanismar for lipidekstraksjon frå komplekse membranar. Arbeidsoppgåvene vil krev bruk av atomistiske og grovkorna kraftfelt, likevektssimuleringar og forbetra sampling-teknikkar, og dessutan utrekningar av fri energi. Kandidaten skal jobba i tett samarbeid med biokjemikarar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innanfor teoretisk kjemi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Evne til å hente inn eksterne forskingsmiddel må dokumenterast.
  • Erfaring frå simuleringar av perifere membranproteiner med proteindynamikk er eit krav.
  • Erfaring frå forbedrede sampling-teknikkar er eit krav.
  • Erfaring frå mekanistiske studier er eit krav.
  • Erfaring med programmering ved bruk av Python og Matlab er ein føremon.
  • Erfaring med NAMD og Gromacs er ein føremon.
  • Erfaring frå samarbeid med eksperimentelt arbeid er ein føremon.
  • Erfaring med veiledning av MSc og PhD studenter er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Gode norskkunnskapar er ein føremon.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.  

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansierte.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmiddel til fagmiljøet, til seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
  • Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskings-gruppa.
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa tar slutt. Ny lov om statens tilsette mv. om oppseiing og fortrinnsrett vert då gjeldande.

Vi kan tilby:
  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr.573 900,- (svarar til lønssteg 62) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode

Forskar 1109 i fast stilling kan søke om opprykk til forskar 1183 på grunnlag av kompetanseerklæring. Meir informasjon finst her:


Søknaden skal innehalde:
  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål,. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden, må du levere ei stadfesting på at doktoravhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Nathalie Reuter, Universitetet i Bergen, Logg inn for å se kontaktinformasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen .





Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen (UiB) er Norges nest eldste universitet, og ble opprettet i Bergen i 1946. Med sine vel 14 500 studenter og ca. 3 200 ansatte er det et mellomstort europeisk universitet. Det er et byuniversitet der sentrale deler av campus ligger i umiddelbar nærhet til de sentrale delene av Bergen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i seks fakulteter og rundt 60 institutter og faglige sentre. Les mer om Universitetet i Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • JUN 09
    2023
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • JUN 10
    2023
    4 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • JUN 11
    2023
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • JUN 12
    2023
    6 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • JUN 14
    2023
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • JUN 15
    2023
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • JUN 16
    2023
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
Kandidatmatch
Student
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Flere muligheter

Se flere annonser

Aleris er Norges største private helseforetak med sykehus og medisinske sentre fra Agder i sør til Tromsø i nord. Nå
09.06.2023 Tromsø
Vi er på jakt etter erfarne utviklere med lidenskap for programvareutvikling. Du må like å løse utfordringer og utvikle i
08.06.2023 Trondheim
Aleris Stavanger holder til i nye og topp moderne lokaler i Lagårdsveien 80. Vi er et spennende fagmiljø med et
07.06.2023 Stavanger
Valdresbygg er på utkikk etter dyktige håndverkere. Fagbrev er ikke et krav, relevant erfaring kan kompensere for dette. Vi ser
07.06.2023 Nord-Aurdal
Til vårt verksted på Hamar, distrikt Innlandet, søker vi deg som liker å ta initiativ og som har lyst å
07.06.2023 Hamar
Til vår anleggsvirksomhet ser vi nå etter en ny Dokumentstyrer. I denne stillingen vil du få muligheten til å bidra inn
07.06.2023 Oslo
AF Gruppen har hatt intern bedriftshelsetjeneste (BHT) siden 2008. BHT er godkjent av arbeidstilsynet og består i dag av seks
05.06.2023 Oslo
AF Gruppen har hatt intern bedriftshelsetjeneste (BHT) siden 2008. BHT er godkjent av arbeidstilsynet og består i dag av seks
01.06.2023 Oslo
Vis alle 26.925 ledige stillinger

Bli kjent med Universitetet i Bergen

Fakta om Universitetet i Bergen