Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstekonsulent
Vi ønsker deg velkomen som søkjar til vikariat (2 stillingar) som førstekonsulent (100 %) med oppstart i mai/juni 2023 og til vår 2024. Stillingane inngår i felles studieadministrasjon ved Klinisk institutt 1 (K1) og Klinisk institutt 2 (K2). I studieadministrasjonen vil du bli med i eit team på åtte som arbeider for å leggje til rette for god undervisning for medisin-, ernæring- og farmasistudentar, samt studentar som tek vidareutdanningskurs. Du vil jobbe i tett samarbeid med undervisarar, studentar, og ikkje minst Haukeland Universitetssjukehus og undervisninga som vert gitt der. Til saman har K1 og K2 omlag 600 tilsette og har som oppgåve å drive medisinsk forsking, rettleiing og undervisning på høgt internasjonalt nivå. Begge institutta husar sterke forskingsgrupper, og har ei sentral rolle i utdanning av leger, ernæringsfysiologar og farmasøytar.
Arbeidsoppgåver:
- Studieadministrasjon av emnar
- Timeplanlegging og praksisutplassering
- Eksamensarbeid, mellom anna knytt til OSKE-eksamen
- Saksbehandlingsoppgåver, til dømes emne- og studieplanarbeid
- Evalueringsarbeid
- Delta i studieadministrative nettverk med fakultetsadministrasjonen og dei andre institutta
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
- Røynsle frå relevant studieadministrativt arbeid er eit føremond
- Røynsle med dei fellessystema som UiB nyttar til studieadministrasjon (FS, Mitt UiB, TP, Inspera, ePhorte og andre
Vi søkjer ein person som
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
- Er engasjert, fleksibel og imøtekommende
- Er systematisk, nøyaktig og strukturert
- Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
- Har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Er god på problemløysing
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilbyr:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn som førstekonsulent (kode 1408) er for tida kr 478 300 – 509 500 (lønssteg 51 - 55). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i
- Gode
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til: studiekoordinator for studieadministrasjonen ved K1 og K2, Øyvind Byrkjedal-Bendiksen: telefon: Logg inn for å se kontaktinformasjon, epost:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Nærare om tilsettingsprosessen .