Er du på utkikk etter lærlingplass i perioden 2023-2025?
Tysnes kommune søkjer etter lærling i helsearbeidarfaget. Me søkjer etter engasjerte og pliktoppfyllande lærlingar, som er svolten på meir kunnskap om faget og likar å arbeide med mennesker.
Arbeidsoppgåver
Helsefagarbeidar-lærling skal arbeide med varierte arbeidsoppgåver innan praktisk pleie, omsorg og miljøarbeid i omsorgstjenesta. Arbeidsstad vil vere Tysnes omsorgssenter og Open omsorg. Du er lærling i 100 % stilling og arbeider kvar 3. helg.
Kvalifikasjonar
For å bli lærling må du ha fullført vidaregåande utdanning på Vg2-nivå. I tillegg til karakterer og lågt fråvær vert det lagt vekt på personlege eigenskapar som engasjement for faget, samarbeidsevne, kommunikasjon, gode haldningar og initiativ. Søkjarar med ungdomsrett vil bli prioritert.
Personlege eigenskapar
Du må ha lyst til å vere nysgjerrig, fleksibel og samarbeidsvillig, vise forståing og kunne kommunisere med mennesker med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjon. Du vil lære deg å arbeide sjølvstendig, vere punktlig og ta ansvar for eiga læring.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kontaktperson med rettleiarkompetanse
- Tilbod om kurs og samlingar
- Ulike arbeidsgoppgåver på fleire arbeidsstader
- Løn iht. gjeldande lover, reglar og avtaleverk
Kontaktinformasjon
Helga Nilsen Boland, Einingsleiar Tysnes omsorgssenter,
Logg inn for å se kontaktinformasjon
Margrete Klemmetsby, Einingsleiar open omsorg,
Logg inn for å se kontaktinformasjon
Kristine Trane, Kommunalsjef helse og omsorg,
Logg inn for å se kontaktinformasjonArbeidssted
Tysnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Tysnes kommune
Referansenr.:
Logg inn for å se kontaktinformasjon99
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 30.04.2023
Logg inn for å se kontaktinformasjon