Ynskjer du å drive frem digitalisering og fornying i Seljord Kommune?
Til nyoppretta stilling i stab hos Samfunnsutvikling og drift treng Seljord kommune ein driftig og kompetent spesialkonsulent innan digitalisering i fast 100% stilling som vil få ansvar for ein digital transformasjon i kommunen.
Seljord kommune har store ambisjonar og søkjer deg som blir motivera av utvikling og forbetring og som er interessert i både menneske og teknologi. Me meiner den rette personen har erfaring frå IT, ideelt sett frå eit utviklingsperspektiv, men også i et driftsperspektiv. Vidare er det viktig å ha kjennskap til digitaliseringsprosessar og utfordringane det kan medføre, både teknologisk, så vel som frå eit organisasjonsperspektiv.
Stillinga er plassert i Samfunnsutvikling og drift og rapporterar direkte til kommunalsjef, men vedkommande vil jobbe på tvers av heile organisasjonen.
Vedkommande vil også vere kommunens representant på ulike samhandlingsarenaer som kan vere formålstenleg.
Arbeidsoppgåver
- Bistå i å sikre at kommunen etterlever krav og føringar på digitaliseringsområdet
- Drive fram og koordinere aktivitetar og prosjekter innanfor digitaliseringsfeltet
- Identifisere behov og forbetringsmoglegheiter, samt bidra i anskaffing og implementering av nye system. Samt oppgradering og/eller utrangering av eksisterande system. Herunder både software og hardware.
- Prosesskartlegging og prosessforbetring internt i organisasjonen
- Bistå til digitalisering- og automatiseringsprosessar
- Bygge relasjonar og samarbeid internt så vel som med andre interessentar og faginstansar i kommunen
- Arbeidsoppgåver kan avhenge av dei varierande behov kommunen har og søkar sine kvalifikasjonar.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, minimum Bachelor
- Erfaring frå IKT og digitaliseringsprosjekt og utvikling av digitale løysingar eller innføring i ny teknologi
- Kjennskap til offentleg sektor
- Kjennskap til samspelet mellom organisasjon, teknologi og prosessar
- Erfaring med kontinuerlig forbetring er ein fordel
Me ser etter ein kandidat som er
- Målretta, utviklingsorientert og ryddig
- Kan gjennomføre prosessar frå A til Å
- Har gode samarbeidsevner og byggjer relasjonar
- Har evne til å jobbe på tvers og sjå detaljar og det store bilete.
- Personlege eigenskapar vektleggast.
Me tilbyr
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver med store mogeligheiter til å påverke utforminga av egen stilling
- Tverrfagleg, triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Avslutningsvis
Seljord kommune er ein nynorsk kommune og nyttar det som skriftspråk i sakshandsaming og kommunikasjon.
Tilsetting er ønskeleg så snart som råd.
Kontakt med annonseseljarar er ikkje ønskeleg.
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon