<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Hjartdal kommune Oppvekst og kultur Er du vår nye miljøterapeut?

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Er du oppteken av eit godt og inkluderande oppvekstmiljø, med  fokus på førebyggande arbeid og samhandling? Da er dette ei spanande stilling å søke på.

Vi har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut i førebyggande arbeid 

Interessant? Da håpar vi du les vidare!

Dette er ei nyoppretta stilling som er underlagt kommunalsjef for oppvekst og kultur. Du som søkjer stillinga ønsker å vera pådrivar for at barn og unge i Hjartdal får veksa opp i eit trygt barnehage/skule- og fritidsmiljø.

Dette er dine kvalifikasjonar
  • Bachelor i helse- eller sosialfag eller barnevernspedagog. Anna relevant utdanning kan vere aktuelt.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå liknande arbeid
  • God skriftleg og munnleg norsk kompetanse
Dette tilbyr vi deg 

Gode folk rundt deg. Som miljøterapeut for førebyggande arbeid vil du vere del av eit fleirfagleg team.

Du får rom for sjølvstende og kreative løysningar. Du får ta del i å planlegge og utforme korleis det førebyggande arbeidet skal vere i Hjartdal kommune. Vårt mål er å leggje til rette for inkluderande oppvekstmiljø for alle barn og unge.

Førebyggjande arbeid for eit trygt og godt barnehage/skule- og fritidsmiljø. Du skal jobba med aktørar som treff barn og unge både i barnehagen, på skulen og på fritida, og som aktivt jobbar for å førebygga rus og kriminalitet. Du vil også jobba i feltet og vera i kontakt med aktuelle fritidsmiljø for aldersgruppa 0-18 år.

Å koordinera tenester. Du vil koordinera og bidra til godt samarbeid mellom aktørar som jobbar for eit trygt og godt oppvekstmiljø.

Å rettleia barnehagane og skulane. Du skal rettleia i arbeid for eit trygt og godt barnehage og skulemiljø. Du vil også ta initiativ til opplæring i bruk av metodar og verktøy for å undersøka i barnehage-og skulemiljøsaker.

Saksansvar for ungdomsundersøkingar og andre utgreiingar innafor feltet etter avtale med kommunalsjef for oppvekst.

Viktige roller som sekretær i arbeidsgruppa til politirådet, koordinator for kommunen sitt ungdomsråd, kommunen sin barnekoordinator, ansvarleg for sommarskulen og SLT-kontakt.

Visste du forresten at Hjartdal er ein kommune med MOT?

-        MOT til å leve: Vere seg sjølv, leie seg sjølv, ha passion, akseptere at  ein ikkje alltid er bra.

-        MOT til å bry seg: skape godkjensle hos andre, vise respekt, vise kjærleik, vise omsorg for dei som er utanfor.

-        MOT til å seie nei: prioritere, stå for eigne verdiar, våge å seie ifrå, praktisere tøff kjærleik.

Vi trur dette er deg

  • Du likar å motivere andre
  • Du identifiserer utfordringar og følgjer opp tiltak
  • Du er strukturert
  • Du har gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse
  • Du trivast i eit aktivt miljø
  • Du er fleksibel
  • Du er løysingsorientert

Konkurransedyktige ordningar for deg som tilsett 

  • Du blir tilsett basert på gjeldande lovar, reglement og tariffavtaler
  • God forsikrings- og pensjonsordning

Her er litt ekstra informasjon som er greitt å vere klar over 

  • Blir du kalla inn til intervju? Vi gleder oss til å prate med deg! Men du - hugs å ta med ein kopi av vitnemål og attestar.
  • Prøvetida di er på 6 månadar.
  • Det er krav om politiattest jf. Opplæringslova § 10-9.
  • Skal du bli tilsett, må du vere personleg egna for stillinga.

Kva seier du? Vil du jobbe hos oss?

Nå manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.

Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med oppgitt kontaktperson som gjerne svarar deg på det du lurar på! 

Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.

Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.


Link til søknadsskjema:

Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon

Logg inn for å se kontaktinformasjon Logg inn for å se kontaktinformasjon
Om arbeidsgiveren
Velkommen til Hjartdal – det nære alternativet. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna. Med Notodden i øst, Seljord i sør og Tinn i nord, er du kort veg unna nye opplevingar. I kommunen skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine! Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i – og bli gammal i. Les mer om Hjartdal kommune Oppvekst og kultur

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%

Se flere annonser

Aleris Frogner er Norges største, private sykehus og holder til i Frederik Stangs gate på Frogner i Oslo. Sykehuset har
Snarest Oslo
Bli en del av et fremadstormende og energisk team i Tromsø og Bardufoss! Les mer om stillingene her
Fortløpende Flere steder
Vil du spille en viktig rolle i et samfunnskritisk oppdrag? Nettpartner er en av Norges ledende entreprenører innen elektrisk infrastruktur. Fra
30.04.2024 Flere steder
I Aleris har vi som mål å bidra til en bedre helsetjeneste. For den enkelte pasient og for samfunnet. Vi
Snarest Oslo
Om oss Jernbanesektoren satser på vedlikehold – for at flere kan ta mer tog må vi ta vare på det
01.04.2024 Oslo
I forbindelse med økt oppdragsmengde, søker vi etter Prosjektleder VVS/Ventilasjon til vår avdeling. Avdelingen har 80 medarbeidere og en omsetning
15.04.2024 Trondheim
I forbindelse med økende oppdragsmengde søker vi etter en/flere servicefolk til vår avdeling. Avdelingen har 20 medarbeidere og en omsetning
30.04.2024 Lillehammer
Bravida er en ledende aktør innenfor tekniske tjenester i byggebransjen, med fokus på å levere kvalitetsprodukter og -tjenester innen elektro,
Snarest Oslo
Vis alle 39.086 ledige stillinger

Fakta om Hjartdal kommune Oppvekst og kultur