<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Universitetet i Oslo Senterleiar ved Senter for Ibsen-studium

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Ei stilling som senterleiar (SKO 1475) er ledig ved Senter for Ibsen-studium.

 er verdas leiande fagmiljø for forsking, dokumentasjon og formidling av kunnskap om Henrik Ibsen og hans verk. I nær framtid skal senteret lansere eit internasjonalt digitalt masterprogram og planlegginga av Ibsen-jubileet i 2028 er i gang. For tida har senteret tre faste vitskapelege heiltidsstillingar, ei fast 100 % forskarstilling med ansvar for dei digitale ressursane som senteret forvaltar og ei 50 % bibliotekarstilling. Det er frå januar 2023 knytt eit 5-årig ERC-prosjekt med fleire rekrutteringsstillingar til senteret. Senteret har dessutan jamnlege besøk av ei rekke gjesteforskarar for kortare eller lengre opphald.

Senterleiar-stillinga er ei fireårig åremålsstilling med moglegheit for forlenging i inntil ytterlegare fire år. Ansvarsområda omfattar leiing av forsking, undervisning og formidling. Det er viktig at senterleiaren inspirerer, legg til rette og motiverer til intern og ekstern samhandling, profilerer senteret utad og er ei drivkraft i den faglege, strategiske og organisatoriske utviklinga. Stillingshavar har dessutan ansvar for personalleiing av senterets tilsette, samt ansvaret for økonomistyring og helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid. Det er senterleiars ansvar å sjå til at dei organisatoriske forholda ligg best mogleg til rette for aktivitetane ved senteret.

Senterleiar har dessutan viktige oppgåver innanfor undervising og rettleiing av masterstudentar og stipendiatar ved senteret, og som førelesar og føredragshaldar ved ulike arrangement. Det er høve til eiga forsking.

Senteret har som mål å styrkje Ibsen-dokumentasjonen og -formidlinga, særleg gjennom å utvide og oppdatere dei digitale ressursane i samanheng med Ibsen2028. Ein forventar at senterleiar har en plan for korleis senteret best kan oppfylle desse målsettingane.

Arbeidsoppgåvene vert delt likt mellom leiing, forsking og undervising.

Senteret deler administrasjon med, og er underlagt, ved Det humanistiske fakultet. Det er utnemnt eit råd for senteret som er rådgivande for senterleiar i faglege og strategiske spørsmål. Se

Senterleiaren er senterets øvste leiar, rapporterer til instituttleiar og leiar senterets verksemd innanfor rammer og planar sett av fakultets- og instituttstyre.


Kvalifikasjonskrav
  • fortrinnsvis professorkompetanse (minimum førstestillingskompetanse) innanfor fagfelt ved senteret (litteratur, teater, historie, kulturstudium, språk eller kombinasjonar av desse).
  • gode eigenskapar innan personalleiing
  • gode kommunikasjonseigenskapar
  • erfaring med økonomistyring
  • språkleg kompetanse til å undervise på engelsk
  • pedagogisk kompetanse og undervisningserfaring
  • personleg høvelegheit og motivasjon for stillinga
  • Den som blir tilsett i stillinga, må beherske norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt vekt på:

  • vitskapeleg arbeid på Ibsens liv og/eller verk og deira etterliv
  • leiarerfaring innanfor personalleiing/forskingsleiing/undervisningsleiing
  • gode samarbeidsevner
  • dokumenterte resultat frå etablering og utvikling av forskings- og formidlingsnettverk

Vi tilbyr
  • lønn kr. 814 900 - 965 000  per år, avhengig av ansiennitet og kompetanse for stilling som senterleiar
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i
  • og høve til trening i arbeidstida
Søknaden skal innehalde
  • søknadsbrev
  • CV
  • refleksjonsnotat på 1-2 sider om senterets utviklingsmogelegheitar innanfor gjeldande rammer i leiarperioden og korleis du kan bidra til dette (menneskelege ressursar, økonomi og det faglege)

Vitnemål og attestar vil eventuelt etterspørjast seinare. Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Vi gjer merksam på at all dokumentasjon må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.


Andre opplysningar

Sjå .

I samsvar med offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har ein for alle tilsette med føremål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. 


Kontaktinformasjon

Instituttleiar ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier

Senterleiar ved Senter for Ibsen-studium





Om arbeidsgiveren

Universitetet i Oslo er Norges største kunnskapsinstitusjon med 6.300 tilsatte og 30.000 studenter. Vi tilbyr gode utviklingsmuligheter og godt arbeidsmiljø. Som statlig institusjon har vi som personalpolitisk mål å oppnå en balansert alders- og kjønnssammensetning og rekruttere personer med etnisk minoritetsbakgrunn.

Les mer om Universitetet i Oslo

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • APR 21
    2024
    8 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 23
    2024
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 24
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 25
    2024
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
Flere muligheter

Se flere annonser

Vi opplever stor pågang etter våre rådgivingstjenester – og skal styrke vårt lag med en: Seniorrådgiver/Fagspesialist kvalitetssikring legemiddelindustrien Vi er landets
21.05.2024 Flere steder
Har du bakgrunn med teknisk fagskole eller er utdannet ingeniør med et par års arbeidserfaring? Vi er på utkikk etter deg
28.04.2024 Skien
Vi er på utkikk etter ny driftsleder til vår nye kontrakt 1501 Søre Sunnmøre. Kan det være deg? Driftskontrakt 1501
21.04.2024 Flere steder
Er du opptatt av vei og veivedlikehold, og vil være med å holde god standard på veiene på Sunnmøre?  Til
21.04.2024 Flere steder
Er du opptatt av vei og veivedlikehold? Vi søker deg som vil være med på å holde god standard på
01.05.2024 Lindesnes
Er du opptatt av vei og veivedlikehold, og vil være med å holde god standard på veiene på Sunnmøre?  Til
21.04.2024 Flere steder
Vil du jobbe med å skape energieffektive og bærekraftige bygg? Vi i GK drives av å utvikle, bygge, og drifte
12.05.2024 Tromsø
Vil du være med på reisen mot en mer bærekraftig byggenæring? Vi i GK drives av å utvikle, bygge, og
05.05.2024 Haugesund
Vis alle 34.933 ledige stillinger

Fakta om Universitetet i Oslo