Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse
Framtidsansvar i tverrfagleg kompetanseteam?
Sula kommune
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsbeskrivelse
Sula kommune er ein kommune i vekst, omstilling og utvikling som no tilpassar organisasjonsstrukturen til dagens og morgondagen sine behov for kompetanse og samarbeid på tvers av fag. Utvikling av tenestene, rasjonell drift og bulyst vil avhenge av gode strategiar og planar for framtida. Derfor byggjer kommunen eit rådgivarteam nær leiargruppa med ansvar for å støtte administrasjonen i gode saksutgreiingar og politikarane med gode avgjerder til beste for Sula sine innbyggjarar. Stillinga som eigedomsutviklar vil inngå i dette teamet og innebere utstrakt samarbeid med administrativ og politisk leiing og med dei enkelte einingane innan helse- og omsorg, oppvekst, kultur og teknisk sektor. Stillinga rapporterer til kommunalsjef for organisasjon og utvikling.
EIGENDOMSUTVIKLAR
Vi tilbyr:
Ei essensiell rolle i utvikling av Sula kommune
Menneskeleg og fagleg utvikling i særklasse
Eit tett og kompakt lag med tverrfagleg kompetanse
Ein arbeidsintensiv kvardag med humor
Moglegheit til å jobbe med fagområda skissert under
Fridom til å løyse oppgåver saman med andre og på eiga hand
Konkurransedyktig løns- og pensjonsvilkår
Dette får du jobbe med:
Ansvar for å leie kommunen sine utviklingsprosessar innan eigedom frå idé til realisering
Ansvar for å utarbeide langsiktige planer for eigedomsutvikling
Etablere eit godt samarbeid internt i kommunen, og med eksterne aktørar innan eigedomsutvikling
Identifisere og følgje opp utviklingspotensialet i kommunen sine bygg og eigedomar
Vere rådgjevar og utarbeide underlag til politisk behandling, samt følgje opp politiske vedtak
Ha eit auge for moglegheiter og fremje saker som kan vere gunstige for kommunen si eigedomsportefølje til politisk avklaring
Vere med å forhandle og inngå nye leigekontraktar, og dessutan avslutte leigeforhold og her under sørgje for ei ryddig og profesjonell tilbakelevering av lokale
Bidra til å utvikle kommunen sine system og verktøy innan eigedomsforvaltning
Bidra i arbeidet med overordna strategiar og planar (slik som kommuneplanar, eigedomsstrategi med meir)
Inneha bestillerkompetanse
Utarbeide økonomiske analysar og vurderingar tilknytta eigedomsutvikling
Vere med å forhandle og inngå nye leigekontraktar, og dessutan avslutte leigeforhold og her under sørgje for ei ryddig og profesjonell tilbakelevering av lokale
Utarbeide økonomiske analysar og vurderingar innan eigedom
Andre oppgåver kan også bli lagt til stillinga avhengig av søkjar sin kompetanse og bakgrunn
I tilknyting til prosjekta vil der vere oppgåver som økonomistyring og leiing av reguleringsprosessar. Gjennomføring av utviklings- og byggeprosjekt vil skje i nært samarbeid med driftseining for eigedom, og grensesnitt for ansvarsfordeling vil bli fastsett i kvart enkelt prosjekt. Ønska kvalifikasjonar:
Teoretisk utdanning med innhald og nivå tilpassa ansvarsområda
Yrkesmessig erfaring til nytte for arbeidsoppgåvene.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Sula nyttar nynorsk
Gjerne erfaring innan eigedomsutvikling med vekt på tidleg fase og utvikling av strategiar og forprosjekt
Prosjektleiing
Samhandlingskompetanse
Personlege eigenskapar:
Positiv, moglegheitsorientert med samfunnsengasjement
Høg arbeidsmoral og teamforståing
Gjennomføringsevne og disiplin ift avtalar
Generelt gode kunnskapar innan bruk av digitale verktøy
Glad i å smile
Forstå verdien av læring og utvikling i eit fellesskap
Tilsettingsprosessen vil vere ei informasjonsutveksling mellom to likeverdige partar der menneskeleg og profesjonell kompetanse bli matcha mot eksisterande team i Sula kommune.
Fram til utløpet av søknadsfristen vil søknadar og førespurnadar bli behandla konfidensielt, om ønskjeleg også ovanfor oppdragsgjevar. Sula kommune er pliktig til å utarbeide offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer å reservere deg mot oppføring, må du søkje om og grunngi dette. Du vil bli kontakta viss søknaden ikkje blir innvilga og vil få høve til å trekkje søknaden.
For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med rådgivarar i Personalhuset: Ivar Morten Normark mobil: Logg inn for å se kontaktinformasjon, Linda Henriksen mobil: 966 25 527, eller økonomisjef i Sula kommune Per-Vidar Sæhaug mobil: 957 57 960.
Sula er en øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Sula kommune er omgitt av Ålesund, Giske, Hareid og Ørsta.
Med sine 58 km² er Sula en av de minste kommunene i Møre og Romsdal, samtidig er den en av de mest folketette, 119 innbyggere per km². Nord for øya ligger Borgundfjorden og i sør Storfjorden. Øyas høyeste punkt er Tverrfjellet (776 moh). Omtrent halvparten av kommunens innbyggere bor i kommunesenteret Langevåg. Men også bygdene Mauseidvåg, Solavågen og Fiskerstrand er godt bebodd. Sula har siste åra opplevdt sterk befolkningsvekst, spesielt i nærområdene til Ålesund kommune. Sula kommune og Ålesund kommune utgjør i dag et sammenvokst bo og arbeidsområde med tilsammen 50 000 innbyggere.
Kommunen var tidligere en viktig fiske- og jordbrukskommune. I dag er flere næringsveier godt representert, blant annet møbel, tekstil, skipskonstruksjon transport og fiskeforedlingsindustri.
Befolkning 7 626 (2008)
Les mer om
Sula kommune
Relaterte studier og skoler for denne stillingen
Se også alle studier innen:
Søknadsinformasjon
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.
Tar du signalet? Vi trenger dyktige sikkerhetskontrollører Veidekke Bane trenger flere dyktige fagfolkog søker deg som har kompetanse som sikkerhetskontrollør.
Veidekke er en av Skandinavias største entreprenører. Selskapet utfører alle typer bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeholder veier og produserer asfalt, pukk