Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse
Helhetstenkende, empatisk med teamforståelse?
Sula kommune
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsbeskrivelse
Heilskapstenkande, empatisk med teamforståing?
Sula kommune er på offensiven for å møte dagens og framtida sine behov for tenesteyting for kommunen sine humørfylte og engasjerte innbyggjarar. Vi etablerer ny organisasjonsstruktur der menneskeleg og fagleg kompetanse blir foreina i den vakraste samhandling. Vi har allereie om lag 700 godt motiverte og innsatsfylte tilsette i kommunen og tilbyr no toppstillinga som kommunedirektør til den som passar best inn i eksisterande leiargruppe og medarbeiderbank. Drift og økonomiske investeringar i kommunal samanheng er godt regulert i lovverk og regulatoriske retningsliner og føringar. Vi ønskjer oss difor ein som ser verdien av å leggje til rette og utvikle den humane kapitalen som Sula kommune har. Du er ein utpreget lagspelar som ser verdien av både å lytte til og utfordre kollegaer, medarbeidarar, politikarar og innbyggjarar. Du har eit overordna og heilskapleg blikk på samfunnsutvikling, parallelt med evne til å bestemme saksinnstillingar med forståing og empati for konsekvensar. KOMMUNEDIREKTØR
Vi tilbyr:
Ei genuin og sjeldan moglegheit til å setje preg på vakre og produktive Sula kommune.
Stillinga som den fremste premissleverandør i utvikling av Sula kommune
Menneskeleg og fagleg utvikling i særklasse
Eit tett og kompakt lag med tverrfagleg kompetanse
Ein arbeidsintensiv kvardag med humor
Ansvar for områda skissert under
Fridom til å løyse oppgåver saman med andre og på eiga hand
Konkurransedyktig løns- og pensjonsvilkår
Dette får du jobbe med:
Leie og utvikle kommunen si verksemd gjennom heilskapleg, inkluderande og strategisk styring
Sikre god økonomistyring og tilpasse drift og tenestetilbod til den økonomiske situasjonen
Utgreie og leggje fram beslutningsgrunnlag, og gjennomføre politiske vedtak til beste for kommunen sine innbyggjarar
Tilretteleggje for eit godt samarbeidsklima og gode prosessar med folkevalde
Overordna leiing av kommunen og samhandling på tvers av sektorane
Sjå heilskapen i organisasjonen, inspirere og motivere medarbeidarar
Sørgje for at partssamarbeidet med dei tilsette sine representantar fungerer som eit lagarbeid
Initiere og motivere til kontinuerleg utvikling av kommunen sine teneste
Leggje til rette for god samhandling og samskaping med innbyggjarar, næringsliv, frivilligheit, samarbeidspartnarar og andre mynde
Utvise engasjement og proaktivitet i samspel med næringsaktørar og andre samarbeidspartnarar for å utvikle kommunen sine næringsmessige fortrinn
Ha den overordna leiinga av utviklingsprosjekt og fortsette å bygge eit berekraftig og mangfaldig Sulasamfunn
Ønska kvalifikasjonar:
Teoretisk utdanning med innhald og nivå tilpassa ansvarsområda
Yrkesmessig erfaring til nytte for arbeidsoppgåvene
Erfaring med leiing, resultatansvar og gjennomføring
Forstå samspel og roller i kommunal/offentleg sektor
Digital forståing, kunnskap og ferdigheiter
Norsk/nynorsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Kjennskap til endrings-, lærings- og utviklingsarbeid
Samhandlingskompetanse
Personlege eigenskapar:
Positiv, moglegheitsorientert med samfunnsengasjement
Genuin, ekte leiarstil med fokus på moglegheiter og styrker
Høg arbeidsmoral og teamforståing
Gjennomføringsevne og disiplin ift. avtaler
Generelt gode kunnskapar innan bruk av digitale verktøy
Glad i å smile
Forstå verdien av læring og utvikling i eit fellesskap
Tole ein trøkk eller to
Tilsettingsprosessen vil vere ei informasjonsutveksling mellom to likeverdige partar der menneskeleg og profesjonell kompetanse bli matcha mot eksisterande team i Sula kommune.
Fram til utløpet av søknadsfristen vil søknadar og førespurnadar bli behandla konfidensielt, om ønskjeleg også ovanfor oppdragsgjevar. Sula kommune er pliktig til å utarbeide offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer å reservere deg mot oppføring, må du søkje om og grunngi dette. Du vil bli kontakta viss søknaden ikkje blir innvilga og vil få høve til å trekkje søknaden.
For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med rådgivarar i Personalhuset: Ivar Morten Normark mobil: Logg inn for å se kontaktinformasjon, Linda Henriksen mobil: 966 25 527, eller ordførar i Sula kommune Jim Arve Røssevoll mobil: Logg inn for å se kontaktinformasjon.
Sula er en øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Sula kommune er omgitt av Ålesund, Giske, Hareid og Ørsta.
Med sine 58 km² er Sula en av de minste kommunene i Møre og Romsdal, samtidig er den en av de mest folketette, 119 innbyggere per km². Nord for øya ligger Borgundfjorden og i sør Storfjorden. Øyas høyeste punkt er Tverrfjellet (776 moh). Omtrent halvparten av kommunens innbyggere bor i kommunesenteret Langevåg. Men også bygdene Mauseidvåg, Solavågen og Fiskerstrand er godt bebodd. Sula har siste åra opplevdt sterk befolkningsvekst, spesielt i nærområdene til Ålesund kommune. Sula kommune og Ålesund kommune utgjør i dag et sammenvokst bo og arbeidsområde med tilsammen 50 000 innbyggere.
Kommunen var tidligere en viktig fiske- og jordbrukskommune. I dag er flere næringsveier godt representert, blant annet møbel, tekstil, skipskonstruksjon transport og fiskeforedlingsindustri.
Befolkning 7 626 (2008)
Les mer om
Sula kommune
Relaterte studier og skoler for denne stillingen
Se også alle studier innen:
Søknadsinformasjon
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.
Tar du signalet? Vi trenger dyktige sikkerhetskontrollører Veidekke Bane trenger flere dyktige fagfolkog søker deg som har kompetanse som sikkerhetskontrollør.
Veidekke er en av Skandinavias største entreprenører. Selskapet utfører alle typer bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeholder veier og produserer asfalt, pukk