Barnehagane i Vang kommune har ledig 3 faste stillingar i 100 % frå 01.08.23, fordelt på Fredheim bhg og Høre bhg.
Me søkjer etter gode fagarbeidarar som brenn for barna si læring og trivsel! Satsingsområdet for barnehagane er "SmartOppvekst" med tankesett som bygger gode eigenskapar, styrkar og livsmeistring.
Høre barnehage
Høre barnehage ligg flott til i naturskjønne omgjevnadar mellom fjell og skog, og er barnehagen som ligg lengst sør i Vang kommune. Barnehagen er ein to-avdelings barnehage på tilsaman 355 m², med eigen gymsal og stort uteområde.
Høre barnehage er fordelt over 3 etasjar, med personalavdeling på toppen, storbarnsavdeling i midten, og småbarnsavdeling i kjellaren.
I Høre barnehage er personalet opptatt av at alle skal ha det bra, og at leik og læring skal vere i fokus. Barnehagen brukar nærmiljøet sitt aktivt, og er mykje på tur i skogen ved gapahuken og i bygda.Elles trives barnehagen godt på det store uteområdet. På kalde dagar nyttast gjerne tida i gymsalen eller på avdelinga.
Fredheim barnehage
Fredheim barnehage er ein sentrumsbarnehage med gangavstand til biblioteket, kommunehuset, skulen og fleirbrukshallen.
Bygget inneheld to avdelingar. Stor avdeling, Grindagjengen, med plass til 32 barn i alderen 4-6 år, og Hugagløtten som er minste avdeling, med plass til 20 barn i alderen 1-3 år. I Vang er det naturleg å vera mykje ute i vår vakre natur. I Fredheim har vi utedagar for alle årskulla på stor avdeling. På minste avdeling ein dag for 1-3 år. Utedagane går til naturskjønne område i nærleiken av barnehagen, aktivitetsparken ved kommunehuset, Søvelbua, turar langs kongevegen.
Dersom du har ein preferanse på kva barnehage du ynskjer å arbeide i kan du nevne dette i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Delta aktivt i leik og aktivitetar
- Medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen, blant anna aktivitetar, samlingsstund og leik
- Medansvar for at dei praktiske arbeidsoppgåvene vert gjennomført i samarbeid med øvrig personale
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis barne - og ungdomsarbeidar, men andre med relevant fagutdanning/fagbrev oppmodast også til å søkje
- Andre utan fagbrev, men med anna relevant utdanning/erfaring kan også søkje
- Fortrinnsvis med erfaring frå liknande arbeid/ arbeid med barn
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som
- som er varm, raus, set borna først og ser læring i leik
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
- er opptatt av å skape gode relasjonar til barna, foreldre og kollegaer
- er strukturert og endringsvillig
Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.
Godkjent politiattest skal leverast ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor
Kontaktinformasjon
Yvonne Mæland, Barnehagefagleg rådgjevar, Vang kommune, Logg inn for å se kontaktinformasjon, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Heidi Lynge Kvale, Konst.styrar Høre bhg, Logg inn for å se kontaktinformasjon, Logg inn for å se kontaktinformasjon Bjørnøy Lalim, Kommunalsjef for utdanning og kultur, Logg inn for å se kontaktinformasjon, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Tyinvegen 5124
2975 Vang i Valdres
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vang KommuneReferansenr.: Logg inn for å se kontaktinformasjon06Stillingsprosent: 100%FastStartdato: 01.08.2023Søknadsfrist: 07.06.2023
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon