Ledig et årsvikariat i 100 % stilling som avdelingsleiar med 50 % leiing og 50 % undervisning frå 1. august 2023
Stillinga som avdelingsleiar er ei stilling som innehar funksjonen som mellomleiar. Dette inneber at avdelingsleiar har ansvar for å leie og fordele det faglege arbeidet i lærarteam/trinn på ein pedagogisk og strukturert måte slik at elevane får eit best mogleg fagleg og sosialt læringsutbytte.Flisnes skule er ein barneskule med ca. 350 elevar og det er omtrent 140 barn som har plass ved vår SFO. Vi ligg i naturvakre omgjevnadar i indre bydel med korte avstandar både til fjell og sjø. Her er god offentlig kommunikasjon til Moa - området og Ålesund bysentrum.
Vi har fokus på å skape ein VI - skole med felles pedagogisk plattform. Vi har innarbeidd gode rutiner for teamsamarbeid og har fokus på å utvikle ein felles kollektiv praksis for våre elevar.
Vi har eit positivt og godt arbeidsmiljø med eit engasjert og utviklingsorientert personale som har god og brei fagkompetanse.
Våre satsingsområde er å skape gode læringsmiljø, fagfornyiinga, tilpassa opplæring og tidleg innsats.
Vår visjon er "Gjennom klare grenser, respekt, toleranse og omsorg ønsker vi å skape trivsel og trygghet som grunnlag for all læring.
Arbeidsoppgåver
- Samarbeid med leiinga om utviklingsarbeidet ved skolen
- Leie og følgje opp det pedagogiske arbeidet på trinna
- Planlegge og gjennomføre trinnmøter
- Drifte vikararbeidet for avdelinga si
- Gjennomføre oppfølgingssamtalar og medarbeidarsamtalar på avdelinga
- Samarbeide med og bistå lærarane i utfordrande saker
- Samarbeide med spesialpedagogisk team, miljøterapeut og helsesjukepleiar i saker på avdelinga
- Bidra til utarbeiding av kompetanseutviklingsplan og planlegging av felles tid
- Følge opp lokale læreplanar, periodeplanar og aktivitetsårshjul i si avdeling
- Bidra inn i timeplanarbeidet, oppfølging av arbeidstidsavtalen og individuelle arbeidsplanar i samarbeid med rekto
- Oppfølgjing av elevane sine rett til eit godt og trygt læringsmiljø
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse
- Har erfaring som lærar
- Ønskelig med erfaring som team/trinnleiar
- Ønskelig med pedagogisk leiarutdanning
- Ønskelig med spesialpedagogisk utdanning og kompetanse
- God kjennskap til kartleggingsverktøy
Personlege eigenskapar
- God på samarbeid,
- Teambyggjar
- Relasjonsbyggjar med gode kommunikasjonsevner
- Stor arbeidskapasitet og stabilitet.
- Problemløysar som har pågangsmot, initiativ og engasjement.
- Er ansvarsbevisst og strukturert
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar i SPK
- Lønn i samsvar med HTA kp 3.4
- Godt arbeidsmiljø
- Ein skule i utvikling
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
Kontaktinformasjon
Merethe Rekdal, Verksemdsleiar,
Logg inn for å se kontaktinformasjonArbeidsstad
Djupmyrvegen 5
6013 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.:
Logg inn for å se kontaktinformasjon47
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 18.06.2023
Logg inn for å se kontaktinformasjon