JOBB MED EIGEDOM I SPEKTAKULÆRE OMGJEVNADER MED DET BESTE NORGE HAR Å BY PÅ AV FJORD OG FJELL!
Me søker deg som vil vera med å utvikle tomtebanken i Myrkdalen og næringseigedom i nokon av landet sine mest populære reisemål og attraksjoner. Med utgangspunkt i Flåm og Myrkdalen har me gjennom 25 år bygd opp ein av Norge sine mest vellukka reiselivssatsinger.
Som eigedomssjef i Norway's best får du overordna ansvar for både utbygging av leilegheiter og tomter, samt drift og utvikling av næringseigedommane i konsernet (ca 30.000 kvm. hotell-, restaurant-, kontorareal samt personanlbustader).
Stillingen rapporterer til finansdirektør og inngår i konsernet si operative leiargruppe. Med på laget får du 5 erfarne og kompetente medarbeidarar med engasjement for å utvikle kundetilpassa fritidsbustader.
Me leiter etter ein teamorientert leiar som kan bygge kultur for samarbeid, erfaringsutveksling og heilhetstenkning, med solid erfaring frå utvikling og forvaltning av eigedomsprosjekt, fortrinnsvis med eit økonomisk- eller finansielt fokus. Du har kommersiell teft og evne til nytenkning.
Du er ein tydeleg leiar med gode kommunikasjonsevner og evne til å oppnå resultat og skape engasjement hjå medarbeidarane. Kunnskap om konseptutvikling og gjerne erfaring frå arbeid med prosjektleiing vil vera eit stort pluss. Stillinga vil kreve at du meistrer både strategiske og operative oppgaver.
Me forutset at du behersker eit skandinavisk språk samt engelsk.
Stillinga gir spanande utviklingsmoglegheiter for deg som vil ta neste steg og kombinere friluftsliv med leiing i eit stort og samansatt konsern.
Søknader behandlast fortløpande.
Gjennom å tilby spektakulære naturbaserte opplevingar har Norway’s best AS posisjonert Flåm og Myrkdalen i over 20 år. Med fyrtårn som Flåmsbana og Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei største turistreisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen finns den mest omfattande skidestinasjonen på Vestlandet. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Hardanger og Lofoten. Norway’s best AS er eigd av Aurland Ressursutvikling som i 2019 hadde ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Aurland Ressursutvikling eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 50% av Flåmsbana og 50% av The Fjords. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk med nettbutikk og Flåmsbanamuseet.
I Norway’s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Logg inn for å se kontaktinformasjon