Floke Molde SØKER FRISØR deltid
Floke avd Molde søker deg som ynskjer å jobbe ein liten stilling som frisør. Arbeidstiden blir då etter behov i travle perioder, ettermiddag, lørdager og i ferier. Stillingen kan fint kombineres med andre jobber eller om du er under utdanning. Du må ha bestått svennebrev i dame/herre frisørfaget. Du må kunne beherske norsk muntlig og skriftlig.
Floke har 8 avdelingar spreidd rundt i Norge. Me er ein god gjeng med dyktige frisørar som er kreative og innovative.
Hjå Floke rekk du ikkje å kjeda deg!
Me jobbar 100% grønt og er sertifisert som Grøn Salong. Dette betyr at me kun tek behandlingar som er fri for allergiframkallande, hormonforstyrrande og sensibiliserande stoff.
Kundar og frisørar slepp på denne måten å disponera seg for skadelege stoff, slik bidreg me til ei berekraftig og attraktiv frisørnæring.
Floke er leiande på det grøne skiftet for frisørar i Norge, me er stadig i utvikling og har mykje å bidra med for deg som ynskjer å utvikla deg og læra frisørfaget på ein annleis måte.
Når me starta opp på Voss i 2008 var målet å skapa ei frisørkjede som gjev kunden ein god opplevelse i stolen i tillegg til at det bideg til ei betre helse for både kunde, tilsette og miljøet rundt oss.
Me legg ned mykje tid på våre leiarar slik at dei klarar å byggje gode team og medarbeiarar, inspirera, motivera og vera gode rollemodellar. Høg kvalitet, framgang og fagleg utvikling har gjort at fleire av våre tilsette har delteke på ulike konkurransar i inn og utland.
Likar du å ha det morosamt på jobb? Er du lidenskapeleg oppteken av faget vårt, miljøet og helsa di? Då er Floke staden for deg.
Vår visjon:
"Floke skal bli Nordens mest kjernesunne og
attraktive leverandør til beste for kunder og frisørar"
Vårt løfte til deg:
"Me tilbyr trygge sunne arbeidsplassar,
100% grøne produkt og allergivennleg behandling."
Våre verdiar er:
Mot - Omtanke - Respekt
Dine personlege eigenskapar:
Du er positiv, initiativrik og omgjengeleg, og ynskjer å jobba i eit miljø med dyktige kollegaer.
Du er fleksibel, og ein god bidragsytar til arbeidsmiljøet.
Konkurransedyktige betingelsar i ei spanande verksemd.
Hjå oss får du;
- Ein fantastisk arbeidsplass!
- Jobba med Noregs fremste ekspertar på grøn frisør konseptet.
- Kurs og fagleg oppdatering fleire gonger årleg
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Gode innteningsmolegheiter
- Godt arbeidsmiljø
- Engasjerte og høgt kvalifiserte kollegaer
- Ein arbeidsplass i ei verksemd i sterk vekst og utvikling
- Eige opplæringsopplegg for våre medarbeidere
- Andre fordeler for deg som medarbeider hjå oss!
Ta kontakt på Logg inn for å se kontaktinformasjon eller kom innom salongen!
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon