Om stillinga
Det blir ledig eit embete som jordskiftedommar ved Hordaland jordskifterett.
Tiltreding 1. april 2024.
Jordskifteretten er lokalisert på rettsstadene Bergen og Voss.
Hordaland jordskifterett dekker kommunane Askøy, Alver, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Eidfjord, Fedje, Kvam, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Voss og Øygarden.
Kontorstad for stillinga vil vere på Voss.Det må påreknast å gjere teneste på begge rettsstadene i rettskrinsen.Domstolen har i dag til saman seks dømande årsverk og ei samla bemanning på 14 årsverk.
Kvalifikasjonskrav
- For stillinga blir det kravd jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå med fagkrins fastsett av departementet, delegert til Domstoladministrasjonen
- Det er ynskjeleg med brei yrkes- og livserfaring
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne, analytisk evne, god menneskekunnskap og gode samarbeidsevner, vil også bli vektlagt
- I tillegg vil det bli lagt vekt på at kandidaten har evne til å vidareutvikle jordskifteretten i tråd med krav og forventningar som brukarane har
Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på .
For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest.
Vi kan tilby
- eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid med rom for fagleg utvikling
- eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
- årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
- moglegheit for ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Lønn etter Statens regulativ, jordskiftedommar kode 0455. Årleg lønn er for tida kr 941 000,-Frå lønna blir det trekt 2 % innskott til Statens pensjonskasse. Skyss- og kostgodtgjersle etter Statens regulativ.Søkjaren må ha førarkort for bil.
Ytterlegare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Dersom det kjem fram av søknaden din at du ønsker konfidensiell behandling, gjer vi oppmerksam på at opplysningar om søker kan bli gjorde offentleg, sjølv om søkar har bede om konfidensiell behandling, jf. offentleglova § 25.
Ved å søkje på stillingar i , samtykkjer du til at vi kan handsame personvernopplysningar om deg. Opplysningane vil berre bli brukte i rekrutteringssamanheng. Personopplysningane dine vil ikkje bli lagra.
Vi ber om at du legg søknad med CV, vitnemål og attestar inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk denne stilling”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eit vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du først såg utlysinga.
Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på /.
Søknadsfrist: 9. oktober 2023