<  
>  
Stillingsannonse

Ulstein Design & Solutions AS, Group System Architect

Søknadsfrist : 14.01.2024

Stillingsbeskrivelse

Vil du vere med å skape framtidas berekraftige skip? 

ULSTEIN Design & Solutions jobbar kontinuerleg for å innovere, engasjere og avansere. Vår ekspertise og kreativitet gir industrien nye innovative design, løyser utfordringar og bidreg til langsiktig konkurransekraft. Vi gjer dette ved å designe og gjennomføre prosjekt med fokus på miljø, kostnadseffektivitet, pålitelegheit og den totale livssykluskostnaden for produktet. Ulstein Design & Solutions si oppdragsmengde er aukande, og vi ser etter ein motivert og engasjert systemarkitekt som er interessert i å bidra i utvklinga av berekraftige systemlsøysingar for skip. Stillinga vil vere ein del av eit spanande fagmiljø og tverrfagleg designteam, og opnar moglegheiter for profesjonell og personleg utvikling i eit internasjonalt miljø.    Designteamet bidreg i heile skipsdesignsyklusen frå skisse til seglande skip, samt med fagleg støtte også vidare i skipets levetid. Som systemarkitekt bidreg du i det multidisiplinære konseptutviklings-teamet som utviklar og definerer skip og skipssystem. Vi søker primært deg som har kunnskap om og bakgrunn frå arbeid med marine kraft-, framdrifts-, automasjons- og elektriske system. Kunnskap om modellering og simulering av system er også av interesse. 

Aktuelle kandidater vil verte kontakta fortløpande


Arbeidsoppgåver

  • Design og dokumentasjon av kraft- propulsjon, automasjons- og elektriske system i konseptutvikling av skip 
  • Kartlegging av krav og utarbeiding av konkurransedyktige løysingar 
  • Dimensjonere kraftsystem og dokumentere kraft og energibalanse 
  • Utarbeide prinsipielle einlinjeskjema  
  • Utarbeide overordna systemdokumentasjon,  t.d.. spesifikasjonar og systemfilosofiar 
  • Design av skipets hjelpesystem 
  • Oppfølging av prosjektgjennomføring i skipsbyggingsprosjekt, samt bidra i ettermarknadsarbeid 
  • Samarbeid og kommunikasjon med reiar, myndigheiter, verft, utstyrsleverandørar m.m. 
  • Vere oppdatert på internasjonale reglar, krav og standardar, tilgjengeleg teknologi og utstyr i marknaden 
  • Salsstøtte 
  • Bidra i forskings- og utviklingsarbeid 

Kvalifikasjonar

  • Master- eller bachelorgrad frå høgskule/universitet 
  • God kunnskap om marine skipssystem 
  • Teknisk, operasjonell og kommersiell forståing for skip og skipssystem 
  • Interesse og forståing for teknologi og teknologiutvikling 
  • Interesse og forståing for datateknologi, digitale verktøy og moglegheitsrommet innan digitalisering 
  • Erfaring med modellering og simulering er ein fordel (Matlab/Simscape, 20-sim, Python) 
  • Kjennskap til internasjonale reglar og standardar 
  • Operasjonell erfaring frå skip og/eller erfaring frå arbeid innan annan skipsrelatert verksemd er ein fordel, men nyutdanna oppmodast også til å søke. 

Personlege eigenskapar

  • Lagspelar 
  • Engasjert og kreativ med gode kommunikasjonsevner 
  • Strukturert, med evne til å arbeide både sjølvstendig og i team 
  • Problemløysande og analytisk med heilheitleg perspektiv 
  • Beslutningsdyktig med evne til å prioritere arbeidsoppgåver 
  • Evne til å tileigne deg kunnskap, dele kunnskap og motivere andre 

Vi tilbyr

  • Kompetent og innovativt fagmiljø 
  • Godt arbeidsmiljø 
  • Konkurransedyktige vilkår  
  • Fleksitidsordning 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 

Kontaktinformasjon

Ann Katrin Barstad, Manager Design, Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidssted

Osnesvegen 118
6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Ulstein Group Referansenr.: Logg inn for å se kontaktinformasjon55 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.01.2024


Logg inn for å se kontaktinformasjon
Om arbeidsgiveren

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.

Ulstein Design & Solutions AS utviklar ei rekke ulike skipsdesign og tilbyr komplette utstyrspakkar, engineeringstenester og siteoppfølging for skipsbygging. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshore olje og gass, havvind, RoPax og cruise til den internasjonale maritime marknaden.

Les mer om Ulstein Design & Solutions AS, Group

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Søknadsfrist : 14.01.2024

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Student
Denne teksten er anonymisert
Match 70%

Se flere annonser

Trainee Innlandet er ikke bare et traineeprogram; det er et springbrett fra høyere utdanning til en stjernestart på karrieren. Vi
27.09.2023 Hele Innlandet
Om stillingenVi har en ambisjon om å være Norges beste lønnsenhet, og nå er vi på jakt etter forsterkninger til
30.11.2023
Om stillingenVi har en ambisjon om å være Norges beste lønnsenhet og nå søker vi etter deg som vil være
30.11.2023
Vi søker flere gode rådgivere til bedriftsmarkedetVi ser etter deg, som på samme måte som oss, er opptatt av gode
30.11.2023 Oslo
Vi utvider teamet og søker flere gode pensjonsrådgivereVi ser etter deg som vil være med å vokse sammen med oss,
30.11.2023 Oslo
Om stillingenRegnskapsseksjonen har ansvar for å føre fullverdig regnskap for hele Statens vegvesen. Det innebærer utvidet ansvar med å bistå
30.11.2023
Om stillingaØnskjer du å kunne bidra med elektrokompetansen din for at alle trafikantar skal få ei så god oppleving som
30.11.2023
Bli med på oppgradering av Riksvegtunnelene i Nord-Norge Om stillingen Er du på jakt etter nye og varierte oppgaver, og
30.11.2023 Flere steder
Vis alle 29.175 ledige stillinger

Fakta om Ulstein Design & Solutions AS, Group