<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Høgskulen på Vestlandet Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i regnskap

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig ei stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor innan rekneskap og skatt ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap

Om stillinga:

Stillinga er plassert ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) Institutt for økonomi og administrasjon (IØA) ved campus Sogndal og vil i hovudsak vera knytt til bachelorutdanninga i økonomi og administrasjon.

Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL har eit stort fagmiljø og eit breitt studietilbod innanfor dei økonomisk administrative faga. Ved campus Sogndal tilbyr vi års- og bachelorstudium i økonomi og administrasjon, økonomi og jus, eigedomsmekling og reiselivsleiing, samt i natur- og opplevingsbasert reiseliv. I tillegg tilbyr vi masterutdannining M.Sc./siviløkonom med spesialiseringa Marketing and Innovation.

Stillinga har arbeidsstad ved campus Sogndal.

Den ledige stillinga er ei 100% stilling, men ved behov kan tilsetjing i deltidsstilling også vera mogleg.


Ansvars- og arbeidsområde:

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

  • Undervisning, rettleiing, oppfølging og sensur av studentar inannfor fagområda finansrekneskap, skatt og eventuelt andre bedriftsøkonomiske emne
  • Forskings- og utviklingsarbeid med relevans for stillinga sitt fagområde
  • Samarbeid om utdanning og forsking internt i FØS og i HVL, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartar

Den som blir tilsett vil også:

  • delta i vidareutvikling av emne og studieplanar
  • delta i utvikling av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeiding av søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • delta i institusjonsbyggande oppgåver som studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
  • bidra i utviklinga av fleksible utdanningstilbod retta mot regional arbeidsliv og livslang læring

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av 

Formell utdanning og kompetanse:

  • For tilsetjing som førsteamanuensis er det krav om norsk doktorgrad innanfor stillinga sitt fagområde eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad godkjend som likeverdig med norsk doktorgrad
  • For tilsetjing som førstelektor må det dokumenterast omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang tilsvarar ein doktorgrad
  • For tilsetjing som høgskulelektor, må søkjar ha mastergrad innanfor fagområdet og relevant praksis
  • Utdanningsfagleg kompetanse
  • Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk i tillegg til engelsk. Søkjarar som ved tilsetting ikkje stør kravet til norsk/skandinavisk språk, kan tilsetjast dersom språkkravet kan oppfyllast innan 2 år etter tilsetjing. Ein må då forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring i løpet av denne tida.

Særskilt om utdanningsfagleg kompetanse:

  • For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV, jf.
  • Søkjarar til stilling som førsteamanuensis, som ved tilsetting ikkje fyller krava til utdanningsfagleg kompetanse, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk.

Ønska kvalifikasjonar

  • Kompetanse innanfor finansrekneskap og skatt, og gjerne i fagområde som økonomisk analyse, økonomisk styring eller finans
  • Relevant og allsidig arbeidserfaring innenfor finansregnskap, skatt og meirverdiavgift
  • Undervisningserfaring frå høgare utdanning på aktuelt fagområde

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Fleksibel og tilpassingsdyktig
  • Positiv innstilling og gode evne til samarbeid
  • Gode formidlingsevner både skriftleg og munnleg
  • Evne til å engasjere og motivere studentar
Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskapleg arbeid (inntil 15 stk)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
  • For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med K .

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga utgjer meir enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. 

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. 


Vi tilbyr:

Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling

Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som x er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode xxxx - tittel.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan bli brukt i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

Ingunn Skjelbreidalen, assisterande instituttleiar.

Tlf. +47 Logg inn for å se kontaktinformasjon

E-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon


Inkludere, utfordre og samhandle



Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon

Logg inn for å se kontaktinformasjon
Om arbeidsgiveren

Frå 1. januar 2017 blir Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), Høgskolen i Bergen (HiB) og Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) fusjonert til ein ny høgskule på Vestlandet.

Den nye høgskulen skal vere del av ein sterk UH-sektor på Vestlandet gjennom oppbygging av sterke fagmiljø i ein viktig og synleg utdannings- og forskingsinstitusjon med universitetsambisjonar. Med god forankring i dei tre nærregionane Sunnhordland/Haugalandet, Bergensområdet og Sogn og Fjordane, vil høgskulen ha ein profesjons- og arbeidslivsprofil som gjer seg gjeldande i både nasjonal og internasjonal samanheng.

Kompetansefellesskapet som fagmiljøa i den nye høgskulen utgjer, vil betre kunne svare på regionale, nasjonale og internasjonale behov for omstilling og endring. Høgskulen skal vere ein konkurransedyktig og attraktiv institusjon for studentar og fagpersonar, og vil gjennom ei digital satsing sikre effektiv informasjonsdeling og utvikle framtidsretta utdannings- og læringsfellesskap ved hjelp av ny teknologi.

Den fusjonerte høgskulen vil vere ein av landets største, med om lag 16 000 studentar og 1600 tilsette fordelt på fem studiestader - Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. Hausten 2016 har eit interimsstyre med ekstern styreleiar ansvar for avgjerder som gjeld fusjonen. Frå 1.1.17 går interimsstyret over til å vere styret for den nye høgskulen, som blir samla under felles institusjonsleiing, med tilsett rektor.

Les mer om Høgskulen på Vestlandet

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • MAR 06
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAR 07
    2024
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • MAR 10
    2024
    4 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
Flere muligheter

Se flere annonser

Send en åpen søknad til Trainee Narvikregionen! Vi deler din søknad med aktuelle arbeidsgivere i hele regionen!
Fortløpende Flere steder
Til vårt verksted i Trøndelag søker vi en medarbeider til en spennende stilling som Mekaniker. Med høy pågang i markedet, stadig
04.04.2024 Hele Trøndelag
Er du opptatt av vei og veivedlikehold, og vil være med å holde god standard på veiene i Romsdal?  Til vår
17.03.2024 Rauma
Vi er på utkikk etter ny driftsleder til vår nye kontrakt på Åmli med en kontraktsvarighet på 5 år (2024-2029). Kan
17.03.2024 Arendal
Er du opptatt av vei og veivedlikehold? Vi søker nå etter 3-4 personer som vil være med på å holde god
17.03.2024 Arendal
Veidekke er og har vært Norges største entreprenørselskap i over 20 år. En av grunnpilarene i strategien vår er at
24.03.2024 Oslo
Er du opptatt av vei og veivedlikehold, og vil være med på å sikre og holde god standard på Riks og
10.03.2024 Flere steder
Har du lyst til å bli en del av teamet vårt i Laboratoriet Nord, FO Asfalt? Vi søker etter en
15.03.2024 Sortland
Vis alle 43.998 ledige stillinger

Fakta om Høgskulen på Vestlandet