<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Statens vegvesen Økonomirådgjevar/ controllar Miljøløftet

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Vi ser etter deg med naturleg interesse for tal og med analytiske evner. Du har god forståing for offentleg forvaltning generelt og økonomiske verkemiddel spesielt. Hvis du i tillegg liker og er god på å framstille informasjon på ein lettfatteleg måte for publikum, kan du vere den rette for oss.

Stillinga inngår i Miljøløftets sekretariat, som rapporterer til styringsgruppa for Miljøløftet.

Sekretariatet legg til rette for gode prosessar i samarbeidet mellom partane. Du vil bli del av eit lite og lystprega sekretariat med godt arbeidsmiljø og sterk arbeidsvilje. Sekretariatet består av til saman fem tilsette med arbeidsstad i Bergen sentrum. Du kan lese meir om arbeidet vårt på www.miljøløftet.no


Arbeidsoppgåver

Den viktigaste oppgåva vil vere å utarbeide grunnlag for porteføljestyring og oppfølging av økonomien i Miljøløftet. I stillinga er det venta at du held oversikt over Miljøløftet sine samla bevillingar og bruken av ulike finansieringskjelder, samt hentar inn og formidlar faktagrunnlag om inntekter og framdrift på tiltak i Miljøløftet. Gjennom arbeidet skal du legge til rette for at partane har innsyn i og oversikt over disponeringar i Miljøløftet, og gje råd om avvikshandtering.

Som del av eit lite sekretariat, er òg arbeid med saksførebuing, gjennomføring og oppfølging etter møte ei sentral oppgåve. Det vil mellom anna seie å samle inn og framstille ulike typar data, og å presentere desse på ein god måte. Arbeidet er i stadig utvikling, så det er venta at du deltek i, og leiar prosessar når det trengst, og at du bidreg til å vidareutvikle både rutinar og praksis.


Kvalifikasjonar
  • Høgare økonomisk utdanning, siviløkonom, samfunnsøkonom, eller tilsvarande på masternivå. Lang relevant erfaring kan erstatte formell kompetanse
  • Det er naudsynt med erfaring med vanlege digitale verktøy, og god kunnskap i excel
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Det er ønskeleg med relevant erfaring med økonomisk analyse
  • Ønskeleg med erfaring frå å leie og gjennomføre prosessar
  • Det er ein fordel å ha kjennskap til og innsikt i politiske prosessar og offentleg forvaltning
  • Erfaring og kjennskap til transportfaglege oppgåver og/eller store utbyggingsprosjekt er ein fordel

Personlege eigenskapar

I samspel med dei andre kvalifikasjonane, legg vi stor vekt på personlege eigenskapar. Vi ser etter ein kollega som er engasjert og har gode samarbeidsevner. Vi jobbar i eit dynamisk miljø med mange samarbeidspartar, og det er viktig at du er sjølvstendig og handlekraftig, og at du tek initiativ og ansvar for å utvikle oppgåvene. Du må ha evne til å forstå og formidle komplekse problemstillingar, og kunne formidle desse godt, både skriftleg og munnleg.

Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, anbefaler vi ei autorisert oversetting av dine papir og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsløysingane på ditt fagfelt. Me gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikla deg, både fagleg og personleg, i takt med dei nye utfordringane i samfunnet. Me tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Me tilbyr deg også desse goda:

  • Ein spennande arbeidskvardag med god balanse mellom arbeid og fritid
  • Arbeidsplass sentralt i Bergen med moglegheit for fjernarbeid/ heimekontorløysingar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid og gode ordningar for å avspasere
  • Moglegheit for trening i arbeidstida
  • Løna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår

Din lønn avtales i samsvar med vår lønnspolitikk.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdannelse" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Vi ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering. Vi gjer óg merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søkerlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservera deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngivast. Viss me ikkje kan ta ønsket ditt til følgje, tek me kontakt med deg.


Har du spørsmål om stillinga?

Ønsker du meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Aina Haugstad, telefon 977 00 413.




Logg inn for å se kontaktinformasjon
Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag. 

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • FEB 22
    2024
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • FEB 24
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • FEB 25
    2024
    11 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • FEB 27
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • FEB 29
    2024
    5 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
Flere muligheter
33 ledige stillinger
Traineeprogram
Internship / Praktikanter

Se flere annonser

Ønsker du å vise deg frem for spennende bedrifter i Nord-Gudbrandsdal?
29.02.2024 Sel
Har du interesse av kraftstasjonsdrift? Synes du i tillegg ROS-analyse er spennende? AS Eidefoss er et konsern som produserer, distribuerer,
29.02.2024 Vågå
Få praktisk erfaring og bygg din CV i sommer! AS Eidefoss er et konsern som produserer, distribuerer og selger fornybar energi
29.02.2024 Vågå
Har du interesse av bygg/anlegg og vassdragsteknikk? Da er Vågå stedet for deg i sommer! AS Eidefoss er et konsern
29.02.2024 Vågå
I SpareBank 1 Gudbrandsdal bygger vi vår virksomhet på verdiene nær, dyktig og fremtidsrettet. Vi jobber kontinuerlig for å gi
29.02.2024 Sel
Fagleg og sosialt givande sommarjobb for deg som er studentLom kommune søkjer etter ein framoverlent og framtidsretta bachelor- eller masterstudent
29.02.2024 Flere steder
Internship Gudbrandsdalen ønsker å satse på unge krefter som viktige bidragsytere til regionen- både nå og i fremtiden. Du som studerer til en bachelor eller
29.02.2024 Sel
Vi søker etter 2 interns som kan være del av programmet "Internship Gudbrandsdal" og hospitere hos oss på Otta i
29.02.2024 Sel
Vis alle 58.280 ledige stillinger

Fakta om Statens vegvesen