<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Statens vegvesen Kontrollingeniør

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Vi ønskjer å styrkje kontraktsgruppa til Vegdrift Bergen og vi er derfor på jakt etter ein ekstra kontrollingeniør som kan passe inn i gruppa vår. Stillinga er plassert i avdeling Drift og vedlikehald vest, seksjon Drift 1, og har kontorplass i Bergen. Som kontrollingeniør for driftskontrakt Bergen hjelper du byggjeleiar med å følgje opp vegkontrakten 9304. Driftskontrakt 9304 Bergen dekkjer vegdrift av europa- og riksvegane mellom Halhjem-Opedal, Sotra-Voss og ut til Flesland.

Kontrollingeniør har ansvar for å planleggje og gjennomføre kontroll av leveranse, medverke i byggjemøte og andre møte, ha dialog med entreprenør, og dessutan hjelpe til med å koordinere arbeid med andre faggrupper, seksjonar og etatar.

Ein kontrollingeniør må vere ryddig og real. God kontakt og godt samarbeid med entreprenørar og konsulentar er like viktig som fagkunnskap og teknisk innsikt. Du representerer Statens vegvesen overfor samarbeidspartnarane våre. Arbeidet har ein god balanse mellom oppfølging ute og administrativ oppfølging inne.

I samband med planlegging og oppfølging av arbeida nyttar vi Statens vegvesen sine dataverktøy; du må vere komfortabel med å jobbe med data, og du må kunne meistre Office-program. Du vil arbeide tett saman med seksjonsleiar, prosjektleiarar, hovud-byggjeleiar, teknisk byggjeleiar tunnel, og fleire kontrollingeniørar på kontrakten. Du vil og vere jamleg i kontakt med andre i Vegvesenet, entreprenørar, offentlege etatar, grunneigarar, media, og andre som blir påverka av driftsoppgåvene.

Vi ønskjer oss ein ny medarbeidar som har kunnskap og erfaring frå drift av veg, og i tillegg er det ønskjeleg med erfaring frå byggjeleiing/anleggsleiing.

 

Dei mest sentrale arbeidsoppgåvene vil vere:

  • Følgje opp og kontrollere arbeida til entreprenørane inne og ute
  • Medverke i byggjemøte
  • Oppfølging av HMS/SHA ute på arbeidsstadene
  • Planlegging, iverksetjing og oppfølging av drifts- og vedlikehaldsoppgåver
  • Behandle tekniske avklaringar
  • Handtering av avvik, tillegg og endringar
  • Bidra i oppfølging av framdrift og kontrollplanar
  • Bidra i overlevering av nye anlegg til drift
  • Bidra med kunnskap og erfaring i nyanlegg og tunneloppgradering elles i etaten
  • Bidra i utarbeiding av nye kontraktar
  • Delta i byggherrevakta

Det må i stillinga påreknast noko reiseverksemd utor base Bergen, og noko arbeid utover normal arbeidstid, avhengig av sesong og fokusområde på kontroll.

 

Kompetansekrav

  • Du må ha treårig relevant utdanning frå høgskule. For kandidatar med sterk og allsidig praksis, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan utdanningskravet fråvikast. Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå NOKUT
  • Du må ha førarkort klasse B

 

Vi vil leggje vekt på følgjande eigenskapar:

  • Kunnskap og erfaring frå bygging, drift eller vedlikehald av samferdselsanlegg 
  • Kunnskap om lover, forskrifter og regelverk innan fagområde
  • Relevant fagbrev er ønskjeleg
  • Du meistrar elektroniske verktøy for oppfølging og rapportering
  • Du er god på Office-program og andre dataprogram
  • Du må kunne arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Du må vere omgjengeleg og ha praktisk sans
  • Kjennskap til vegnettet i kontraktsområdet
  • Du må ha evne til å ta initiativ og vere resultatorientert
  • Du må kunne kommunisere godt både skriftleg og munnleg på norsk
  • Du har gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø

 

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

 

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

 

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

 

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

 

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg. Send inn søknad her.

 

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt seksjonssjef Ole Endal Svåsand tlf. 47701924.

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag. 

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • FEB 22
    2024
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • FEB 24
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • FEB 25
    2024
    11 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • FEB 27
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • FEB 29
    2024
    5 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
Kandidatmatch
Student
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Msc. Student, Societal safety
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Flere muligheter
33 ledige stillinger
Traineeprogram
Internship / Praktikanter

Se flere annonser

Ønsker du å vise deg frem for spennende bedrifter i Nord-Gudbrandsdal?
29.02.2024 Sel
Har du interesse av kraftstasjonsdrift? Synes du i tillegg ROS-analyse er spennende? AS Eidefoss er et konsern som produserer, distribuerer,
29.02.2024 Vågå
Få praktisk erfaring og bygg din CV i sommer! AS Eidefoss er et konsern som produserer, distribuerer og selger fornybar energi
29.02.2024 Vågå
Har du interesse av bygg/anlegg og vassdragsteknikk? Da er Vågå stedet for deg i sommer! AS Eidefoss er et konsern
29.02.2024 Vågå
I SpareBank 1 Gudbrandsdal bygger vi vår virksomhet på verdiene nær, dyktig og fremtidsrettet. Vi jobber kontinuerlig for å gi
29.02.2024 Sel
Fagleg og sosialt givande sommarjobb for deg som er studentLom kommune søkjer etter ein framoverlent og framtidsretta bachelor- eller masterstudent
29.02.2024 Flere steder
Internship Gudbrandsdalen ønsker å satse på unge krefter som viktige bidragsytere til regionen- både nå og i fremtiden. Du som studerer til en bachelor eller
29.02.2024 Sel
Vi søker etter 2 interns som kan være del av programmet "Internship Gudbrandsdal" og hospitere hos oss på Otta i
29.02.2024 Sel
Vis alle 58.284 ledige stillinger

Fakta om Statens vegvesen