Beskrivelse
Det er ledig 100 % fast stilling som kommunefysioterapeut frå 1. mars 2013.
Arbeidsstad
Dalekvam.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er hovudsakleg førebyggjande og rehabiliterande oppgåver, individuelt og i grupper retta mot born og vaksne.
Krav til kompetanse
Autorisasjon som fysioterapeut.
I vurderinga av søkjar vert det lagt vekt på relevant erfaring frå kommunehelseteneste og erfaring frå arbeid med vaksne/eldre og born/unge. Kunnskap om og erfaring frå relevante problemstillingar i kommunen vert og tillagt vekt.
Evne og vilje til å arbeide systematisk og målretta, både sjølvstendig og tverrfagleg, er ein føresetnad.
Stillinga krev struktur, sjølvstende og initiativ som kan bidra til god tenesteutvikling. Personlege kvalifikasjonar som t.d. evne til samarbeid og omstilling vert tillagt vesentleg vekt.
Lønsvilkår
Etter gjeldande lov og avtaleverk.
Vaksdal kommune kan tilby
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Det er krav om sertifikat i stillinga.
Den som vert tilsett, må leggje fram politiattest.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
For tilsette som søkjer på stilling, logg på med eige brukarnamn og passord, sendt ut tidlegare.
Treng du hjelp, kan du venda deg til kundetorget tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 56 59 44 84/56 59 44 33.
Søknadsfrist 18.02.2013
Utlyst dato 29.01.2013
Vårref 78
Kontaktpersoner
Ole Miltzow Thorseth 56594410, Ole.Thorseth@vaksdal.kommune.no
Adresse: 5721 DALEKVAM
Web: www.vaksdal.kommune.no