<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Stipendiat i rein matematikk Universitetet i Bergen

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiat

Ved  ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i rein matematikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.

Om instituttet
I dagens høgteknologiske samfunn, er kompetanse innan matematiske fag viktigare enn nokonsinne for å lukkast med å løysa dagens og framtidige utfordringar: matematikk er språket frå naturvitskapen. Ved Matematisk institutt tilbyr vi utdanning i matematiske fag på bachelor-, master- og doktorgradsnivå, i tillegg til lærarutdanning i matematikk. Vi forskar breitt - frå grunnleggande teori til anvendt modellering og utrekningar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga er meint å gjeve lovande og motiverte kandidatar med ei sterk bakgrunn i avansert matematikk høve til å forfølgje avansert forsking som fører fram til doktorgrad innan eit av forskingsområda i rein matematikk som er representert ved instituttet. Desse områda er: algebra, algebraisk geometri, analyse og partielle differensiallikningar, topologi.

Meir spesifikt jobbar vi med kombinatorisk kommutativ algebra, kategoriske aspekter ved algebra, algebraisk geometri, K-teori, ekvivariant og motivisk homotopi teori, analyse på mangfoldigheitar, dispersive partielle differensiallikningar.


 Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.07.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. 

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:
  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø 
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
  • medlemskap i Statens pensjonskasse

Søknaden skal innehalde:
  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 31.07.2024)
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. )
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste). I tilfellet du ennå ikkje har oppnådd mastergrad, må du leggje ved siste versjon av masteroppgåva
  • eventuelle publikasjonar i ditt namn

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. 


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Antonella Zanna,

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Magnus Larsen,

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen .

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.





Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen (UiB) er Norges nest eldste universitet, og ble opprettet i Bergen i 1946. Med sine vel 14 500 studenter og ca. 3 200 ansatte er det et mellomstort europeisk universitet. Det er et byuniversitet der sentrale deler av campus ligger i umiddelbar nærhet til de sentrale delene av Bergen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i seks fakulteter og rundt 60 institutter og faglige sentre. Les mer om Universitetet i Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • APR 22
    2025
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 23
    2025
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
forsker / grafisk designer / geolog
Denne teksten er anonymisert
Match 70%

Se flere annonser

Liker du å jobbe med barn og gjøre en forskjell i andres hverdag? Dedikert BPA assistent søkes til aktiv gutt
02.05.2025 Oslo
Resepsjonist til Norges mest moderne sykehjem
01.05.2025 Bærum
Vi trenger sykepleiere til Norges mest moderne sykehjem!
11.05.2025 Bærum
Kvinne (34 år) søker en trygg assistent!
Snarest Oslo
Voksen, sosial dame søker assistent!
14.05.2025 Oslo
Er du vår nye Data Developer?
02.05.2025 Bærum
Vil du bidra til vår satsning i pensjonskassemarkedet?
30.04.2025 Bærum
Er du en lidenskapelig teknolog med et ønske om å utvikle og inspirere?
01.05.2025 Bærum
Vis alle 34.427 ledige stillinger

Fakta om Universitetet i Bergen