<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Statens vegvesen Kunderettleiar / sakshandsamar - Ørsta trafikkstasjon

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Vi har ledig ei 100% fast stillingar som kunderettleiar/sakshandsamar ved Ørsta trafikkstasjon. Du må rekne med å jobbe ved andre trafikkstasjonar i området ved behov.

Som kunderettleiar betener du trafikant- og køyretøydivisjonens førsteline, som har ansvar for operative oppgåver, kundebetening og handsaming av saker innafor området trafikant og køyretøy. Vi søkjer derfor etter personar som trivst med kundekontakt og har gode formidlingsevner.

Vi løyser stadig fleire oppgåver med digitale verktøy, og er under kontinuerleg endring. Det er derfor viktig at våre medarbeidarar er omstillingsdyktige og ynskjer å ta del i endringsprosessar, og vi set pris på om du er ein delaktig pådrivar for dette. Det er viktig for oss at dei tilsette blir trygge på sine arbeidsoppgåver og her vil du bli en del av eit miljø der vi hjelper og støttar kvarandre.

 

Arbeidsoppgåver

  • Kundehandsaming i skranke, på e-post og telefon
  • Utferding av førarkort og andre kompetansebevis
  • Prøveleiar for teoriprøvar
  • Registrering av køyretøy (bestille skilt, krevje inn ulike avgifter, utskrive vognkort)
  • Sakshandsaming etter Vegtrafikklova med tilhøyrande forskrifter
  • Rettleiing av kundar over telefon

For å lukkast i arbeidet som kunderettleiar er det viktig at du trivst med kundekontakt i skranke og på telefon. Handheving av lover og forskrifter kan avvike frå kundens ynskjer, men målet vårt er alltid å sikre ei positiv oppleving.

Vår arbeidskvardag er hektisk og detaljrik, så det gjeld å halde hovudet kaldt. Du vil få god opplæring, før vi  forventar at du arbeider sjølvstendig og effektivt med dine oppgåver, og at du samstundes  bidreg til samarbeid og felles framgang for teamet.

 

Kvalifikasjonskrav

  • 3-årig utdanning frå høgskule eller universitet innan relevante fagområde
  • Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • God munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk og engelsk
  • Erfaring frå serviceverksemd eller offentleg tenesteyting og interesse for juss, er ein fordel
  • Vi legg vekt på kommunikasjonsferdigheiter «ansikt til ansikt»
  • Vilje og kompetanse til å setje seg inn i nye system og verktøy som er ein del av kvardagen vår
  • Førarkort klasse B

Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ein autorisert omsetjing av dine papir og godkjenning frå HKDIR.

 

Personlege eigenskapar

I samspel med kvalifikasjonar leiter vi og etter rette eigenskapar, haldningar og motivasjon. Til denne stillinga er vi på utkikk etter ein kollega som har desse eigenskapane:

  • Du er fleksibel, og har gode evner til å tilpasse deg ulike situasjonar og menneske
  • Du er serviceinnstilt og komfortabel med å kombinere tenesteyting og god kundehandsaming med myndigheitsrolla
  • Du har godt humør og gode samarbeidsevner og bidreg til å styrke dine kollegaer.
  • Du er nøyaktig, systematisk og effektiv
  • Du trivst med å ta initiativ, og blir motivert av resultat
  • Du er sjølvstendig og tek eigne avgjerder, og spør om hjelp viss du er usikker

 

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

 

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksibel arbeidstid og moglegheiter for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

 

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

 

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

 

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

 

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Bente Sørlie tlf. 90 79 42 33

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag. 

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • MAI 26
    2024
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • MAI 27
    2024
    5 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • MAI 28
    2024
    2 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAI 29
    2024
    3 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAI 30
    2024
    5 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • MAI 31
    2024
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • JUN 02
    2024
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Flere muligheter
21 ledige stillinger
Traineeprogram
Internship / Praktikanter

Se flere annonser

Aleris Tromsø har nylig flyttet inn i topp moderne lokaler i Stakkevollveien 41. Vi har i dag 3 operasjonsstuer og
Snarest Tromsø
Aleris Agder i Lillesand holder til i moderne og funksjonelle lokaler, hvor pasientene skal føle seg i sentrum. Vi har
Snarest Lillesand
Er du klar for et interessant år som prosjektingeniør i Ymber-konsernet? Har du nylig fullført, eller nærmer du deg fullført
09.06.2024 Nordreisa
Vi søker en dyktig rådgiver/seniorrådgiver innen fagområdet naturrådgiving.  Vi søker etter deg som har en god grunnkompetanse innen relevant fagfelt, men
30.05.2024 Harstad
Om stillingaDet nasjonale regelverket innan avfall er under omfattande utvikling for å støtte opp om ein sirkulær økonomi og for
02.06.2024 Oslo
Til vår avdeling i Oslo ser vi etter en serviceingeniør innen ventilasjon. Vi bistår kunder over hele regionen med service, vedlikehold, og
Snarest Oslo
Om oss I Bane Nor har me eitt felles mål – å setja spor me er stolte av, som kan
11.06.2024 Ål
I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan drive samfunnet
11.06.2024 Tønsberg
Vis alle 22.594 ledige stillinger

Fakta om Statens vegvesen