<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Norsk Filminstitutt Seniorrådgivar dataspelkultur

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Tid for spill – dataspelstrategien til regjeringa 2024-2026 inneheld eit tiltak om at regjeringa vil opprette eit nasjonalt kompetansesenter for dataspelkultur under Norsk filminstitutt (NFI), i samarbeid med Kulturtanken og Medietilsynet. Mandatet på kompetansesenteret skal vere å samle, styrkje og dele kunnskap om kompetanse om dataspel og dataspelkultur, først og fremst dataspel som kulturuttrykk, fritidsaktivitet og e-sport.

I samband med opprettinga av kompetansesenteret skal NFI tilsetje ein seniorrådgivar som skal arbeide med området dataspelkultur.

Eit av dei strategiske tiltaka våre er at Norsk filminstitutt (NFI) skal fremje det kulturelle møtet mellom menneske. Som seniorrådgivar for dataspelkulturområdet vil du vere ein viktig ressurs og bidragsytar i arbeidet med å realisere dette tiltaket.

Vi trur at vi når måla våre best gjennom å samhandle på tvers og dele erfaring og kompetanse.

Stillinga er 100 % fast, er organisatorisk plassert i seksjon for spill og MEDIA Desk, og har arbeidsstad Bergen.

Kven er du?

Vi ser etter deg som har gode samarbeidsevner, men som kan jobbe sjølvstendig og har evne til å ta sjølvstendige avgjerder. Du kan kommunisere godt, både skriftleg og munnleg, har gode analytiske evner og ei ryddig og strukturert tilnærming til arbeidsoppgåvene.

Stillinga vil krevje at du er fleksibel i forhold til reising, og nokre samanhengande arbeidsdagar i Oslo i månaden må påreknast.

I tillegg er du ein miljøskapar som er god til å bygge relasjonar og nettverk.

Arbeidsoppgåver

Alle arbeidsoppgåver som vil følgje stillinga er ikkje endeleg utforma, då du vil vere med å byggje opp kompetansesenteret. Men hovudoppgåvene til stillinga er klare, og vil vere:

  • Bidra til opprettinga av Nasjonalt kompetansesenter for dataspelkultur
  • Samle og dele informasjon om dataspelkulturområdet
  • Bidra til å dele kunnskap og kompetanse med det offentlege Noreg og aktørar med offentlege tiltak, både skriftleg og i nokre tilfelle gjennom fysiske kompetansetiltak
  • Vera prosjektleiar for utgreiingsprosjekt som blir gjorde i samarbeid med NFIs analyseeining
  • Leie arbeid med å skrive rapportar og rettleiarar som kompetansesenteret har ansvar for å produsere
  • Bidra i arbeidet med å vidareutvikle og forme ut tilskotsordningar på feltet, og behandle desse

Krav til kompetanse

  • Høgare utdanning, minimum på bachelornivå
  • Erfaring frå tekstproduksjon
  • Erfaring med prosess- og/eller prosjektleiing
  • Erfaring frå analysearbeid
  • Gode skriftlege og munnlege formuleringsevner i norsk og engelsk
  • Realkompetanse innan analysearbeid kan kompensere for kravet om formell utdanningd

Det er ein fordel om du har utdanning innan medier og kommunikasjon, prosjektleiing, kulturformidling eller innovasjon. Det er også ønskeleg at du har kunnskap om dataspelkultur, esport og dataspel generelt, og dessutan erfaring frå offentleg forvaltning og kommunikasjonsarbeid.Det vert vektlagt at du er personleg eigna.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med lønnsregulativet til staten. Stillinga blir lønt som seniorrådgivar (SKO 1364) i ltr 65 til 68 (kr 635 400 - 667 400 per år), avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vurderast. 
  • Eit dynamisk og kompetansedrive arbeidsmiljø
  • Nye, oppgraderte lokale i Media City Bergen, og i Dronningens gate i Oslo
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode betingelser for pensjon, bustadlån og forsikringar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Interne filmframsyningar av aktuelle norske filmar og månadens film på Cinemateket
  • Gratisbillettar til dei fleste av Cinematekets visningar
  • Gratis digitalt interaktivt treningstilbod, rabatt på treningsstudio og refusjon av treningsavgift

 Andre opplysningar

Norsk filminstitutt jobbar kontinuerleg med forbetring og endringar og har ambisjon om å vere ei framoverlent verksemd innan mangfald og inkludering. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkarar, uansett alder, kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne, etnisk eller sosial bakgrunn, til å søke på stillinga. Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil si positivt særhandsama, må søkarane oppfylle visse krav. Les meir om

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkarane kan bli gjorde offentlege. Dersom du ønsker å søke om unntak frå offfentlegheit, ber vi deg opplyse om dette og grunngje det når du sender inn søknaden.



Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon

Logg inn for å se kontaktinformasjon
Om arbeidsgiveren
Les mer om Norsk Filminstitutt

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Se flere annonser

Trives du med å jobbe tett på folk og yte service? Da kan du være aktuell for teamet vårt.Oris Dental
06.07.2024
Want to deliver the next generation of data solutions for the energy industry? Get excited when you show others how
06.07.2024 Sandnes
Om stillingenEr du opptatt av godt vannmiljø og ønsker å bidra til helhetlig forvaltning av elver, innsjøer og kystvann? Har
11.08.2024 Oslo
Forsvarsbygg har en sentral rolle i å opprettholde Norges frihet og suverenitet. Vårt oppdrag er å sørge for at alt
30.06.2024 Målselv
Oris Dental Narvik søker nå etter en positiv og faglig engasjert tannpleier til et vikariat i 100% stilling. Vikariatet varer
04.07.2024 Narvik
Vil du jobbe med å skape energieffektive og bærekraftige bygg? Som landets største aktør innen byggautomasjon vil du som prosjektleder
07.07.2024 Tønsberg
Bli en del av TeamGK Vi i GK drives av å utvikle, bygge og drifte smarte og tekniske løsninger som
19.07.2024 Stavanger
Vi i GK drives av å utvikle, bygge og drifte, smarte og tekniske løsninger som reduserer klimabelastningen fra gamle og
18.08.2024 Bergen
Vis alle 38.958 ledige stillinger