<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Systemutviklar (senioringeniør/overingeniør) ved IT-avdelinga - Sensitive data og LabIT Universitetet i Bergen

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vær med og form framtidas IT-tenester for forsking ved UiB!

Handtering og prosessering av forskingsdata har dei siste åra vekse fram som eit stadig viktigare område for forsking og kunnskapsutvikling. Ved IT-avdelinga si er det no ledig ei fast stilling knytt til utvikling og drift av løysingar for handtering og lagring av sensitive forskingsdata (SAFE) og data generert ved vitskapeleg laboratorieutstyr (LabIT). SAFE er UiB sitt såkalla ‘sikre analyserom’ og har i dag meir enn 500 brukarar innafor ei lang rekke fagområde, som medisin og helse, psykologi, samfunnsvitskap og kunst. Lab-IT er ei løysing som tilbyr nettverk, lagring/backup og fjerntilgang for avanserte instrument brukt i forsking ved UiB, til dømes mikroskop. Vi bidreg i tillegg til ei rekke nasjonale og internasjonale infrastrukturprosjekt, støtta av mellom anna Noregs Forskningsråd, Direktoratet for e-helse, EU og EOSC / European Open Science Cloud.

IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Avdelinga ynskjer å vere digitalt leiande og leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar.

IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Vi legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Avdelinga har ei produktbasert tilnærming til alle leveransar. Den jobben har starta, og vi inviterer til å ta del i den vidare utviklinga. Sjå meir om IT-avdelinga

Ved produktområde for forskingstenester har vi no til saman fire faste stillingar utlyst, sjå gjerne om dei andre tre også er aktuelle for deg

Arbeidsoppgåver:

I denne jobben vil du være ein del av IT avdelinga si produktlinje for sensitive data og LabIT. Produktlinja tel i dag seks personar, som utviklar og drifter tenester for forsking. Du vil samarbeide med andre ingeniørar, forskarar og andre tilsette både ved IT-avdelinga og ved fakultet og institutt ved UiB.

Hovudoppgåva til denne stillinga vil være å utvikle, forvalte og drifte løysingar i SAFE for innhenting- og behandling av sensitive forskingsdata, til dømes personsensitive data frå helseregistre, befolkningsstudiar, genomikkanalysar, ulike typar spørjeskjema og videoopptak

Andre oppgåver som inngår er:

  • Utvikle sikre løysingar for dataoverføring.
  • Automatisere drift og tenester for sensitive forskingsdata.
  • Kontinuerleg forbetre alle tenester produktlinja leverer.
  • Dokumentasjon av teneste og rutinar.
  • Bidra aktivt i utviklinga av produkt gjennom samarbeid med forskarar og partnarar.
  • Bidra med teknisk kompetanse i utvikling og drift av alle løysingar som produktlinja har ansvar for.
  • Bidra til å vidareutvikle produktområda ved seksjonen og øvrig fagmiljø ved IT-avdelinga.
  • Delta i relevante e-infrastrukturprosjekt lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Kompetanse innan programmering i eitt eller fleire av språka Python, JS, PHP.
  • Erfaring med DevOps på Linux, som Docker, Gitlab, CI/CD, Ansible og Shell.
  • Erfaring med databasar, som MariaDB/MySQL, Postgresql.
  • Erfaring med å bygge og bruke RestAPIer er ønskeleg.
  • Erfaring med integrering og automatisering av system.
  • God teknisk forståing av både applikasjonsutviklingsprosessar og rammeverk.
  • Evne til å sette deg inn i brukarens behov.
  • For overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitetet eller høgskule, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning.
  • For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter -og vidareutdanning.

Vi søkjer ein person som

  • Er ein lagspelar som deler sin kompetanse og ser verdien av å gjere andre gode.
  • Tar initiativ, er nysgjerrig og har evne til å skaffe seg naudsynt kompetanse.
  • Viser interesse for å finne dei gode og enkle løysingane i samspel med brukarar, systemeigarar og eige team.
  • Er arbeidsvillig og har gjennomføringsevne.
  • Kan jobbe sjølvstendig, strukturert og er kvalitetsbevisst med auge for detaljar.
  • Kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.

Kjenner du deg att i noko, men ikkje alt? Ingen problem, send oss ein søknad kvar du greier ut om kva du kan og vil jobbe meir med. Vi har alltid plass til spanande medarbeidarar med ulik bakgrunn.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
  • Stilling som overingeniørar (kode 1087) kr 604 900 - 692 400 eller senioringeniør (kode 1181) kr. 657 300 - 759 100 avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Moglegheit for avtale om delvis heimekontor.
  • Gode

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: produktlinjeleiar Christine Stansberg (, mobil Logg inn for å se kontaktinformasjon) eller produktområdeleder Alexander Oltu (, mobil Logg inn for å se kontaktinformasjon).

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.

Vi oppmodnar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. 

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen .



Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon

Logg inn for å se kontaktinformasjon
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen (UiB) er Norges nest eldste universitet, og ble opprettet i Bergen i 1946. Med sine vel 14 500 studenter og ca. 3 200 ansatte er det et mellomstort europeisk universitet. Det er et byuniversitet der sentrale deler av campus ligger i umiddelbar nærhet til de sentrale delene av Bergen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i seks fakulteter og rundt 60 institutter og faglige sentre. Les mer om Universitetet i Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • MAI 18
    2025
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAI 21
    2025
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAI 23
    2025
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
19 ledige stillinger
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Student
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%

Se flere annonser

Nor Tekstil er landets ledende leverandør av tekstiltjenester med 26 industrivaskerier lokalisert fra nord til sør, med til sammen ca.
09.06.2025 Skien
Vil du jobbe i, og lede et dyktig Azure-team og forme fremtidens skyplattformer – samtidig som du selv vokser som
15.06.2025 Stavanger
Er du motivert for en dynamisk, utfordrende og givende karriere innen informasjonssikkerhet? Cegal er et av de mest spennende, raskt
13.06.2025 Flere steder
Ønsker du en variert og spennende rolle innen byggenæringen?
01.06.2025 Oslo
Vil du være med på reisen mot en mer bærekraftig byggenæring?
01.06.2025 Bergen
Teknisk avdeling I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan
01.06.2025 Flere steder
Vil du jobbe med systemer for kartbasert vegdrift? Vi søker en ny kollega som skal hjelpe kunder på løsningen ISY Road,
05.06.2025 Flere steder
Bravida søker etter avdelingsleder for avdeling Bodø VVS. Avdelingen har ca. 35 medarbeidere og en omsetning på ca. 60 millioner
30.05.2025 Bodø
Vis alle 39.298 ledige stillinger

Fakta om Universitetet i Bergen