<  
>  
Stillingsannonse

Universitetet i Bergen Førsteamanuensis i datatryggleik

Søknadsfrist : 26.06.2024

Stillingsbeskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i datatryggleik

Ved Logg inn for å se kontaktinformasjon ved Logg inn for å se kontaktinformasjon er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i datatryggleik.

Om instituttet

Digitalisering av bedrifter, industri, offentleg administrasjon og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet vårt skal lukkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning på eit høgt internasjonalt nivå i algoritmar, bioinformatikk, informasjonstryggleik, maskinlæring, optimalisering, programmeringsteori, visualisering og didaktikk.

Instituttet tilbyr utdanning for framtida på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Instituttet er i rask vekst med omsyn til talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 1000 studentar, og 150 tilsette frå over 35 land, der 37 er fagpersonar og 50 er doktorgradskandidatar.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Selmersenteret er ein av dei fremste IKT-gruppene i Noreg med hovudforsking innan områda kryptografi, boolske funksjonar, sekvensdesign og kodeteori. Gruppa består av 20-25 personar, inkludert fagpersonar, bistillingar, postdoktorar og doktorgradsstudentar. Denne stillinga er ein kombinert forskings- og undervisningsstilling med vekt på anvendte aspekt ved datatryggleik. Det vil vere ein fordel om kandidaten kan komplimentere dei eksisterande kompetansane til Selmer-senteret innanfor dei matematiske aspekta ved informasjonstryggleik. Den rette kandidaten må vere ein ekspert innan informasjonstryggleik og/eller anvendt kryptografi, med god erfaring i undervising av avanserte kurs i datatryggleik.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan informasjonstryggleik eller tilsvarande fagområde
  • Erfaring frå forsking innan datatryggleik og/eller anvendt kryptografi er eit krav
  • Erfaring frå forsking på KI-relaterte tryggleiksaspekt er ein føremonn. Særleg for tema innan interaksjon mellom kryptografi og AI: båe analyse av kryptosystem med bruk av KI teknikkar og å bruke kryptografiske verktøy for å evaluere tryggleiken til KI system.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må kunne  bidra i forskingslag både som leiar og deltakar
  • Det blir forventa at den som blir tilsett bidrar til eksternfinansiert forskingsaktivitet. Søkjarar bør difor kunne dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga  

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.  

Krav til utdanningsfagleg kompetanse 

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av  

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program) 
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing 

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst Logg inn for å se kontaktinformasjon

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding. 

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tiltreding. Det vil bli lagt til rette for gjennomføring av norskkurs. 

Universitetet i Bergen legg vekt på utdanningsfagleg kompetanse i vitskaplege mellom- og toppstillingar. 

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Ei årsløn på kr 720 100 – 796 600 brutto (tilsvarande lønnssteg 72-77 i statens lønsregulativ). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode Logg inn for å se kontaktinformasjon

 Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her: Logg inn for å se kontaktinformasjon 

Søknaden skal innehalde

  • CV
  • vitnemål og attestar, 
  • fullstendig publikasjonsliste, 
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider), 
  • ei forskingsplan som synar søkjaren sine forskingsambisjonar dei neste fem åra
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor) 
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte 
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Professor Lilya Budaghyan ved Institutt for informatikk på e-mail: Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon. Eller instituttleiar ved Institutt for informatikk Inge Jonassen  på  Logg inn for å se kontaktinformasjon / Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon.

 

For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon eller Logg inn for å se kontaktinformasjon.  

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen Logg inn for å se kontaktinformasjon.



Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon

Logg inn for å se kontaktinformasjon
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen (UiB) er Norges nest eldste universitet, og ble opprettet i Bergen i 1946. Med sine vel 14 500 studenter og ca. 3 200 ansatte er det et mellomstort europeisk universitet. Det er et byuniversitet der sentrale deler av campus ligger i umiddelbar nærhet til de sentrale delene av Bergen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i seks fakulteter og rundt 60 institutter og faglige sentre. Les mer om Universitetet i Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Søknadsfrist : 26.06.2024

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • JUN 24
    2024
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • JUN 25
    2024
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • JUN 26
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Flere muligheter
12 ledige stillinger

Se flere annonser

Trives du med å jobbe tett på folk og yte service? Da kan du være aktuell for teamet vårt.Oris Dental
06.07.2024
Want to deliver the next generation of data solutions for the energy industry? Get excited when you show others how
06.07.2024 Sandnes
Om stillingenEr du opptatt av godt vannmiljø og ønsker å bidra til helhetlig forvaltning av elver, innsjøer og kystvann? Har
11.08.2024 Oslo
Forsvarsbygg har en sentral rolle i å opprettholde Norges frihet og suverenitet. Vårt oppdrag er å sørge for at alt
30.06.2024 Målselv
Oris Dental Narvik søker nå etter en positiv og faglig engasjert tannpleier til et vikariat i 100% stilling. Vikariatet varer
04.07.2024 Narvik
Vil du jobbe med å skape energieffektive og bærekraftige bygg? Som landets største aktør innen byggautomasjon vil du som prosjektleder
07.07.2024 Tønsberg
Bli en del av TeamGK Vi i GK drives av å utvikle, bygge og drifte smarte og tekniske løsninger som
19.07.2024 Stavanger
Vi i GK drives av å utvikle, bygge og drifte, smarte og tekniske løsninger som reduserer klimabelastningen fra gamle og
18.08.2024 Bergen
Vis alle 38.958 ledige stillinger

Fakta om Universitetet i Bergen