Barneverntenesta i Øygarden er organisert under kommunalsjef for Oppvekst. Barneverntenesta har 60 stillingar og er inndelt i team; einslege mindreårige flyktningar, mottak, tiltak/undersøking, miljørettleiarar, ettervern, omsorg og stab. I tenesta er det stort fokus på å utvikle sjølvstende gjennom teamarbeid. Samhandling på tvers av dei ulike hjelpeinstansane skal prege kommunen sitt samla tenestetilbod.
Med utgangspunkt i ordtaket «It takes a village to raise a child» har Øygarden utvikla ein modell for oppfølging av barn som bur i fosterheim og deira nærmaste. Landsbymodellen handlar om å jobbe med kommunikasjon og samarbeid mellom alle dei vaksne rundt barnet, både private og profesjonelle relasjonar. Modellen handlar òg om trua på at ein saman kan mobilisere for å hjelpe barn og familiar ved å nytte ressursane som ligg naturleg i nettverket rundt familien. Avdeling omsorg har jobba etter Landsbymodellen i 3 år.
Vi søker deg som vil jobbe i ei barnevernteneste som har høg kvalitet og fokus på utviklingsarbeid.
Er du:
- engasjert i heilskapleg tenking kring barn og familiar
- fleksibel og løysingsorientert
- glad i å spele på lag og oppteken av å vere ein god lagspelar
Då treng vi deg i teamet vårt!
Arbeidsoppgåver:
- Arbeid med born og foreldre når bornet ikkje bur heime
- Sakshandsaming etter lov om barnevern
- Tverrfagleg samarbeid
- Fremje og føre sakar for Barneverns- og helsenemnda og anna rettsinstans
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- 3- årig relevant høgskuleutdanning, fortrinnsvis sosionom eller utdanning innan barnevern
- Anna utdanning og erfaring kan i særskilte tilfeller erstatte kravet om 3-årig relevant høgskuleutdanning
- Gyldig politiattest ved tiltreding
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort kl B
Ønskjeleg med:
- Relevant vidareutdanning
- Erfaring frå 1.linje barnevern
- Erfaring med arbeid med born, unge og familiar
- Erfaring med arbeid med enslege mindreårige asylsøkjarar
Personlege eigenskapar:
- Du møter born og deira familiar med respekt, ydmykhet, samarbeid og kjærleik
- Du er fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Du tåler høgt arbeidspress og arbeid etter lovpålagte fristar
- Du evner å kunne jobbe heilskapleg og strukturert, både sjølvstendig og i team
- Det vert lagt avgjerande vekt på kven du er som person og korleis du passer inn i personalgruppa vår
Anna:
- Dei ledige stillingane er knytt til dei ulike teama i tenesta
- Arbeidsoppgåvene skal utførast innan fleksibel arbeidstid. Arbeid på ettermiddag og kveld må påreknast
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Einingsleiar Hege Gundersen tlf: Logg inn for å se kontaktinformasjon, mailadresse:
Avdelingsleiar Hilde Fløisand-Hansen tlf: Logg inn for å se kontaktinformasjon
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema:
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon