<  
>  
Stillingsannonse

Veidekke Åpen Søknad Sogn og Fjordane

Søknadsfrist : Fortløpende

Stillingsbeskrivelse

Er du ingeniør/sivilingeniør eller teknikar med erfaring frå bygg og anlegg? Eller kanskje fagarbeidar i tømmer- eller betongfaget - eller ynskjer å bli det? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Veidekke Bygg har avdelingskontor i Førde, Sogndal, på Sandane og i Volda. Vi har stadig behov for flinke folk med ulik bakgrunn og kompetanse, og vi er alltid på utkikk etter deg som vil vere med å bidra til å utvikle oss vidare innan fag eller leiing. Vi er interessert i kontakt med personar som har erfaring og kompetanse som er relevant for vår verksemd, og som er på jakt etter ein ny arena å utfolde seg på.

Vi ser etter deg som er nysgjerrig og som vert fascinert av ny teknologi og den praktiske og økonomiske nytta dette kan gje. Du må vere oppteken av berekraft i alle delar av utføringa av jobben din.

I Veidekke er vi opptekne av involvering og samarbeid. Det vere seg med kolleger, kundar, rådgjevarar eller leverandørar. Det å dele kunnskap og idéar med andre fell deg naturleg. Du er eit typisk samarbeidsmenneske som tør å utfordre og vere tydeleg, og snakkar godt med kolleger på alle nivå.

Typiske stillingar vi til stadigheit har bruk for:

  • Prosjektleiar
  • Anleggsleiar
  • Driftsleiar/formann
  • Fagarbeidar tømmer
  • Fagarbeidar betong
  • Lærling tømmer og betong
  • Ufaglært med erfaring frå bransjen som ynskjer å ta fagbrev

For at din bakgrunn skal vere relevant for vår verksemd har du gjerne utdanning som:

  • Ingeniør/sivilingeniør bygg/anlegg
  • Fagskuletekniker bygg/anlegg
  • Fagbrev tømrer
  • Fagbrev betong/forskalingssnekkere

Søke jobb hos oss

Vi er opptekne av å tilsette eit mangfald av kompetanse og vi oppfordrer deg til å kontakte oss uavhengig av kjønn, alder eller etnisitet. Send oss eit kort søknadsbrev der du fortel litt om deg sjølv og din motivasjon for å søke deg til Veidekke. Legg og ved ein oppdatert CV og vitnemål, attester og eventuelt relevante sertifiseringar/ fagbrev. Vi gjer merksam på at alle opne søknadar ligg lagra hos oss i 12 månader frå den dagen du registrerer ein open søknad. Sjålv om du har søkt på open søknad, vil vi allikevel oppfordre deg til å følge med på stillingar som blir publisert på våre nettsider og søke desse direkte dersom dei passar din kompetanse.

Vi tilbyr

Hos oss blir du ein del av ei bedrift som er uformell i omgangstonen og har eit positivt arbeidsmiljø. Glimt i auga og god humor på arbeidsplassen er viktig. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar og gode moglegheiter for kurs og opplæring hos oss. Gjennom vår ordning for aksjekjøp får du høve til å eige aksjar i eigen bedrift saman med dine kolleger. I dag eig halvparten av tilsette i Veidekke omlag 15% av aksjane i selskapet, noko som er ganske unikt for store selskap i Norge.

Vi ser fram til å motta din søknad!

Kontakt

Christine Aagård Midthjell

91612897

Om arbeidsgiveren

Hos oss blir du ein del av ei bedrift som er uformell i omgangstonen og har eit positivt arbeidsmiljø. Glimt i auga og god humor på arbeidsplassen er viktig. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar og gode moglegheiter for kurs og opplæring hos oss. Gjennom vår ordning for aksjekjøp får du høve til å eige aksjar i eigen bedrift saman med dine kolleger. I dag eig halvparten av tilsette i Veidekke omlag 15% av aksjane i selskapet, noko som er ganske unikt for store selskap i Norge.

Les mer om Veidekke

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Søknadsfrist : Fortløpende

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 95%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 85%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 85%
Supply Chain Manager
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Flere muligheter
43 ledige stillinger
Traineeprogram
Internship / Praktikanter
Lærlinger

Filmer

Fakta om Veidekke