<  
>  
Stillingsannonse

Veidekke Sommerjobb Sogn og Fjordane

Søknadsfrist : 31.01.2025

Stillingsbeskrivelse

Er du student og ser på utfordringar som moglegheiter?

Veidekke er Norge sitt største entreprenørselskap med prosjekt, anlegg og driftskontrakter over store delar av landet. No søker vi studentar til sommarjobb i vår byggverksemd i Sogn og Fjordane frå juni-august 2025. Vi ser etter deg som studerar relevante ingeniørfag eller har fagskulebakgrunn.

Ein sommerjobb hos oss vil gjere deg godt kjent med våre prosjekt og produksjon. Her får du stifte kjennskap til mange av våre fag og folk, og du får eit godt innblikk i vår modell for prosjektgjennomføring.


Arbeidsoppgåver du kan få

Variasjon er nøkkelordet for ein sommarjobb i Veidekke. Alle prosjekt er ulike. Vi kan ikkje love deg alt, men du vil få bryne deg på ulike fag og oppgåver innan område som driftsoppfølging, HMS og kvalitetssikring. Du vil kunne få ansvar innan t.d. oppfylging av underentreprenørar, stikning- og landmåling og prosjektering. Kanskje har du interesse for klimagassrekneskap eller bruk av ny teknologi?

I Veidekke jobbar vi med prosjekt heilt frå planleggingsstadiet til ferdigstilling. Det gir deg eit innblikk i og erfaring med særs mange fag og ein kompleksitet som du kun finn hos entreprenørselskapa. I Veidekke er vi spesialistar på heile leveransen til ein kunde og vi elskar fag, kompleksitet og samspel mellom menneske på alle nivå. Så det er fint om du tenker at det høyres spennande ut!


Dette ser vi etter hos deg

Vi ser etter deg som tek initiativ, likar utfordringar, menneske og teamarbeid. Du er interessert i kva ein utførande entreprenør gjer, og har lyst til å bli betre kjent med oss i Veidekke.

Du må like å prøve nye ting, for vi kjem til å gje deg varierte oppgåver - om nokre er enkle, vil andre vere meir utfordrande. Om du veit at løysingar blir endå betre når du løyser dei saman med andre, då trur vi du vil trivast i vår gjeng sommaren 2025.

Vi likar å ha det kjekt på jobb i Veidekke. Vi meiner det er samanheng mellom trivsel og kvalitet i arbeidet vi utfører og ein trygg og sikker arbeidsplass. Vi har sjølvsagt bransjen sine dyktigaste og kjekkaste folk hos oss. Det er difor viktig at du kan utfordre deg sjølv og er komfortabel med å bli ein del av ein slik gjeng i løpet av nokre hektiske sommermånader.


Vi gir deg

Ein sommarjobb hos oss vil gje deg praktisk erfaring som du kan ta med deg vidare i studiane. Både du og vi skal få utbytte av jobben du gjer. Og det er ikkje hemmeleg at vi bruker sommarjobbane til å vurdere eigna studentar til Veidekke sitt program for nyutdanna på eit seinare tidspunkt. Ein sommarjobb er difor både ei lærerik erfaring og ein inngangsport til jobb hos oss seinare. Lønn vert fastsett etter satsar for utdanningsløp og kor langt du er kome i studiane.


Praktisk info til deg som søker

Ein sommarjobb kan du ha frå juni og ut august. Oppstart og varigheit kan variere og vert avtala nærare på intervju. Her er det fint om du veit kor lenge og når du kan starte opp i jobben. Vi har avdelingskontor i Førde, Sogndal, Volda og på Sandane, så skriv gjerne i søknaden din kor du helst ynskjer å vere.

Hugs å fortelle kort om din motivasjon for jobben i søknaden du lastar opp. Under intervju vil du og få meir informasjon om konkrete prosjekt. I vår byggverksemd jobbar du vanleg arbeidsveke (5 dagers-veke) og til vanleg bur du heime.

Kontakt

Christine Aagård Midthjell

916 12 897

Om arbeidsgiveren

Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 43 milliardar kroner, og halvparten av dei 8 000 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bustader, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 16,2 milliardar (2023), og verksemda har omlag 2 800 tilsette, der 1 600 er fagarbeidarar og 1 200 funksjonærar.

Les mer om Veidekke

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Hugs å legge ved CV-en din og dine foreløpige karakterar. Vi har fortløpande opptak, så eit godt tips er å vere tidleg ute med å søke.

Søknadsfrist : 31.01.2025

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Nyutdannet bygningskonstruktør (byggingeniør)
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Flere muligheter
43 ledige stillinger
Traineeprogram
Internship / Praktikanter
Lærlinger

Filmer

Fakta om Veidekke