Vi søkjer nå etter to saksbehandlarar til 100% og 50% fast stilling. Stillingane er organisert direkte under kommunedirektør. Stillinga på 50% kan eventuelt kombinerast med andre ledige stillingar i helsetenesta i Vågå kommune.
Ønskje om snarleg oppstart.
Arbeidsoppgåver:
Ansvar for saksbehandling av saker innan helse- og omsorgstenester. Derunder kartlegging av bistandsbehov og fatte enkeltvedtak.
Systemansvarleg for pasientjournalsystemet Visma Profil.
Tett samarbeid med helsesektoren og ulike aktørar, pårørande og liknande
Andre oppgåver kan bli lagt til stillingane.
Kvalifikasjonar:
Autorisasjon innan sjukepleie, ergoterapi eller vernepleie
Erfaring frå liknande oppgåver er ein fordel
Lengre relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
Førarkort kl. B
Kompetanse og erfaring med arbeid innan helserett er ein fordel
Kompetanse og erfaring med pasientjournalsystem (Profil) er ein fordel
Vi ser etter deg som:
Evnar å arbeide strukturert, effektivt og sjølvstendig
Er positiv og innehar gode samarbeidsevner
Har tydeleg framstillingsevne både munnleg og skriftleg
Er løysningsorientert med heilskapleg tilnærming i arbeidet
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi kan tilby:
Eit spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
Arbeid i tverrfagleg team
Kompetanseheving
Eit godt fagmiljø og gode kollegaer
Pensjonsordning via KLP
I søknaden ber vi deg kort beskrive korleis din bakgrunn og dine personlege eigenskapar passer til våre krav og ønskjer for stillinga. Vi ber deg også spesifisere om du søkjer på ein av de to ledige stillingane eller om du er open for begge.
Administrasjonsspråket i Vågå er nynorsk.
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Dersom du ønskjer fleire opplysningar om stillinga, kan du kontakte:
Saksbehandlar Tildelingskontoret, Synnøve Vistekleiven, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon eller
Kommunalsjef helse og meistring Thomas Rannstad Haugen, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon.
Søknadsfrist: 16. oktober 2024
Søknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til .
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon