Som rektor hos oss vil du leie eit team av engasjerte og kompetente medarbeidarar, inkludert eigne lagleiarar for barnetrinn, mellomtrinn og ungdomsskule. Du vil samarbeide tett med inspektøren på skulen og vere ein del av rektorgruppa, som består av rektorar frå alle skulane i Vindafjord. I samarbeid med personalet vil du jobbe med å utvikle og oppnå gode resultat for skulen.
Vindafjord kommune søkjer deg som vil vere med å gjere Vikedal skule til ein god stad for læring og trivsel. Rektor rapporterer til barnehage- og skulesjef, som har god kjennskap til skulen.
Vikedal skule er ein veldriven og moderne 1-10-skule med om lag 170 elevar. Skulen har flotte lokale og ligg nær skog, mark og sjø, som vert aktivt brukt i undervisninga.
Arbeidsoppgåver:
Ynskja kvalifikasjonar:
Vi tilbyr ei spennande stilling i ein kommune i kontinuerleg utvikling. Du vil få stor fridom til å drive Vikedal skule slik du ønskjer, samtidig som du vil få god støtte av lærarar, lagleiarar, inspektør, barnehage-/skulesjef og andre rektorar. Vi kan leggje til rette for rektorutdanning, og du vil få moglegheit til å vere med i eit leiarutviklingsprogram som går over 2 år. Med vårt kontinuerlege fokus på leiarutvikling sikrar vi at du har dei nødvendige ressursane for å vekse og trivast i di rolle.
Vi verdset våre tilsette og fokuserer på at det skal vere triveleg i Vikedal også etter arbeidstid. Vi har eige bedriftskunstlag, kommunalt kor og fleire sosiale tilstellingar i bygda og på skulen. For å setje pris på våre tilsette arrangere me annakvart år VindaFesten, som er ein heilaften med god underhaldning og mat. Likar du å trene, kan vi tilby rabatt på treningssenter. Enten du bur i Vikedal eller litt lenger unna, vil det vere moglegheit for heimekontor (t.d. ein fast dag i veka). Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med god pensjons- og forsikringsordning.
Fram til søknadsfrist vil alle søkjarar bli handsama konfidensielt. Me gjer merksam på at etter at søknadsfristen er ute, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli førd opp på søkjarlista. Dersom ynskje om reservasjon ikkje blir teke omsyn til, vil søkjaren bli varsla om dette før den offentlege søkjarlista blir laga.
For meir informasjon, ta gjerne kontakt med Jonas Grønningen tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon eller Bente Velde tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon i Personalhuset. Du kan også kontakte kommunalsjef Nils Erik Eide tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon eller barnehage og skulesjef Anita J. Grindheim tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon i Vindafjord kommune.
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon