B
  • Abonner på stillinger
  • Følg
  • Les mer om Bjørgvin bispedømmeråd
Registrer deg i CV-database
.
Sokneprest
Viktig melding: Denne stillingen har utlopt / er ikke aktiv
Om stillingen
Det er ledig stilling som sokneprest med tenestestad i Vik, Vangsnes, Arnafjord, Feios og Fresvik sokn og Indre Sogn prosti som tenestedistrikt.

Sokna vart overførde frå Ytre Sogn prosti til Indre Sogn prosti med verknad frå 06.03. 2013.

Vik kommune ligg på sørsida av Sognefjorden i vakre omgjevnader. Vik er ei jordbruksbygd som også har industri- og serviceverksemder. Kommunen har eit rikt kulturliv og gode høve for friluftsliv og naturopplevingar. Det meste av året er det vegsamband over fjellet til Voss og ein kan reise ferjefritt både austover og mot Bergen. Nordover må ein med ferje over Sognefjorden.

I Vik kommune er det barnehage og barneskule i alle sokn. Ungdomsskulen for Vik, Vangsnes og Arnafjord ligg i Vik sokn, for Feios og Fresvik i Feios sokn. Det er god kontakt mellom kyrkje og skule.

Sokna Vik (1637), Vangsnes (315), Arnafjord (150), Feios (209) og Fresvik (177) ligg i kommunen. Soknepresten har sete i sokneråda i Vik, Vangsnes, Arnafjord og i fellesrådet.

I Vik sokn er det tre kyrkjer; Vik kyrkje, som ligg rett ved prestegarden, og dei to mellomalderkyrkjene Hove og Hopperstad. Hovudkyrkja er bygd i 1877 og har ca 450 sitjeplassar. Her er det gudstenester annakvar sundag. Ved sida av kyrkja ligg eit kyrkjelydshus som vart bygt i 1996. Dei to mellomalderkyrkjene vert nytta til vigsler, musikkmesser, konsertar, og til nokre gudstenester.

Vangsnes kyrkje har ca. 150 sitjeplassar og var nyrestaurert i 1986. Den ligg 11 km frå prestebustaden. Arnafjord kyrkje ligg 27 km frå prestebustaden. I begge desse kyrkjene er det gudsteneste kvar fjerde sundag. Der er også ei kyrkje i Feios frå 1886 og ei i Fresvik frå 1881.
Statistikken for 2011 viser at det for dei tre sokna då var avhalde 51 forordna gudstenester, 12 andre gudstenester, 26 gravferder og 4 vigsler. Det var 32 konfirmantar. Soknepresten har eit hovudansvar for konfirmantundervisinga.
Sokna Feios og Fresvik, som også høyrer til Vik kommune er i dag saman med Balestrand sokn tenestestad for anna sokneprest med bustad i Balestrand. Når presten i Vik gjer presteteneste utanom sin tenestestad, så vil dette først og fremst gjelde sokna Feios, Fresvik og Balestrand
Vidare har Vik fengsel 50 % stilling for fengselsprest, som også kan gjere nokre få einskildtenester i området.

Organiseringa av prestetenesta innafor nytt prosti kan føre til endringar i ansvar og oppgåver som er lista opp i denne utlysinga.

Den lokale staben utgjer utanom prestane: kyrkjeverje, soknediakon, for tida 80% organist for dei tre sokna og 80% kyrkjetenar for heile kommunen, samt nokre kyrkjetenartenester på timebasis, kyrkjelydssekretær og 25% kyrkjelydspedagog tilsett i trusopplæringsprosjekt. Dei tilsette har stabsmøte kvar veke på kyrkjelydshuset i Vik. Kyrkjelydskontoret er plassert i kommunehuset i Vik sentrum. Det er elles fleire uløna medarbeidarar som gjer ein stor innsats i kyrkjelydsarbeidet.

Det Norske Misjonsselskap og Normisjon har fleire foreiningar i sokna, og elles har også Frelsesarméen og ein pinsekyrkjelyd noko verksemd. Den katolske kyrkja har messe i Vik to gonger i månaden.

Prosten leiar prestetenesta i prostiet. Prosten kallar inn prestane til samlingar for fagleg utvikling, åndeleg fellesskap, orientering og drøfting. Prosten ønskjer å stimulere til teamutvikling mellom prestane og tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike faggruppene i prostiet. Soknepresten har beredskapsvakt i turnus med dei andre prestane i prostiet.

Prestebustaden ligg i Vik sentrum. Huset er bygd i 1952 og utvida i 1991. Huset fekk ny kledning og vart etterisolert i 2002. I første høgda er det to stover, kjøkken, vaskerom, gang og toalett, og heimekontor. I andre høgda er det fem soverom og to bad/toalett. I kjellaren er det forutan boder, to rom som kan nyttast til gjesterom/kjellarstove. Oppvarming skjer med straum og vedfyring. Det er ny dobbelgarasje og ein gammal garasje som vert nytta til uthus. Huset er bygd på flat tomt med ca. 2,5 mål velstelt hage.

Vi søkjer etter ein prest med variert røynsle som ser det som ei positiv utfordring å gjere kyrkja til ein god møteplass i lokalsamfunnet og å vitalisere folkekyrkja. Erfaring frå arbeid med ungdom vil vere ei føremun. Søkjaren må ha vilje og evne til samarbeid med løna og uløna medarbeidarar og fellesskapsbygging i kyrkjelyd og prosti.

Målforma er nynorsk. Søkjarar må opplysa om ein nyttar begge målformer. Søkjarar bør disponera bil. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane kan verta offentleggjort sjølv om søkjarane ber om å bli unnateke offentleg søkjarliste. Opplysningar om samlivsform vil kunna verta innhenta og vektlagde ved tilsetting. Kvinner vert oppmoda om å søkja.

Stillinga er plassert i stillingskode 0930 sokneprest, i lønsspenn 54-65. Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse. Reiseutgifter vert godtgjorde etter gjeldande regulativ. Til løna kjem særlege regulativmessige godtgjeringar. Det vert gjeve tilbod om arbeidsrettleiing.

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få hjå fungerande prost Bård Haukedal tlf
40 48 29 85, eller hjå avdelingsleiar Gunvor Taule Mjanger ved bispedømekontoret tlf 55 30 64 84.

Søknad via Bjørgvin bispedøme sine heimesider: www.kyrkja.no/bjørgvin

* Den norske kirke




Adresse: 6891 VIK I SOGN



Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Internett: https://karrierestart.no/ledig-stilling/265871
Søknadsfrist : 16.04.2013

Fakta om stillingen og søknadsprosess

Antall stillinger: 1

Tiltredelse Stillingstype Arbeidssted
Etter avtale Fast ansettelse Vik