Forsvarsbygg søker 2 sommarvikarar til ulike oppgåver knytt til drift i Bjerkvik.
Arbeidsoppgåver vil primært vere plenklipp, maling og andre liknande oppgåver. Tidsrommet vil vere i perioden frå skuleslutt (slutten av juni) og til skulestart (midten av august). Mogelegheit for tidligare oppstart etter avtale med områdeleiar.
Oppgi i søknaden kva for ei periode du ønsker å jobbe.
Som sommarvikar hos oss vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2025 – 31.08.2025. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din.
Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgåver
- Klipping av plen
- Maling
- Andre påkommande oppgåver
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Kvalifikasjonar
- Må vere fylt 16 år, 1 av dei 2 må vere fylt 18 år
- Ein av vikarane må ha førarkort kl B
- Erfaring med traktor er ønskeleg
- Du må kunne autoriserast før oppstart
Vi tilbyr
Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), kr. 282 700,- - 404 900,- i brutto årleg lønn.
Kontaktinformasjon
Harald Berg, Områdeleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidssted
8530 Bjerkvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: ForsvarsbyggStillingsprosent: 100%SommarjobbSøknadsfrist: 22.04.2025
Adresse: Grev Wedels plass 5, 0151 OSLO