Ved Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vestland er det ledig ei 3 årig forskarstilling, i inntil 100% stilling, i det tverrfaglege forskingsprosjektet "Barn i risiko og oral helse".
Ynskjer du å gjera ein skilnad for utsette barn og unge? Har du lyst å jobbe i eit innovativt forskingsprosjekt og bidra til at forskingsresultat kan bli tatt i bruk i relevante tenester? Vil du bli ein del av eit kjekt, inkluderande og raust forskingsmiljø?
Då er denne stillinga noko for deg.
MålsettingBarn i risiko og oral helse, er eit tverrfagleg forskingsprosjekt som har som målsetting å auka kunnskapen og kompetansen knytt til utsette barn og unge.Forskingsprosjektet skal bidra til å:- førebyggje, avdekke og avverje vanskjøtsel, vald og seksuelle overgrep - styrke tverrfagleg tilrettelegging og oppfylging av barn i risiko - auke barn sin rettstryggleik- ivareta utsette barn gjennom samhandling mellom statens barnehus, barnevernstenesta og den offentlege tannhelsetenestaForskingsprosjektet er støtta av Norges forskningsråd og har eit bredt samarbeide med mange ulike organisasjonar. Sjå:
Arbeidsoppgåver
Legge til rette og kvalitetssikre forskingsdataUtføre statistiske analyser og administrative oppgåver i samsvar med prosjektetSkrive og publisere vitskaplege artiklar i nasjonale og internasjonale tidsskriftBidra til utvikling av prosjektet og innovative løysingarPresentere og formidle resultat til barnevernstenesta, statens barnehus, tannhelsetenesta, styresmakter mfl., på konferansar og i populærvitskaplege mediaMedverka til implementering i tenesteneBidra til søknader om forskingsmidlar
Kvalifikasjonar
Phd innan barnevern, psykologi, folkehelse, medisin, odontologi eller andre helsefag.
Den som vert tilsett bør ha:
Erfaring med kvalitativ forskingsmetodikk
Erfaring med kvantitativ forskingsmetodikk og relevante statistiske metodar
Erfaring med statistikkprogrammet R
Erfaring med til dømes; innovasjon, evalueringsforsking, implementering og formidling
Personlege eigenskapar
Interesse og forståing for tematikken i prosjektet
God samarbeidsvilje, evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
Positiv innstilling og vere løysningsorientertGod framstillingsevne på engelsk skriftleg og munnlegGod framstillingsevne i skandinavisk språk, skriftleg og munnlegDet vil bli lagt stor vekt på motivasjon og personleg eignaheit for stillinga
Om søknaden
Me ønskjer at du i søknadsteksten seier noko om din motivasjon for stillinga, samt at du fyller ut CV som viser oversikt over utdanning og arbeidserfaring.
Legg ved attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar.
Oppgje to referansar (namn og kontaktinformasjon).
Vi tilbyr
Løn etter avtale
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Gode mogelegheiter for fagleg utvikling
Kontaktinformasjon
Ingfrid Vaksdal Brattatbø, prosjektleiar,
Ellen Berggreen, leiar forskning, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Årstadveien 19
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.05.2025
Adresse: Årstadveien 19, 5009 BERGEN