Sokneprest med tenestestad Lom, Garmo og Bøverdal - Nord-Gudbrandsdal prosti
Stilling som sokneprest i Nord-Gudbrandsdal prosti, med hovudansvar for sokna Lom, Garmo og Bøverdal lyses ledig.
Hovudkyrkja, Lom kyrkje, ei fantastisk 850 år gamal stavkyrkje, ligg i bygde- og administrasjonssenteret Fossbergom (Lom sentrum). Om somaren er Lomskyrkja eit mykje besøkt turistmål med rundt 30-40 000 turistar i ein sesong på omlag 5 månader. Garmo kyrkje, som er ei langskipkyrkje frå 1879, ligg like ved rv. 15 om lag 15 km søraust for Lom sentrum. Bøverdalen kyrkje er ei 8-kanta trekyrkje frå 1864, ligg like ved rv. 55 om lag 20 km sørvest for Lom sentrum. Båe annekskyrkjene er velhaldne, og alle tre kyrkjene er rikt utsmykka med mellom anna tradisjonell treskurd. Kyrkjegardane i kommunen ligg ved kyrkjene.
Hovudnæringsvegar er landbruk og turisme. Dessutan er det ein del arbeidsplassar i industri og tenestenæringar. Vi har ein aktiv Friviljugsentral, som er ein god samarbeidspart.
Det er godt busssamband til Oslo og Trondheim, Måløy og Bergen. Fossbergom er eit trafikknutepunkt som også har bussrute til Sogndal om sommaren.
Alle kyrkjene har nynorsk liturgi og administrasjonsmålet er nynorsk.
Den som vert tilsett må vise fram tilfredsstillande politiattest.
Anmodning om å få sitt navn unntatt offentleghet må begrunnas i søknadsteksten, jfr. offentlegslova §25.
Arbeidssted:
Arbeidsoppgaver:
- Mål for det kyrkjelege arbeidet er å styrkje og utvikle ei open og inkluderande folkekyrkje. Det er utvikla planar for trusopplæring og diakoni. Det kyrkjelege arbeidet vert utført etter ein folkekyrkjeleg strategi. Lom fekk prosjektmidlar for trusopplæring allereie i 2007 og resten av prostiet frå 2010.
- Dei kyrkjelege livsritualar (dåp, vigsel, konfirmasjon og gravøl) er hjørnesteinar i Lomssamfunnet. Det er stort oppmøte i samband med livsrituala, mindre på messer sundagar.
- Konfirmanundervisninga byrjar med ein felles konfirmantleir for hele prostiet allereie siste uka i juni. Opplegget utover året er samlingar ein gong i månaden i tillegg til ministrantoppgåver.
- I lokal grunnordning blir det lagt vekt på messer som gjer uttrykk for lokale skikkar i eit globalt perspektiv, til dømes sætermesser, sol- og fjellmesser, bånsull- og poesimesser. Kyrkjene i Lom er "kulturkyrkjer" med eit eige kulturutval. Vi ynskjer meir, spredt og variert deltaking i alle kyrkjelege handlingar.
- Presten har andakter på Lom helseheim ca 1 gong i månaden.
Utdanningsnivå:
- Cand.theol - profesjonsstudium teologi (etter 2004)
- Praktisk teologisk utdanning
Utdanningsretning:
Vi tilbyr:
- Boplikt. Prestegarden er ein praktfull bustad i Lom sentrum, med gangavstand til mellom anna Lom kyrkje, barne-, ungdoms- og vidaregåande skular, til barnehage, fritidsaktivitetar, butikkar, bank, bakeri og kontor. Det er òg gangavstand til Lom helseheim, legesenter og tannlækjar.
- Preste- og kyrkjekontoret har gode kontor som held til i administrasjonsbygget åt Lom kommune.
- Utanom presten har staben 100% kyrkjeverje, 50% kyrkjelydssekretær, 30% i trus-opplæringa, 50% organist, 50% kyrkjetenar i Bøverdal, 50% kyrkjetenar i Garmo og 100% kyrkjetenar i Lom.
- Lom fellesrådsområde ligg i Ottadalen og har samanfallande grenser med Lom kommune. Lom er ei fjellbygd med sterk og vakker natur og rike kulturtradisjonar. Lom kommune er Nasjonalparkkommune og Nasjonalparklandsby.
- Størstedelen av Jotunheimen nasjonalpark ligg i Lom der Galdhøpiggen er høgste fjellet i kommunen. Vi har òg delar av Reinheimen Nasjonalpark og Breheimen Nasjonalpark i kommunen.
- Når det gjeld kultur er mellom anna mat og musikk sterke tradisjonar. Elles er det eit rikt musikkliv med korverksemd og folkemusikk. Folketalet er omlag 2400. Kyrkjemedlemmer er ca 2300 og dåps prosentern ligg på over 100 og konfirmasjonsprosenten ligg på om lag 90.
- Stillingen lønnes som 0930 sokneprest ltr.54-81. Unge, nyutdannede prester lønnes etter kode 1555 sokneprest i lønnsstige.
- Innskudd i Statens Pensjonskasse.
- I tillegg til lønnen kommer særlige regulative godtgjørelser.
- Tilsettingen skjer i h.h.t. gjeldende lov- og regelverk for tilsetting i Staten. Den som tilsettes på rette seg etter endringar i ansvars- og arbeidsoppgavar samt tenestedistrikt som i framtida kan gjennomføras innanfor lov- og regelverk og tenesteordning for menighetsprester i Den norske kirke.
Andre opplysninger:
- Stillingsbrøk: 100%
- Heltid
- Fast
Kontaktperson(er):
Prost Paul Skuland, tlf. 61209052/90290322
Rådgiver Eli Bekken, tlf. 62550350
Sokneprest Synnøve Sakura Heggem, tlf. 45204373
For fullstendig utlysningstekst og elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]*Den norske kirke