Stadleg leiar Nordfjord sjukehus - Helse Førde
Ledig stilling - Stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus (NSH). Vi søkjer etter ein dyktig leiar som kan understøtte Helse Førde sine strategiar og utvikle lokalsjukehuset på Nordfjordeid som modell for "Framtidas lokalsjukehus".
Stadleg leiar er organisatorisk underlagt administrerande direktør i Helse Førde.
Helse Førde har prøvetid på 6 mnd for nytilsette
Arbeidsoppgåver- Stadleg leiar representerer NSH, og har ansvaret for at sjukehuset er koordinert slik at den faglege og administrative standarden held høg kvalitet. Dette inneber m.a. samordning mellom leiarar ved sjukehuset.
- Stadleg leiar skal medverke til eit aktivt og forpliktande samarbeid om drift og utvikling av sjukehuset internt i føretaket, og med kommunane og andre samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar- Vi søkjer etter ein person med høgre utdanning - helst innanfor helse - og sosialfag samt relevant tilleggsutdanning.
- Det er krav om brei leiarerfaring og god rolleforståing
- Kunnskap om offentleg forvaltning og prosjektstyring
- Interesse og erfaring frå kvalitets- og endringsarbeid
Utdanningsretning- Administrasjon/organisasjon/leiing
Utdanningsnivå- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar- Vi ynskjer ein leiar som har gode samhandling- og kommunikasjonsevner.
- Du må like å arbeide systematisk med eit overordna blikk på verksemda.
- Du må ha skapartrong og kraft til å stå i krevjande prosessar over tid.
Vi tilbyr- Lønn etter avtale
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Rettleiing
Arbeidssted:Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid
Kontaktinfo:Jon Bolstad, Adm. direktør, (+47) 57839021
Anne Kristin Kleiven, Uviklingsdirektør, 415 30 341
Nøkkelinformasjon:Annonsør: Helse Førde
Ref. nr.: 2260091337
Stillingsbrøk: 100%
Fast
Tal på stillingar: 1
For elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]