S
  • Abonner på stillinger
  • Følg
  • Les mer om Sandviken sykehus
Registrer deg i CV-database
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Kvart år behandlar vi nesten 600.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir påwww.helse-bergen.no
Psykologspesialist/ psykolog
Viktig melding: Denne stillingen har utlopt / er ikke aktiv
Om stillingen
Psykiatrisk klinikk er ein av sju klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken er lokaliset på Sandviken sjukehus og delt inn i tre avdelingar, Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling for stemningslidingar og Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP).

ASP har 6 døgnseksjonar og ein poliklinikk med mellom anna lavterskeltilbod for Tidleg oppdaging av pasientar med schizofreni-spekter lidingar (TOPS-teamet). ASP har ansvar for utgreiing og behandling av pasientar med ulike psykoselidingar, ofte i kombinasjon med rus og åtferdsproblem.

I samsvar med vedtekne planar i Divisjon psykisk helsevern skal det opprettast eit tilbod til pasientar med alvorlege psykiske lidingar og uviklingshemming/ utviklingsforstyrringar. Tilbodet vil innebere døgnbehandling, polikliniske og ambulante tenester. Teamet skal høyre inn under ASP. Det er etablert eit nært samarbeid med DPS-ane og Habiliteringstenesta for vaksne. ASP samarbeider med Bergen Psykoseprosjekt II, og forsking vil bli ein viktig del av verksemda vår. Avdelinga har høg fagleg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø. Avdelinga er godkjend for tvunget psykisk helsevern og godkjend sengepostpraksis for spesialitet i klinisk vaksenpsykiatri.

Avdeling spesialisert psykosebehandling har for tida ledig ein nyoppretta 100% fast stilling som psykologspesialist/ psykolog for snarleg tilsetjing. Det kan vere aktuelt å dele stillinga. Skriv i søknad dersom dette er aktuelt.

Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for utgreiing og behandling
  • Delta i utvikling av tilbodet

Kvalifikasjonar
  • Spesialist i klinisk psykologi eller nevropsykologi, psykologar i spesialisering kan og søke
  • Ønskeleg med erfaring med utgreiing/behadling av pasientar med alvorleg psykisk liding og utviklingshemming/ utviklingsforstyrring
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid og nettverksbygging
  • Interesse for deltaking i forsking

Utdanningsretning
  • Psykologi
  • Utdanningstittel: Psykologspesialist

Personlege eigenskapar
  • Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Engasjement for faget og pasientgruppa
  • Fleksibilitet

Vi tilbyr
  • Vi kan tilby konkurransedyktige vilkår
  • Avdelinga har gode medarbeidarar med betydeleg kompetanse innan fagfeltet
  • Godt fagmiljø i ei avdeling i utvikling
  • Anledning til fordjuping, forsking og deltaking i prosjekt

Andre opplysningar
  • Startdato for tilsetjing/vikariat/engasjement: 01.10.2014


Arbeidssted:
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Kontaktinfo:
Rune Kroken, Avd. sjef, 55958485/86
Alla Alexandra Passeniouk, Overlege, 95921123

Nøkkelinformasjon:
Annonsør: Helse Bergen
Ref. nr.: 2332617091
Stillingsbrøk: 100%
Fast
Tal på stillingar: 1
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]Søknadsfrist: 01.10.2014




Adresse: 5036 BERGEN



Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Internett: https://karrierestart.no/ledig-stilling/451719
Søknadsfrist : 01.10.2014

Fakta om stillingen og søknadsprosess

Antall stillinger: 1

Tiltredelse Stillingstype Arbeidssted
Etter avtale Fast ansettelse, Heltid Bergen