Helse Vest IKT forvaltar både kliniske og administrative systemløysingar for alle helseføretaka i Helse Vest. Dette inkluderar alt frå store komplekse regionale system til mindre lokale system på dei enkelte sjukehusa. Mange av løysingane er svært kritiske i pasientbehandlinga og stiller strenge krav til oppetid og kvalitet.
Vi søkjer no etter ein medarbeidar som vil trives med å jobbe med forvaltning rundt innkjøps- og logistikksystem. Vi ønskjer at du har kunnskapar om prosesser innanfor innkjøp/logistikk, slik at du kan bistå dei funksjonelle miljøa og brukarane til optimal bruk av IT-systema og til å sjå nye og framtidsretta løysingar. Då det er sterkt fokus på bruk av elektronisk faktura er det spesielt ønskeleg at du også har kunnskap om dette.
Du vil som forvaltar vere den som har oversikt, og som planlegg og koordinerer aktiviteten rundt desse systema. Rolla som systemforvaltar skal bidra til god samhandling mellom relevante fagmiljø i helseføretaka, internt i Helse Vest IKT og opp mot leverandørane. Du skal bidra til å vidareutvikle gode drifts- og forvaltningsrutinar, og sørgje for at desse er tydeleg kommunisert til alle involverte partar.
Innkjøp/logistikkområdet er i sterk utvikling og det føregår eit regionalt prosjekt som skal sjå på felles prosesser og system innanfor desse områda. Det kan derfor også bli ein del jobbing i prosjekt som ein del av denne rolla i tida framover.
Forvaltar jobbar i team saman med tilsette frå andre seksjonar i HVIKT. Det er viktig at du er god på samarbeid og liker å jobbe i team.
Arbeidsoppgåver- Rådgjeving i systemløysingane, bidra i problemløysingsteam og vere pådrivar til forbetring og vidareutvikling av system og arbeidsprosessar
- Koordinering mot brukarmiljøa og internt i Helse Vest IKT
- Fungere som proaktivt kontaktpunkt til eksterne leverandørar med hensyn til oppgraderingar, funksjons- og løysingsforbetringar
- Sakshandsaming og dokumentasjon av endringar og feil som oppstår
- Drift og forvaltning av systemløysingar basert på implementerte ITIL-prosesser i Helse Vest IKT
- Prosjektdeltaking
Kvalifikasjonar- Relevant universitets-/høgskuleutdanning med fordjuping innan IKT og/ eller helsefag
- Erfaring med forvaltning av system og elles god systemforståing
- Kunnskap om prosesser innanfor innkjøp og logistikk
- Kunnskap om E-faktura
UtdanningsretningUtdanningsnivå- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
- Høgskule/universitet, Cand.mag / SIV
Personlege eigenskapar- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Strukturert, systematisk og med fokus på kvalitet
- Gode samarbeidsarbeids- og kommunikasjonsevner
- Interesse for problemløysing og feilsøking
SpråkVi tilbyr- Medverke til å forme IKT–løysingar for eit helsevesen i framtida
- Delta på spennande oppgåver innan lokale og regionale prosjekt
- Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid
- Løn etter avtale
- Medlemsskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar
Arbeidssted:Haukelandsbakken 30, 5021 Bergen
Kontaktinfo:Oddny Sønnesyn, Seksjonsleiar, (+47) 94864942
Nøkkelinformasjon:Annonsør: Helse Vest IKT
Ref. nr.: 2567113439
Stillingsbrøk: 100%
Fast
For elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]Søknadsfrist: 19.04.2015