Bjørgvin DPS er ein fagleg sjølvstendig klinikk i Divisjon Psykisk Helsevern, Haukeland universitetssjukehus. Senteret har ansvar for dei distriktspsykiatriske spesialisttenestene i bydelane Åsane og Arna i Bergen kommune, Osterøy kommune og kommunane i Nordhordland med til saman 71000 vaksne over 18 år. Samarbeid med kommunane, sjukehus og brukarorgnisasjonane er høgt prioritert.
Bjørgvin DPS er eit moderne lokalsjukehus med poliklinikk, ambulant verksemd, dag- og døgntilbod under felles fagleg leiing. Hovudbasen ligg på Tertnes i Åsane, men har i tillegg ein avdeling i Knarvik, Nordhordland. Til saman er det 165 årsverk. På Tertnes er det allmenn poliklinikk, rehabiliteringspoliklinikk og 4 døgnseksjonar.
Av spesielle tilbod i Bjørgvin DPS kan nemnast:
* Ein- og flerfamilietilbod for psykosepasientar
* Tilbod til unge nysjuke i samarbeid med sjukehusets avdeling ATP
* Prosjekt IPS, med tilsett jobbspesialist
* Tilbod til personar med sjølvskading (DBT-tilnærming)
* E-meistring
Vi har to musikkterapeutar som gjev individuell behandling og gruppebehandling.
Denne stillinga er plassert i Bjørgvin DPS, men er direkte knytta til oppfølgingsprosjektet MOT 82: MusikkOppfølgingsTilbod for menneske med psykisk liding. Dette er eit eit pilotprosjekt og eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Bergen, Bergen kommune og Universitetet i Bergen.
Musikktilbodet vil vere lokalisert ved U82, som er ein kulturverkstad for befolkninga i Åsane. Kulturverkstaden er open for vaksne på dagtid og ungdom på kveldstid, og inneheld m.a. øvingsbinge, studio, konsertsal, kafè og digital verkstad. Musikkterapitilbodet ved MOT 82 bygger på ei ressursorientert tilnærming som m.a. legg vekt på samarbeid, brukarmedverknad og tilfriskingsperspektiv. I tillegg understrekar ein behovet for ei økologisk samfunnsmusikkterapeutisk tenking som betonar samspelet mellom individ og samfunn. Alktuelle aktivitetar i musikkterapitilbodet vil vere bandsamspel, songskriving, improvisasjon, musikklytting og refleksjonar om musikk, trommesirkel eller kor. I tillegg vil det vere mogeleg å jobbe med studoinnspeling og konsertverksemd på U82.
Vi har ledig engasjement i 50% stilling i inntil 15 månader.
Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Ein spennande sjanse i eit nytt og framtidsretta område!
- Den som får stillinga har ansvar for å drive musikkterapitilbod ved MOT 82. Vedkommande vil vere tilsett i Bjørgvin DPS, men er fysisk plassert i U82, Myrdalskogen 39b. - eit fritidshus i Åsane bydel.
- Tilbodet vil vere retta mot ungdom og vaksne i opptaksområdet.
- Vi vil at menneske som har tilbod om musikkterapi i behandlinga skal få mogligheit for å halde fram i eit musikktikbod òg etter institusjonsopphald.
- Dette prosjektet er planlagt oppstart hausten 2015.
- Ved spørsmål om stillinga, kan du ringe Oddhild Lien eller Lars Tuastad.
Kvalifikasjonar- Må ha musikkterapiutdanning
- Erfaring frå samarbeid på tvers
Utdanningsretning- Utdanningstittel: Musikkterapeut
Utdanningsnivå- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Personlege eigenskapar- Utadvent
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Entusiastisk
- Initiativrik
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Tolmodig
- Samarbeidsvillig
Vi tilbyr- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
- Rettleiing og samarbeid med erfaren musikkterapeut.
Andre opplysningar- Reiseaktivitet: Ingen reiseverksemd
Arbeidssted:Myrdalskogen 39b, 5118 Ulset
Kontaktinfo:Oddhild Lien, avdelingssjef, 55957102/ 91861138,
oddhild.lien@helse-bergen.noLars Tuastad, musikkterapeut, 55957088/ 45488282,
Lars.tuastad@helse-bergen.noNøkkelinformasjon:Annonsør: Helse Bergen
Ref. nr.: 2695904473
Stillingsbrøk: 50%
Engasjement
Startdato: 01.10.2015
Sluttdato: 30.12.2016
Tal på stillingar: 1
For elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]Søknadsfrist: 09.08.2015
Adresse: 5119 ULSET