B-35 Pedagogisk leiar 60% vikar - Aksdal barnehage
Vikariat frå 01.10.15 - 14.08.16
Tysvær kommune eig og driv 9 barnehagar. Vi har fokus på kompetanseheving og kvalitet, og har etter kvart opparbeida oss eit høgt fagleg nivå. Tysvær kommune legg vekt på felles satsingsområde, samstundes som vi synest at det er viktig å ta vare på den einskilde barnehage sin særeigenskap. Vår visjon er Kjempekjekt.
Kommunen ønskjer at barnehagane skal representere eit mangfald av menneske og oppfordrar særskilt menn til å søkje.
Vi søkjer
Vi er på jakt etter deg som har lyst å vere med å utvikle barnehagane i Tysvær. Du har gode leiareigenskapar, er fagleg dyktig, positiv og interessert i å bidra til å auke kvaliteten i barnehagane ytterlegare. Du er kreativ, løysingsfokusert og åpen for nye utfordringar. For meir informasjon kan ein gå inn på barnehagen si heimeside.
Vi tilbyr
Hvis du blir med, kan vi tilby:
- ca. 50 % av dei tilsette er barnehagelærarar
- rettleiing av nytilsette barnehagelærarar
- et godt fagleg miljø med nettverksgrupper på ulike fagområde
- satsing på IKT og realfag
- prosjektarbeid
- et godt system på kompetanseheving
- gode arbeidsmiljø
- gode lønns og arbeidsvilkår
- velferdsordningar
Søknad sendes
Søkjarar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen si nettside: tysver.kommune.no.
Spørsmål kring korleis du søkjer kan rettast til Servicetorget på telefon: 52 75 70 00.
Vitnemål og attestar skal kun takast med til evt.intervju, og desse blir dessverre ikkje returnerte.
Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar begynner i stillinga ihht gjeldande lovverk. Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
Stillingtype: Vikar
Kontakter:
Anita Weltzien Dalaker, Styrer,anita-weltzien.dalaker@tysver.kommune.no, Mobil: 99 64 73 19, Arbeid: 52757800
For fullstendig utlysningstekst og elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]Søknadsfrist: 20.08.15
Adresse: 5570 AKSDAL