Jobbnorge ID: 120939
SOMMERJOBB OG RINGEVIKAR VED BJØRGVIN FENGSEL OG LYDERHORN OVERGANGSBOLIG
- Har du lyst til å jobbe i fengsel?
- Tenker du deg inn på fengselskulen?
Eller:
- Er du student og vil ha sommarjobb og/eller arbeid i helgene?
- Har du lang arbeidserfaring frå anna arbeid og ynskjer å ta enkeltvakter i fengselet?
Bjørgvin fengsel og Lyderhorn overgangsbolig er interessante arbeidsplassar med utfordrande arbeidsoppgåver og godt arbeidsmiljø. Kriminalomsorga arbeider i spenningsfeltet mellom omsorg og kontroll, grensesetjing og støtte. Dette stiller store krav til kompetanse og haldningar hos dei tilsette.
Alle ekstrabetjentar må gjennom ei omfattande og obligatorisk opplæring på nær 70 timar, herunder konflikthandsaming, samt opplæringsvakter på avdelingane. Du vil få lønn under opplæringa.
Kvalifikasjonar:
- vandel det ikkje er noe å utsetje på
- generell studiekompetanse
- god helse og fysikk - kunne gjennomføre ein fysisk funksjonstest
- personlege eigenskapar som gjer deg kvalifisert for teneste i kriminalomsorga
Kriminalomsorga si nettside:
http://www.krus.no/opptakskrav.5223812-307442.htmlLøn:
Løn etter statens regulativ stillingskode 1078 (betjent) LR 02. Frå løna vert trekt 2 % medlemsinnskot til statens pensjonskasse.
Anna:
Den statlege arbeidstyrken skal i størst mogeleg grad reflektere mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å ha eit personale med ei jamn fordeling av kjønn og alder og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.
Søknaden må innehalde opplysningar om tidlegare arbeidserfaring, og når du ynskjer å jobbe i sommar.
Stillinga har uniformsplikt.
Informasjon om stillinga:
Linda Solberg 1.betjent tjenestekontor: 55 25 12 96
Birthe Oe. Laksy 1.betjent: 55 25 12 66 / 40 02 19 10
Send søknaden elektronisk via jobbnorge.
Søknadsfrist: 12.februar 2016
Se annonsen og søk på stillingen
www.jobbnorge.noAdresse: Pb. 2444 Solheimsviken 5824 BERGEN
Web: http://www.kriminalomsorgen.no